Gå til innhold
Arkivverket

Iver Christenson Lerum (1837-1911) - frå Luster til Wisconsin og Minnesota - manglande detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Iver Christenson Lerum frå Luster har lege på teiknebrettet hjå meg i over 35 år.  Dei fleste opplysningane har eg fått tak i, mykje gjennom etterkomarar, men nokre av borni etter Iver har skapt ein del «hovudbry», og no vonar eg at nokon av desse kan komma «på plass»?  Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

William T Johnstone f. 22. mai 1850 i Canada:

https://www.findagrave.com/memorial/18848977

 

Fra Ancestry:

Name: William T Johnstone

Death Age:83

Record Type: Burial

Birth Date:1850

Birth Place: Sydenham Canada

Death Date:23 Aug 1933

Burial Date:26 Aug 1933

Burial Place:Forest Mound Cemetery

Spouse: Carrie Larumin

Church  Name:Immanuel

Church Location: Waupun, Wisconsin

 

Et familietre på Ancestry: vielse mellom Carrie Iversdatter Lerum og William  Telford Johnstone 2. juli  1891 men ingen oppl om hvor vielsen fant sted.

Census 1900 har også vielse 1891.

 

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Edward Lerum, f. i Buffalo Co., Wis. 13.7.1875, d. i Crookston, Minn. 12.6.1934.  Han gifte seg i Polk Co., Minn. 7.8.1898 med Anna Bradshaw.  Ho var f. i

     ##### (Duka Fahlen, Austerrike 29.11.1873 – utvandra? – family tree calls her Anna Elizabeth Casper, born in Vienna Nov. 29, 1874!)

     og d. i Crookston, Minn. 20.6.1946.  Edward Lerum var snikkar («carpenter»), og huslyden budde i Crookston, Polk Co., Minn.  Edward og Anna fekk tre døtrer i lag.

 

https://www.findagrave.com/memorial/49540445/edward-iverson-lerum

Edward Iverson Lerum

BIRTH 13 Jul 1875
DEATH 12 Jun 1934 (aged 58)
BURIAL Crookston, Polk County, Minnesota, USA
PLOT E, Lot 19, Grave 3
MEMORIAL ID 49540445 · View Source
Spouse

Anna Kasper Lerum

18741946

Children
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Grethe Flood skrev:

Anna Bradshaw.  Ho var f. i

     ##### (Duka Fahlen, Austerrike 29.11.1873

Har du navnet på foreldrene hennes? Og er Bradshaw en engelsk versjon av det opprinnelige etternavnet? 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:X38P-BFH

Name: Anna Lerum
Event Type: Census
Event Date: 1930
Event Place: Crookston, Polk, Minnesota, United States
Gender: Female
Age: 54
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): White
Birth Year (Estimated): 1876
Birthplace: Austria
Immigration Year: 1888
Father's Birthplace: Austria
Mother's Birthplace: Austria
Relationship to Head of Household: Wife
Relationship to Head of Household (Original): Wife
Sheet Letter: B
Sheet Number: 6
 

Household Role Sex Age Birthplace
Edward Lerum Head M 54 Wisconsin
Anna Lerum Wife F 54 Austria
Lawrence H Lerum Daughter F 24 Minnesota
Eleanor H Lerum Daughter F 20 Minnesota

 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:HJNL-SYT2

Name: Anna Lerum
Event Type: Death
Event Date: 20 Jun 1946
Event Place: Crookston, Polk, Minnesota, United States
Event Place (Original): Crookston, Polk, Minnesota
Gender: Female
Age: 72
Birth Date: 1873
Birthplace: Duka, Fahlen, Austria
Father's Name: Anthony Kasper
Spouse's Name: Edward Lerum
Certificate Number: 12578
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:ZQ6F-S6PZ

Name: Irene May Hartman
Event Type: Death
Event Date: 22 Oct 1935
Event Place: Crookston, Polk, Minnesota, United States
Event Place (Original): Crookston, Polk, Minnesota
Gender: Female
Age: 34
Birth Date: 1901
Birthplace: Crookston, Minn
Father's Name: Edward Lerum
Mother's Name: Anna Casper
Spouse's Name: Casper Hartman, Jr.
Spouse's Name Suffix: Jr.
Certificate Number: 12334

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Grethe for fleire nye interessante innlegg!

