Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arne Sørheim alias Arnt Søhring (1826-1897) - bokhandlar i Trondheim - gift med Jetta Christine Qværndrup - til Luster - kone og born til Amerika - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Odelsguten Arne Thomasson frå storgarden Sørheim i Luster var tydeleg lite «hugen» på gardsbruk.  Han flytte til Trondheim der han gifte seg med dotteri til ein dansk skodespelar, Jetta Christina Qværndrup.  Ei tid var Arne bokhandlar i Trondheim, og sidan var han grossist, men kva som so skjedde, veit me lite om.  Truleg flytte heile huslyden til Luster, men Jetta skal snart ha forsvinne til Amerika, og nokre år etter drog òg dei to attlevande borni over havet, medan Arne vart att åleine....

 

Eg har sidan 1980-talet spekulert på lagnaden til denne huslyden, men har so langt ikkje hatt hell med meg.  Kanskje er tidi no kommi til å få svar på ein del av desse spørsmåli?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Otteson Sørheim, opphavleg frå Sørheim (bnr. 2), var f. {i Luster} 1.3.1826.  Som me har sett under bnr. 2 ovanfor, fekk Arne alt i 1844 skøyte hjå far sin på heimebruket her på Sørheim, men han selde det att til broren Thomas i to luter i 1857 og 1858.  Han gifte seg i Trondheim 7.4.1861 med Jetta Christine Chris­tiansdotter Qværndrup frå Trondheim.  Ho var dotter av skodespelar Christian Qværndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger

 

     ##### (fleire detaljar om foreldri?)

 

     og f. i Trondheim 8.3.1840.

Arne Sørheim fekk i 1859 attest hjå soknepresten for å flytta til Trondheim, og der tok han namnet Arnt Søhring.  Han var ei tid bokhandlar i Trondheim, men starta sidan opp med grossistforret­ning same stad, og huslyden budde i Kongens gate i Trondheim fram til kring 1869.

Kring 1869 flytte Arne og visstnok òg Jetta

 

##### (sjekka om ogso ho flytte attende?)

 

attende hit til Luster, og på same tidi busette dei seg i denne stova her på heimebruket hans på Sørheim som etter han fekk namnet «Gaml-Arnestova» (Arne Otteson gjekk nok under namnet «Gaml-Arne» i motsetnad til brorsonen Arne Thomasson som i 1880-åri tok over heimebruket på Sørheim, sjå under bnr. 2).  Denne stova, som opphavleg skal ha vore oppsett på Farnes i Årdal i 1721 i tilknyting til koparverket der, vart visstnok kjøpt og flytt til Sørheim alt kring 1800 eller like før, og vart truleg nytta som kårstove på garden her fram til Arne og Jetta fekk hand om ho kring 1869.

Jetta Sorum(?)

 

##### (amerikansk namn?)

 

utvandra visstnok til Amerika alt kring 1872,

 

##### (sjekka denne utvandringi? – kva med lagnaden hennar i Amerika??)

 

Arne Sørheim vart sjuk om lag på same tidi, og han vart sidan buande her i Gamle-Arnestova som legdelem til han d. på Sørheim 26.4.1897.  Etter den tid vart stova ståande tom i mange år til ho i 1953 vart flytt attende til Årdal og oppsett på heiders­plass.  Me kan elles leggja til at Arne vart understøtta av fattigkassa i Trondheim sjølv etter at han flytte attende hit til Luster.  Me veit om tre born etter Arne og Jetta Sørheim:

 

##### (kan dei ha hatt fleire born?)

 

 1. Oluf Christian Arneson Sørheim, f. i Trondheim 22.8.1861, kom til Luster med foreldri kring 1869, men d. på Sørheim alt 6.5.1870.

 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks dels opp her.

Thomas Sorum(?)

 

##### (amerikansk namn?)

 

utvandra til Amerika i 1880,

 

##### (lagnaden hans i Amerika?)

 

 3. Sophia Marie Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 18.5.­1865, flytte truleg òg til Luster med foreldri kring 1869, men fekk ikkje innflyttingsattest til Luster før i 1875.  Ho voks òg dels opp her på Sørheim.

I 1880 utvandra også Sophie Sorum(?)

 

##### (amerikansk namn?)

 

til Amerika,

 

##### (lagnaden hennar i Amerika?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (kan dei ha hatt fleire born?)

 

Inga Mathilde Charlotte f. 26. januar 1868 - NR 25 - Sør-Trøndelag fylke, Domkirken i Trondheim, Ministerialbok nr. 601A22 (1866-1877), Fødte og døpte 1868, Side 33, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050613010615

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Ho var dotter av skodespelar Christian Qværndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger

 

 

 

     ##### (fleire detaljar om foreldri?)

 

 

 

     og f. i Trondheim 8.3.1840.

 

Legger inn lenke til Jette Christine, NR. 23 - Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue i Trondheim, Ministerialbok nr. 602A08 (1840-1854), Fødte og døpte 1840, Side 3, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050610020149

 

Kan dette være en bror av Christian Qverndrup?

 

Biografisk skuespillerleksikon : norske, danske og svenske skuespillere på norske scener særlig på 1800-tallet, side 137

Forfatter: Jensson, Liv - Publisert: Universitetsforl., 1981 - https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013042906062

Biografisk skuespillerleksikon - norske, danske og svenske skuespillere på norske scener særlig på 1800-tallet, side 137.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for fleire spennande og utfordrande innlegg om denne huslyden!

 

Eg vil gjerne få leggja til følgjande:

 

Dei to borni Thomas Johan og Maria Sofie(!) var i 1875 busette hjå eit søskenbarn på Flahammar: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052308003040

 

Her er Arne sjølv busett på Sørheim, gift, men åleine: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052308002490

 

Alle tre hadde støtte hjå fattigvesenet i Trondheim!

 

Elles ser eg at dotteri Anna Mathilde Charlotte Søhring døydde i Trondheim alt 20.1.1869: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000681691

 

Jette ser eg ikkje noko til i FT1875!!

 

Thomas og søsteri er båe kalla Fladhammer på passasjerlista i Bergen 1880 - ser ut til å vera reiste åleine, 17 og 14 år gamle(!)

 

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000661913

 

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000661912

 

Kan det tenkjast at fattigvesenet i Trondheim sit med fleire opplysningar om denne huslyden?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har i dag oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden med dei nye opplysningane som Egil kom med i går.  Eg har leitt vidare i amerikanske kjelder etter fleire opplysningar om Jetta og dei to borni, men står framleis utan resultat!

 

Manuskriptet som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~ Etter kjempefine funn av Anne og Lars J. er dette manuskriptet no oppdatert og erstatta av eit nytt i innlegg #11 under

 

Eg held fingrer og tær krossa og vonar at nokon kan fleire opplysningar om amerikafararane i denne huslyden litt utanom det «vanlege»...

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Legger inn  dødfallet til denne Marie Sophie Miller i Los Angles 1928. Hun er født i Norge 18/5 1865, far Hammer , mor Christina Holt

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89SX-SBMT?i=1100&cc=2001287

Census 1920

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MH74-JSK

 

Census 1900 i Nebraska

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M3BN-2NM

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks opp hjå skyldfolk på Flahammar.

 

Thomas Sorum(?)

 

 

 

##### (amerikansk namn?)

 

 

 

utvandra til Amerika i 1880,

 

 

 

##### (lagnaden hans i Amerika?)

Vielse i Washington 16.mai 1904 med Christine Clausen, 25 år https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9CT-1CWH?i=112&cc=1534448&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQP9S-953P

 

Thomas John Hammer døde i California 24. februar 1919 https://www.findagrave.com/memorial/3528907

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-CS1J-XH6P-J?cc=2968245&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQPRT-96PB

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
Lars E. Øyane

No vart eg skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Anne og Lars J. som har oppdaga lagnadane til Thomas og Marie i Amerika.  Det må ein kalla ein «fulltreffar».  So dei nytta altso namnet HAMMER i Amerika, tydeleg ei avstutting av Fladhammer.

 

Eg har no jobba litt meir med desse funni og har greidd å finna litt meir:

 

* Her er eit online family tree for huslyden til Ananias Clauson Bergfjord på Lindås som syner seg vera far til Christine Clausen, men opphavet til Thomas Hammer har eigaren ikkje greidd å finna ut av...: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/90305648/person/82010898641/facts

 

* Eg har ogso finne Carl J. Miller i FT1910 og FT1930, då han var enkjemann i Inglewood, CA.

 

* Eg ser forresten at Carl og Marie hadde ei to år gamal jente buande hjå seg i 1900, og ho var framleis hjå dei i 1910.  Carl og Marie var barnlause, men kanskje dei har teke til seg denne jenta som ei fosterdotter?

 

* MEN, eg har ikkje greidd å finna Thomas Hammer i FT1910 - kanskje er det han som i 1900 var bartender i Pueblo, CO: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=7602&h=6858668&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20932&_phstart=successSource

 

* OG, er det mogeleg å identifisera Carl Miller?

 

* EIT STORT SPØRSMÅL er no likevel kvar det vart av mori, Jetta Christine.  Eg ser ho er kalla Christina HOLT i dødsattesten hennar Marie, medan ho i vigselsattesten til Thomas har eit heilt anna namn, men kva for eitt??  Kristine VDRNES??  Holt kjem tydeleg frå mor hennar, men kva med Vdrnes??

 

Det har vore ei stor glede for meg å oppdatera dette manuskriptet i kveld, og slik ser det ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Otteson Sørheim, opphavleg frå Sørheim (bnr. 2), var f. 1.3.1826.  Som me har sett under bnr. 2 ovanfor, fekk Arne alt i 1844 skøyte hjå far sin på heimebruket her på Sørheim, men han selde det att til broren Thomas i to luter i 1857 og 1858.  Han gifte seg i Trondheim 7.4.1861 med Jetta Christine Chris­tiansdotter Qverndrup frå Trondheim.  Ho var dotter av skodespelar Nils Christian, kjend som Christian Nilsson Qverndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger og f. i Trondheim 8.3.1840.

Arne Sørheim fekk i 1859 attest hjå soknepresten for å flytta til Trondheim, og der tok han namnet Arnt Søhring.  Han var ei tid bokhandlar i Trondheim, men starta sidan opp med grossistforret­ning same stad, og huslyden budde i Kongens gate i Trondheim fram til kring 1869.

Kring 1869 flytte Arne og visstnok òg Jetta

 

##### (sjekka om ogso ho flytte attende?)

 

attende hit til Luster, og på same tidi busette dei seg i denne stova her på heimebruket hans på Sørheim som etter han fekk namnet «Gaml-Arnestova» (Arne Otteson gjekk nok under namnet «Gaml-Arne» i motsetnad til brorsonen Arne Thomasson som i 1880-åri tok over heimebruket på Sørheim, sjå under bnr. 2).  Denne stova, som opphavleg skal ha vore oppsett på Farnes i Årdal i 1721 i tilknyting til koparverket der, vart visstnok kjøpt og flytt til Sørheim alt kring 1800 eller like før, og vart truleg nytta som kårstove på garden her fram til Arne og Jetta fekk hand om ho kring 1869.

Christine Sorum(?)

 

##### (amerikansk namn?)

 

utvandra visstnok til Amerika alt kring 1872,

 

##### (sjekka denne utvandringi? – kva med lagnaden hennar i Amerika??)

 

Arne Sørheim vart sjuk om lag på same tidi, og han vart sidan buande her i Gamle-Arnestova som legdelem til han d. på Sørheim 26.4.1897.  Etter den tid vart stova ståande tom i mange år til ho i 1953 vart flytt attende til Årdal og oppsett på heiders­plass.  Me kan elles leggja til at Arne vart understøtta av fattigkassa i Trondheim sjølv etter at han flytte attende hit til Luster.  Arne og Jetta fekk fire born i lag:

 1. Oluf Christian Arneson Sørheim, f. i Trondheim 22.8.1861, kom til Luster med foreldri kring 1869, men d. på Sørheim alt 6.5.1870.

 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks opp hjå skyldfolk på Flahammar.

Thomas Hammer utvandra til Amerika i 1880 og

 

##### (early life in America? – 1900 ugift bartender i Pueblo, CO?)

 

men gifte seg i Everett, Wash. 16.5.1904 med Kristina Ananiasdotter frå Bergfjord på Lindås, i Amerika kjend som Christine Clausen.  Ho var dotter av gardbrukar Ananias Clausson på Bergfjord, opphavleg frå Mellingen, og kona Kari Christiansdotter frå Bergfjord og f. på Lindås 7.12.1878, men utvandra til Amerika i 1897.  Thomas var

 

##### (yrke og bustad? – 1904: clerk Seattle, WA – later?)

 

og d. i San Francisco, Cal. 24.2.1919.  Christine Hammer livnærte seg sidan som hushaldar («housekeeper») og d. same staden 9.12.1971.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Christin Hammer, f. i Solano Co., Cal. 26.10.1906, d. i Solano Co., Cal. 30.10.1906.

b. Thelma I.

 

     ##### (middle name?)

 

     Hammer, f. i San Francisco, Cal. 20.7.1909, d. i San Mateo, Cal. 3.5.1999.  Ho gifte seg første gongen

 

     ##### (date and place of her 1st marriage? – 1929?)

 

     med Joseph

 

     ##### (middle name?)

 

     White, f. i Silver Bow Co., Mont. 12.3.1905.  Joseph White var metallarbeidar («sheet metal worker»), men d. i King City, Cal. 28.9.1933, og Thelma gifte seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – after 1940)

 

     med Chris Lester Wunder, f. i Adair Co., Ia. 1.5.1897.  Han d. i Burlingame, Cal. 20.12.1977. 

 

     ##### (yrke og bustad? – Thelma var butikkdame – saleslady - i 1940!)

 

     Thelma fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 3. Sophia Marie, kjend som Maria Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 18.5.­1865, flytte truleg òg til Luster med foreldri kring 1869, men fekk ikkje innflyttingsattest til Luster før i 1875.  Ho voks òg opp hjå skyldfolk på Flahammar.

I 1880 utvandra også Marie Hammer til Amerika, og ho gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – 1884/1885)

 

med

 

##### (svensk namn på mann hennar og opphavet hans?)

 

i Amerika kjend som Carl J. Miller.  Han var son av

 

##### (foreldri hans, yrke, bustad og opphav?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – nov. 1856!)

 

men utvandra til Amerika i 1879.

 

##### (sjekka utvandringsåret?)

 

Carl Miller var gravstøttehandlar («tombstone dealer»), og han og Marie budde i Hastings, Adams Co., Neb., men flytte i 1918 som pensjonistar til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Frå 1924 budde dei i Inglewood, Los Angeles Co., Cal. der ho d. 9.7.1928.  Carl Miller d.

 

##### (date and place of his death? – Marie bur. Hastings, NE)

 

Dei var barnlause., men ser ut tgil å ha teke til seg ei fosterdotter:

a. Leona

 

     ##### (middle name?)

 

     Ballard,

 

     ##### (fødd Iowa des. 1890 og budde hjå Marie og Carl 1900 og 1910! – info? – kan det vera denne: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/106623831/person/110155710076/facts?_phsrc=Nzx20934&_phstart=successSource

 

 4. Inga Mathilde Charlotte Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 26.1.1868, d. i Trondheim 20.1.1869.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.