Gå til innhold
Arkivverket

Anders Pederson Reffem «Revheim» (1685-1754) - sersjant ved lysterske compagnie - kvar kom han ifrå? - Helgeland eller Osterøy?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå 1700 til 1724 var Ole Andersson Engevik brukar i Engjevik. Han var òg soldat. Og brukarane (plassmennene) i Engjevikhamn/Engevikhavn heitte då Johannis Olson (Kråkevik) og Isach Villumson (Hatletveit).

Eigarane var då Knut Eide i Hålandsdalen og sønene til Gjert Mundheim i Strandebarm. Det var desse som selde garden til major Chr. Wilhelm Segelcke i 1723, han fekk skøyte i 1724. Garden Engjevik hadde opphaveleg vore krongods, men den pengelense majesteten i København, Friederik den 3.; måtte som kjent selgja nesten alt sitt krongods i Noreg på 1660-talet etter krigane med Sverige.

I 1729 fekk omtalte 'proprietair' Segelcke løyve til å ha vertshus- og herberge i Engjevikhamn.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Leif for nye interessante innlegg!

Er det slik å forstå at Engjevik IKKJE var handels- eller gjestgjevarstad før Segelcke kom dit på 1720-talet, so fell argumentet mitt litt «i fisk».  Òrsaki til at Anders flytte til Strajdvik på den tidi må altso søkjast på anna hald...

Kanskje er me heldige og finn han nemnd i eitt eller anna skifte, anten i Strandvik eller på Helgeland?  Men saki børjar minna meg om den berømte «nåli»...

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera opphavet til Anders Pederson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg trur helst dette skal tolkast som at Chr. Wilhelm Segelcke fekk seg  _kgl. bevilling_  til å driva eit gjestgjeveri og herberge i året 1729.

Dét utelukkar jo sjølvsagt ikkje at Engjevikhamn då kan ha vore både handelstad- og fiskerihamn i lang tid før Segelcke kjøpte garden.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn

Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.