 

* Når det gjeld Carrie og William Johnstone, var det godt å få på plass ein vigselsdato.  Men eg lurer på; denne vigsli er jo ikkje å sjå nokon stad.  Kan dei ha gift seg i Ontario?  Elles stussar eg òg på alderen hans, og det hadde vore spennande å sjå kva som er oppgjeve i canadiske folketeljingar...?

 

* Med omsyn til jentenamnet hennar Anna, Kasper eller Bradshaw, ser eg at family trees opererer med Kasper, medan eg for 40 år sidan nytta dei originale kjeldene på rådhuset i Crookston, MN, og der står det Bradshaw:

 

POLK I/45 08/07/1898 LERUM, ED BRADSHAW, ANNA

 

So kva skal me tru?  Kanskje er det mogeleg å finna ein liktale (obituary) etter Anna?

 

* Elles slit eg framleis med dei to ekteskapi til Mary Lerum?

 

* Og likeins med lagnaden til Robert Lerum som skal ha forulukka i Europa kring 1917?

 

* Og endeleg detaljar kring andre ekteskapet til Phillip Lerum si enkje?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Iver Christenson {Lerum}, f. {i Luster} 8.12.1837,

Iver C. Lerum utvandra til Amerika kring 1862 og gifte seg i Buffalo Co., Wis. 10.5.1868 med Maria Andersdotter frå Mohaugane under Mo i Hafslo, i Amerika kjend som Marie Hillestad.  Ho var f. i Hafslo 6.2.1849 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866.  Iver og Marie farma først i Modena township, Buffalo Co., Wis., men flytte kring 1879 til ein farm i Andover township, Polk Co., Minn.  Etter nokre år i Minnesota vende dei attende til farmen i Modena township, Buffalo Co., Wis. der Iver d. 29.9.­1911.  Enkja Marie Lerum flytte i 1917 til Wahpeton, N.D. der ho d. 19.6.1923.  Dei fekk elleve born i lag:

a. Joe Lerum, f. i Buffalo Co., Wis. 27.9.1871, d. i Bemidji, Minn. 22.1.1921.  Han gifte seg i Beltrami Co., Minn. 23.4.1909 med Gretha Peroline Gustavsdotter Haugen frå Haugen i Åsen, Nord-Trøndelag, i Amerika kjend som Margaret Haugen.  Ho var dotter av gardbrukar Gustav Petterson Haugen på Haugen, opphavleg frå Myrvald under Myr i Skogn, og kona Lussi Ottesdotter frå Opheimssve under Opheim i Åsen (Frosta) og f. i Åsen 4.10.1884.  Ho utvandra til Amerika i 1907 og d. i Bemidji, Minn. 31.7.1961.  Joe Lerum var tømmer­arbeidar («logger»), og han og Margaret budde på ein farm i Hagali township, Beltrami Co., Minn.  Dei fekk to born i lag.

b. Kari, kjend som Carrie Lerum, f. i Buffalo Co., Wis. 5.8.1873, d. i Eau Claire, Wis. 23.3.1923.  Ho gifte seg i

 

     ##### (place of her marriage?  In Ontario?)

 

     2.7.1891 med William Telford Johnstone, f. i Sydenham, Frontenac Co., Ont. 22.5.1850.  Han d. i Waupun, Wis. 23.8.1933.  Carrie og William farma først i Hammond township, Polk Co., Minn., men flytte kring 1903 til ein farm i Sherman township, Dunn Co., Wis.  Sidan flytte dei inn til Menomonie, Dunn Co., Wis., men som enkjemann flytte William til Waupun, Dodge Co., Wis.  Dei fekk sju born i lag.

c. Edward Lerum, f. i Buffalo Co., Wis. 13.7.1875, d. i Crookston, Minn. 12.6.1934.  Han gifte seg i Polk Co., Minn. 7.8.1898 med Anna Bradshaw. 

 

     ##### (or is her name Anna Elisabeth Kasper/Casper? – father Anthony Kasper)

 

     Ho var f. i

 

     ##### (Duka Fahlen eller Wien, Austerrike 29.11.1873/1874 – utvandra 1888?)

 

     og d. i Crookston, Minn. 20.6.1946.  Edward Lerum var snikkar («carpenter»), og huslyden budde i Crookston, Polk Co., Minn.  Edward og Anna fekk tre døtrer i lag.

d. Inger, kjend som Inga Lerum, f. i Buffalo Co., Wis. 3.1.1877, d. i Minot, N.D. 16.2.1940.  Inga gifte seg i Crookston, Minn. 27.4.1895 med Edward Percival, kjend som Percy Bancroft, f. i Pierce Co., Wis. 6.9.1868.  Han d. i Minot, N.D. 20.4.1940.  Percy var kornagent og sidan tømmerhandlar («wheat buyer and lumber yard agent»).  Han og Inga budde mellom anna i Eldred, Polk Co., Minn., i Walhalla, Pembina Co., N.D. og i Havre, Hill Co., Mont., men flytte i 1922 til Minot, Ward Co., N.D.  Dei fekk to born i lag.

e. Christen I. Lerum, f. i Buffalo Co., Wis. 18.11.1878, d. i Polk Co., Minn. 19.4.1941.  Han gifte seg i Grand Forks, N.D. 3.6.1912 med Sophie Amalia Simonsdotter frå Solbakken i Salangen, i Amerika kjend som Sophie Pederson.  Ho var dotter av innerst Simon Nicolai Pederson på Solbakken, opphavleg frå Skårvik i Salangen, og kona Johnette Johnsdotter frå Solbakken og f. i Salangen 7.7.1863, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866 og d. i Glenwood, Minn. 14.8.1952.  Sophie gifte seg første gongen i Swift Co., Minn. 16.7.1893 med Ole Christian Simonson frå Elvebakken i Salangen, i Amerika kjend som Ole C. Simonson.  Han var son av gardbrukar Simon Samuelson på Elvebakken, opphavleg frå Prestbakken, og kona Marit Kirstine Johnsdotter frå Solbakken og f. i Salangen 4.12.1863.  Ole utvandra til Amerika i 1888 og d. i Pope Co., Minn. 17.4.1903.  Sophie farma med båe ektemakane sine i Andover township, Polk Co., Minn. og fekk i alt fire born, men dei var alle frå første ekteskapet hennar med Ole.

f. Mary I. Lerum, f. i Polk Co., Minn. 18.1.1881, d. i Minneapolis, Minn. 13.9.1939.  Mary gifte seg første gongen

 

     ##### (date and place of her 1st marriage?)

 

     med Adolph

 

     ##### (middle name?)

 

     Orvick,

 

     ##### (f. MN 1872 - 1905 a school teacher in Crookston, Polk Co., MN – had been married 1st time in Grand Forks, ND Mar. 24, 1900 to Tora Olsdotter Viken, f. på Viken i Nes, Hallingdal 8.4.1879, dotter av Ole Syverson Viken og Ingeborg Olsdotter Rud – utvandra med foreldri 1880 – ho d. i Bemidji, MN 4.7.1903)

 

     So gifte ho seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage?)

 

     med John Walter, kjend som Walter J. Green.  Han var f. i Bates Co., Mo. 29.6.1879 og d. i Glenwood, Minn. 25.8.1955.  Walter Green var folkevald kommunefunksjonær («Clerk of Court») i Wahpeton, Richland Co., N.D. i mange år, men han og Mary flytte som pensjonistar til Glenwood, Pope Co., Minn.  Dei var barnlause.

g. Frank J. Lerum, f. i Polk Co., Minn. 12.11.1883, d. i Crookston, Minn. 5.11.1970.  Frank gifte seg i Polk Co., Minn. 6.3.1912 med Elsie Marie Bjorgo.  Ho var f. i Cottonwood Co., Minn. 6.9.1884 og d. i East Grand Forks, Minn. 5.11.1980.  Frank var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Elsie budde i Crookston, Polk Co., Minn.  Dei fekk seks born i lag.

h. Clara Gladys Lerum, f. i Polk Co., Minn. 3.12.1885, d. i Littlefork, Minn. 4.7.1942.  Clara gifte seg i Nelson, Wis. 17.6.1902 med Hans Christian Andersson frå Halden, i Amerika kjend som Christian H. Barby .  Han var son av tomtearbeidar Anders Pettersson på Banken i Halden, opphavleg frå Töftedal i Älvsborgs län i Sverige, og kona Susanna Christiansdotter frå Halden og f. i Halden 7.7.1877.  Han utvandra til Amerika med mor si i 1883 og d. i Duluth, Minn. 30.9.1959.  Christian Barby var jarnbane­arbeidar («railroad section foreman»), og huslyden budde i Duluth, St. