Jump to content
Arkivverket

Gjertrud Andersdotter Syndbye, f. 1715/1720 - gift (som enkje) i Domkyrkja i Bergen i 1752 med Hans Jensson Bugge - kven var denne Gjertrud? - kanskje frå DANMARK?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av dette gamle emnet #10241 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/96150-10241-gjertrud-andersdt-sundby-f-1715-gift-bergen-med-knut-norenberg-kven-var-ho/?tab=comments#comment-789698

 

Gjertrud Andersdotter Syndbye, f. kring 1715/1720 - gifte seg som enkje i Domkyrkja i Bergen 24.1.1752 med styrmannen Hans Jensson Bugge: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000990733

 

Hans var fødd i Hafslo 16.8.1729 som son av storbonden, prestesonen Jens Samuelson Bugge på Urnes i Hafslo og kona Berthe Reiersdotter f. Urdahl.

 

Gjertrud vart gravlagd i Bergen 11.8.1768, og skiftet hennar vart halde same året under namnet Gjertrud Andersdotter Sundbye: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000042789

 

Her er første ekteskapet hennar i Krosskyrkja under namnet Gjertrud Andersdotter 14.6.1741 med enkjemannen Knut Hansson: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001010193

 

Her følgjer so borni etter Knut Hansson og Gjertrud Andersdotter:

 

* 11.03.1742 DK, Bergen: Birte: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006123692

 

* 13.09.1743 DK, Bergen: Marthe Kirstine: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006126025

 

* 09.07.1745 DK, Bergen: Andreas: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006128784

 

* 04.09.1746 DK, Bergen: Knut: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006130508

 

* 01.09.1748 DK, Bergen: Knut Hansen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006133316

 

Pussig nok står her ingen ættenamn nokon stad!

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for garden Urnes i Hafslo der Jens Hansson Bugge er omskriven:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Jensson Bugge, f. {i Hafslo} 16.8.1729,

Hans Bugge flytte i ung alder til Bergen der han 24.1.1752 gifte seg første gongen i Domkyrkja med enkja Gjertrud Andersdotter Sundby, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1715-1720?)

 

Ho gifte seg første gongen i Bergen 14.6.1741 med enkjemannen Knut Hansson frå Tippen i Eid, Nordfjord, i Bergen kjend som Knut Nordberg eller Norenberg.

 

¤¤¤¤¤ (sjekka denne namnebruken? - han heiter konsekvent berre Knut Hansson, men ved skiftet hans i 1748 står det Nordberg!)

 

Han var son av gardbrukar Hans Knutson på Tippen og den ukjende kona hans og var f. i Eid kring 1702, men vart gravlagd i Bergen 28.5.1748.  Gjertrud vart gravlagd i Bergen 11.8.1768, og Hans gifte seg som enkjemann att i Bergen 15.12.1768 med Emmiche Ottesen, opphavleg frå Bergen.  Ho var dotter av kjøpmann Otto Eriksen i Bergen og kona Emmiche Jansdotter Dischington frå Bergen og vart døypt i Bergen 25.3.1729.  Emmiche gifte seg første gongen i Bergen 13.5.1755 med enkjemannen Daniel Nilsson Danielsen frå Bergen.  Han var son av kjøpmann Nils Danielsen i Bergen og kona Susanna Marie Jacobsdotter von der Wida, òg frå Bergen, og døypt i Bergen 16.12.1726.  Daniel var kjøpmann og budde i Bergen der han vart gravlagd 17.10.1764.  Emmiche vart gravlagd i Bergen 15.10.1777, og Hans gifte seg tredje gongen i Bergen 22.11.1778 med Gjertrud Elisabeth Nilsdotter frå Bergen.  Ho var dotter av dragar Nils Thorsen i Bergen og kona Kirsten Einersdotter og vart døypt i Bergen 14.12.1749.  Hans Bugge tok til som styrmann, men tok i 1753 borgarskap som kjøpmann (høker) i Bergen.  Huslyden budde visstnok på Nøstet i Bergen, men flytte kring 1790 til Nordnes i Bergen der Hans d. 13.8.1797.  Siste kona Gjertrud vart visstnok gravlagd i Bergen 26.5.1813.  Hans Bugge fekk i alt ni born, to frå kvart av dei to første ekteskapi og fem frå det tredje, men me vil òg nemna ein steson til Hans, som første kona Gjertrud hadde frå første ekteskapet sitt:

a. Knut Knutson Norenberg (1748-1799), son av første kona Gjertrud og første mannen hennar, flytte attende til Sogn og hamna som gardbrukar på Rønnei i Luster (s.d.).

b. NN Hansson Bugge, f. i Bergen ?.6.1754, vart gravlagd i Bergen 9.8.1754.

c. NN Hansson Bugge, f. i Bergen kring 1757, vart gravlagd i Bergen 12.9.1763.

d. Gjertrud Birgitte Hansdotter Bugge, døypt i Bergen 29.7.1770, vart gravlagd i Bergen 9.9.1771.

e. Emmiche Birgitte Hansdotter Bugge, døypt i Bergen 29.7.1772, vart gravlagd i Bergen 13.4.1774.

f. Nils Randulf Hansson Bugge (1779-1834), vart visstnok gift med husmannsdotteri Kirsti Larsdotter frå Garshaugen under Nedreli i Jostedalen (1765-1850) (s.d.).

g. Birgitte Lovise Hansdotter Bugge, f. i Bergen 8.10.1781, vart gravlagd i Bergen 19.10.1786.

h. Emmiche Christine Hansdotter Bugge, f. i Bergen 30.9.1784, vart gravlagd i Bergen 21.10.1784.

i. Jens Christian Hansson Bugge, f. i Bergen 18.10.1785, vart gravlagd i Bergen 1.1.1790.

j. Jens Christian Hansson Bugge, f. i Bergen 12.11.1791, d. i Bergen 7.11.1859.  Jens var dagarbeidar og sidan almisselem i Bergen der han budde levetidi ut, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

I det gamle emnet frå 2002 vart drøfta ulike teoriar kring opphavet til Gjertrud:

 

* Samanhang med kapellan til Lindås, sidan sokneprest til Aurland, Otto Sundby frå Danmark.  Om han skriv Knut Bryn følgjande: «Otto SUNDBY var født ca. 1701 og deponerte fra Ålborg skole i 1723. Det betyr vel kanskje at Sundby-navnet enten kommer fra Sundby sogn på Mors i Limfjorden eller kanskje fra Sundby like nord for Ålborg (Nørresundby eller vel i dag en del av Ålborg by).»

 

* Knut Bryn syner ogso til ei bok skriven av ein Bondesen (kva bok er det?), og der vert Gjertrud referert til som Gjertrud Andersdotter BRUCHER, men eg har aldri sett ho nemnd i orignale kjelder under dette namnet!?

 

Eg vonar det omsider kan òpnast opp for ei løysing når det gjeld opphavet til Gjertrud Andersdotter seg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Kanskje kan ein eller annan finna skiftet hennar frå 1768.  Kanskje det der kjem fram nye opplysningar?

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
Posted (edited)
18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Gjertrud vart gravlagd i Bergen 11.8.1768, og skiftet hennar vart halde same året under namnet Gjertrud Andersdotter Sundbye: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000042789

 

Bergen fylke, Bergen, Annen skifteprotokoll nr. 10.1 (1731-1740), Protokollside, Side 160
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk50002180800160 
URN:NBN:no-a1450-sk50002180800160.jpglenke:

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Det er særleg spennande å slå fast at dette SYNDBYE-namnet tydeleg hadde ein klar samanhang med Gjertrud, og ser me på dei ættene som borni hennar gifte seg inn i, trur eg ikkje ho har vore noki «kven som helst»!

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om slekti til presten Otto Sundby og den danske bakgrunnen hans?

 

Elles kunne det vore interessant å sjå om Sundby-namnet ogso finst i sjølve originalskiftet frå 1768?  Eller har Sollied føyd det til i ettertid basert på andre kjelder, som til dømes vigsli hennar med Hans Jensson Bugge?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Inge for «linken» til skiftet frå 1768!

 

Eg har no «skumma» meg igjennom dette skiftet, og jamen var det mange eignelutar, mykje stoff og lerret o.l., men ingen stadar i skiftet finn eg SYNDBYE-namnet nemnt, so det er nok eit spørsmål om ikkje den godaste Sollied har «juksa» litt med attgjevingi av skiftet?

 

Her er forresten borgarskapet til Knut Hansson (Nordberg) som høkar i Bergen, fødd i Nordfjord: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000022349

 

Eg finn ikkje nokon referanse til skiftet hans frå 1748, men kanskje einkvan greier det?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Den andre datteren er gift med Jon Baade. I 1769 har kjøpmann Johan Baade og Bergithe Lemmiche datteren Anne Cathrine Heimeraad til dåpen i DK i Bergen. Blant fadderne finner jeg Emmiche Ottesd Bugges: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005901064

 


             
1 barn Anne Cathrine Heimeraad        
2 far Johan Baade kiøbmand      
3 mor Birgithe Lemmiche        
4 fadder Emmiche Ottesdat Bugges        
5 fadder Anna Beata Smith        
6 fadder Engel Svane        
7 fadder William Farquahr        
8 fadder Preben Hansen Prebent    

 

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
Posted (edited)
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Nå ser jeg at Knud Norenberg Lemmichen er fadder ved dåpen Gietrud Bugge i 1771, datter av Johan Baade og Bergithe Lemmichen:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005903054

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1771, Side 152-153
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306650443 
 

Tilhørende personer:

 
             
1 barn Giertrud Bugge        
2 far Johan Baade kiøbmand      
3 mor Bergithe Lemmichen        
4 fadder Nille afg Niels Tornebyes        
5 fadder Regina Dischingthun        
6 fadder Anne Carine Tornebye        
7 fadder Christopher Garman        
8 fadder Knud Norenberg Lemmichen
Link to post
Share on other sites
Rune Thorstensen
1 time siden, Grethe Flood skrev:

Knut Hansson (Tippen) var først gift med Birthe Isachsdtr. Lemmichen, datter av Isach Hansen Lemmichen og Lene Jacobsdtr. Så det er nok derfra Lemmichen navnet kommer. De fikk så vidt jeg vet kun en sønn Hans i 1736 (Birthe døde i 1739). Denne sønnen slo seg ned på Sunnmøre et sted.

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
7 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Knut Hansson (Tippen) var først gift med Birthe Isachsdtr. Lemmichen, datter av Isach Hansen Lemmichen og Lene Jacobsdtr. Så det er nok derfra Lemmichen navnet kommer. De fikk så vidt jeg vet kun en sønn Hans i 1736 (Birthe døde i 1739). Denne sønnen slo seg ned på Sunnmøre et sted.

 

https://www.geni.com/people/Brita-Lemmichen/6000000024028335567

 

 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Rune for nye utfordrande og spennande innlegg om denne huslyden!

 

Når me kjem ned på sonen Knut Norenberg 1748-1799, so er han ein av mine eigne stamfedrer, og eg jobba med denne ætti alt kring 1970 under utforskingi av forfedrene mine.  Alt den gongen forundra eg meg over bruken av LEMMICHEN-namnet mellom borni til Knut Hansson (Nordberg/Norenberg) og Gjertrud Andersdotter Syndbye.  Det var jo «berre» første kona til Knut Hansson frå Nordfjord som heitte Bertha Isaksdotter Lemmichen, so at eldste dotteri Bertha gift Baade kunne heita Lemmichen som oppkalling etter første kona hans Knut, er ikkje uromeleg, men at måde Marftha Kirstine og Knut òg er nemnde med dette nammnet, ligg over min forstand!  Kan det tenkjast at dei vart oppalne hjå ein Lemmichen?

 

Her er Knut som konfirmant i 1765 under namnet Knut BUGGE: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000436934

 

Søstrene hans vart nok konfirmerte før konfirmasjonslistene for Domkyrkja tek til i 1763...

 

Elles ser eg at Rune har ein spennande detalj om Hans Knutson, sonen frå første ekteskapet, at han skal ha butt på SUNNMØRE!  Har du ei kjeldetilvising på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Rune Thorstensen
Posted (edited)

Hei Lars.

 

Jeg må tilstå at jeg i farten ikke husker hvor den opplysningen om Sunnmøre kom fra. Det kan ha vært fra et skifte. Sannsynligvis stammer opplysningen fra  ett av temaene om slekten Lemmichen som har vært oppe her tidligere. Jeg skal grave litt å se om jeg kan finne tilbake til det.

 

Det er her opplysningen om Hans Knutsson stammer fra. https://media.digitalarkivet.no/sk20081111640112

 

Se omlag midt på venstre side, høyre kolonne. " III Birthe Lemmichens sønn, Hans Knudsen paa Sundmør"

Edited by Rune Thorstensen
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
Posted (edited)
På 22.5.2020 den 1.12, Lars E. Øyane skrev:

* Knut Bryn syner ogso til ei bok skriven av ein Bondesen (kva bok er det?), og der vert Gjertrud referert til som Gjertrud Andersdotter BRUCHER, men eg har aldri sett ho nemnd i orignale kjelder under dette namnet!?

 

Jeg tror det er denne boka Knut Bryn viser til, Lars - jeg finner på Nasjonalbiblioteket. Men jeg kan ikke se at den digitalisert på Bokhylla:

Publisert:
xx# : Dreyer, 1891
Omfang:
217 s.
 
På nettsidene til Arkivverket - Bibliotek, hvor det finnes en felles søkbar biblotekbase (Riksarkivet og statsarkivene), ser jeg at boka er tilgjengelig i ulike biblioteker i Arkivverket, blant annet i Riksarkivet. 
 
Det ligger noe slektssider ute på nettet hvor Gjertrud Andersdatter Brucher er nevnt. Men på en av slektssidene ser det ut som Hans Jensen Bugges kone omtalt som Gjertrud Elisabeth Brucher:
 
Jeg kan ellers dessverre ikke bidra med noe mer...!
Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det var svært kjekt å få på plass denne kjelda for at Hans Knutson budde på Sunnmøre i 1750.  Men om han budde der so tidleg som det, må han ha vorte oppfostra hjå ein eller annan der oppe, og då er det neste spørsmålet naturleg:  Kjenner ein til om nokon av søskeni til mori, Bertha Isaksdotter Lemmichen, flytte til Sunnmøre og i so fall kvar på Sunnmøre vedkommande budde?

 

Elles hadde det vore svært so spennande om skiftet etter Knut Hansson (Nordberg) frå 1748 kunne finnast att, for å sjå kva som står der om sonen Hans?

 

Når eg no les om Gjertrud Elisabeth Brucher, hugsar eg at eg las om dette då eg først jobba med denne slekti for 50 år sidan, og eg skjønte ikkje «bêret» korleis Gjertrud hadde fått eit slikt namn!  Var det rett og slett datidas genealogar som «pynta på namni», alt «etter smak og behag»?

 

Eg trur meir på ei oppfølgjing av den danskfødde presten Otto Sundby...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Rune Thorstensen

Jeg har ikke noe umiddelbart svar på hvorfor Hans Knutsson befant seg på Sunnmøre i 1750.

Det er i alle fall ingen av Birthes søsken som holdt til der. Ikke såvidt jeg vet. Broren Isach og søsteren Dorthea døde begge på Ousnes i Nordfjord, mens broren Jacob døde i Bergen i 1756.

 

Nå var det ikke lange stykke fra Eid til Sunnmøre, så det ville vel kanskje ikke være helt utenkelig at han var i tjeneste hos noen  bekjente av familien.

Det må nok graves noe dypere om man skal finne svar på spørsmålet ditt Lars, men finner jeg noe skal jeg la høre fra  meg.

Håper ellers at du har det bra.

Link to post
Share on other sites
Karsten Damén
Posted (edited)
Quote

Når eg no les om Gjertrud Elisabeth Brucher, hugsar eg at eg las om dette då eg først jobba med denne slekti for 50 år sidan, og eg skjønte ikkje «bêret» korleis Gjertrud hadde fått eit slikt namn!  Var det rett og slett datidas genealogar som «pynta på namni», alt «etter smak og behag»?

 

Navnet Brucher stammer tilsyneladende fra "Slægten Bugge i Danmark og Norge".

 

Kan ses på dette link (p. 55)

http://www5.kb.dk/e-mat/dod/130004831412_bw.pdf

Hans Bugge.jpg

Edited by Karsten Damén
Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

Her er noen avisartikler uten at det virker som de innholder så mye nytt.

Bergen adresse....17 nov. 1777

image.png.741aa2825c187a9cbc3c70b2537b7099.png

image.png.398304b03fcf08a4ee0b781310a5ac42.png

 


 

 

 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
Posted (edited)

Otto Sundbye

16. februar 1787 - De til Forsendelse med Posten allene privilegerede Kiøbenhavnske Tidender

 

image.png.1db21d92ce68e43acf64746893c08d32.png

Edited by Ivar Moe
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune, Karsten, Ivar og Inge for nye spennande innlegg!

 

Eg set store pris på at me no får samla alle «elementi» i denne huslyden for å freista komma vidare.  Opphavet til Knut Hansson (Nordberg/Norenberg) er vel kjent, sjølv om me enno ikkje har greidd å finna ut kven mori var.  Men dei store utfordringane er framleis knytte til:

 

* Opphavet til Gjertrud Andersdotter Syndbye?  Slektning av presten Otto Sundby?

 

* Lagnaden til Hans Knutson på Sunnmøre?

 

Eg takkar på ny for alle freistnadar på å løysa desse flokene!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Karsten Damén
Posted (edited)

Angående slægtsnavnet "Brügger"

 

Se Lassens samlinger:
https://media.digitalarkivet.no/view/40129/101

 

Vagtmester i Bergen Andreas Brügger, først på siden, er andetsteds nævnt i en dom som havende 5 børn.  (det var vist noget med et drab/en duel ?). Dette efter min ringe hukommelse.

Bemærk at sønnen Hans Andreas(søn?) Brügger ved sin død i 1793 boede på gården "Sundsby" i Lindaas.  
Et tilfælde?

 

Jeg har ikke undersøgt dette nærmere, men måske kan det tjene som inspiration for en mere kyndig person herinde?

 

mvh
Karsten

 

 

EDIT:

 

Kan se nu at denne slægt har været drøftet før:

 

 

 

Edited by Karsten Damén
  • Like 2
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Karsten for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg har studert opplysningane frå Lassen og frå emnet frå 2012, og spørsmålet er jo om Gjertrud Andersdotter kan vera ei dotter av Andreas Andreasson Brügger.  I første omgong stiller eg meg nok noko tvilande til dette, særleg fordi Gjertrud i kjende kjelder frå Bergen ALDRI nyttar namnet Brügger eller Brucher...  Og eg finn ingen «kandidatar» til «vår» Gjertrud mellom fødde i Bergen...

 

MEN, eg vil ha denne Brügger-ætti i tankane om noko meir handfast skulle dukka opp!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.