Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jens Olsen, fødd i Hafslo 1830, levde i Gamvik i Finnmark 1910 - dødsfallet hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei oppfølgjing av tema: https://forum.arkivverket.no/topic/171947-jans-olson-og-else-sophie-hansdotter-brox-vigde-i-gamvik-1859-fødselsdatoen-hennar-og-dødsfalli-deira/?tab=comments#comment-1470627

der eg no i manuskriptet mitt berre manglar ein einaste detalj:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Jens Olsen?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Olson {Krogen/Sagen}, f. {i Hafslo} 19.7.1830,

Jens Olsen flytte i ung alder til Finnmark og gifte seg i Gamvik, Tana 13.8.1859 med Else Sophie Hansdotter Brox frå Gamvik.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Hans Petter Broxson i Gamvik, kjend som Hans Petter Brox, opphavleg frå Gammelheim i Tranøy, og kona Gurine Evensdotter frå Gamvik og f. i Gamvik 9.5.1839.  Jens var sjølveigar og fiskar, og han og Else budde i Gamvik, men flytte i 1890-åri inn hjå dotteri Josefine på Olpersanæs i Gamvik der Else d. 21.11.1912.  Jens Olsen d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

Dei fekk ti born i lag:

a. Anne Elisabeth Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 15.8.1861, d. i Gamvik 25.10.1862.

b. Hans Petter Brox Jensson Olsen, f. i Gamvik 1.10.1863, d. i Gamvik 16.6.1866.

c. Josefine Juliane Lovise Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 5.1.1866, d. som enkje i Gamvik 1.11.1933.  Josefine gifte seg i Gamvik 14.8.1887 med Johan Ødegaard Hansson Svendsen frå Rørvik i Bodø, f. i Bodø 5.3.1855.  Han d. som fiskar i Gamvik 28.11.1918.  Johan var fiskar og seglmakar, og han og Josefine busette seg på Olpersanæs i Gamvik.  Dei fekk seks born i lag.

d. Jens Martin Olai Jensson Olsen, f. i Gamvik 10.4.1869, d. i Gamvik 24.1.1870.

e. Jensine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 24.1.1871, d. i Gamvik 29.1.1871.

f. Gerhard Martin Hilbert Jensson Olsen, f. i Gamvik 12.10.1872, d. i Gamvik 27.7.1875.

g. Anne Sophie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 30.3.1875, d. i Gamvik 24.7.1875.

h. Oline Kristine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 2.9.1876, d. som enkje i Gamvik 6.2.1953.  Oline gifte seg i Gamvik 7.9.1899 med Hartvig Olai Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 1.8.1871.  Han d. som fiskar i Gamvik 20.3.1944.  Hartvig var fiskar, og han og Oline budde i Gamvik.  Dei fekk seks born i lag.

i. Vilhelmine Kristiane Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 27.2.1879, d. i Gamvik 21.5.1880.

j. Hilda Marie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 12.6.1881, d. som enkje i Gamvik 24.6.1957.  Ho gifte seg i Gamvik  20.5.1900 med Johan Martin Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 3.4.1878.  Han d. som kyrkjetenar i Gamvik 5.12.1916.  Johan var fiskar og sidan kyrkjetenar, og han og Hilda budde òg i Gamvik.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har vore på leiting etter dette dødsfallet fleire gongar, og ogso det lokale prestekontoret i Gamvik leitte for mange år sidan etter dette dødsfallet, men utan resultat!

 

For ordens skyld; her er huslyden i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036986004093

 

Eg ville sett stor pris på om nokon greier å avsløra dødsfallet og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen

Dette må være konens dødsfall i 1912, selv om hun går under navnet Else Marie her (ikke Else Sophie):

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002190274

 

og 

 

SATØ, Tana sokneprestkontor, H/Ha/L0008kirke: Ministerialbok nr. 8, 1908-1920, s. 124
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050216031000
 

 

Dette betyr at Jens var i live i 1912 i alle fall.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Frank Marton for eit godt innlegg!

 

Jau, me veit då at Jens Olsen levde i 1912, og han var då ein mann på 82 år.  Kor lenge kan han ha levd etter den tid?  Flytte han eventuelt frå bygdi?  Det høyrest usannsynleg ut, for dei borni hans som voks opp, vart alle buande i Gamvik!

 

Eit skikkeleg mysterium...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å finna lagnaden til Jens Olsen!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.