Gå til innhold
Arkivverket

Ole Trondson og Anna Nilsdotter, leiglendingsfolk på Urnes - vigde i Hafslo 1788 - skal først ha butt i Feios, men kvar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Trondson (1760-1822) gifte seg i Hafslo 1788 med Anna Nilsdotter (1764-1808).  Båe var frå Urnes, Ole frå ein plass under garden og Anna frå eitt av hovudbruki.

 

Dei tok over som leiglendingsfolk etter foreldri hennar, men noko bygselsbrev har eg ikkje finne!  Derimot ser me at dei to eldste sønene deira:

 

* Hans Olson (1791-1878) https://media.digitalarkivet.no/view/1992/122

 

* Nils Olson (1793-1866) https://media.digitalarkivet.no/view/1992/131

 

båe døypte i Hafslo, vart ved FT1865 båe oppgjevne fødde i «Syrstrands» prestegjeld, d.v.s. i Leikanger:

 

* Hans Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002698

 

* Nils Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002694

 

og i eit skifte frå 1792 vert det opplyst at Ole og Anna var busette i FEIOS!

 

Dei to dåpsforretningane frå Hafslo gjev ingen tilvising til Feios, so for meg er det eit stort mysterium kva tilknytting denne huslyden hadde til Feios eller Leikanger!

 

Jon Laberg, fødd og oppvaksen på Urnes, skriv i den gamle bygdeboki for Hafslo at far hans Ole Trondson kom frå Leikanger, men utan noki nærare forklaring.  No syner det seg at faren Trond Aamundson kom frå Fretheim i Aurland, utan at det hjelper oss noko vidare...

 

Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg og til Ivar for eit kjapt svar på det same...

 

Men so er det eit godt spørsmål om bustaden hans der ute er mogeleg å finna...

 

Eg kan leggja til at sonen Hans var vidkjend som ein «kvakksalvar» som hjelpte for å lækja alle slag sår (mellom anna med årelating), ogso hjå dyr.  Til og med lækjarane tykte om kva Hans dreiv med (kjelde Jon Laberg).  Kanskje faren Ole Trondson hadde vore borti noko av det same og difor hadde opphalde seg i Feios?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sjekka siste ætteboka for Feios og så langt eg ser er det ingen der som passar. Men viss dei har budd i Feios ei kort tid, så er det ikkje sikkert dei er komne med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne Marie for siste innlegget!

 

Det ser heilt klart ut til at me ikkje kjem nokon veg med denne «plasseringi» av Ole Trondson i Feios, bortsett ifrå at han truleg hadde tilhaldet sitt på Fedje.  Men lenge kan han ikkje ha vore der, og dette med fødestadane til dei to sønene er ei skikkeleg «gåte»!

 

Førebels står spørsmålet som «uløyseleg», men eg takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.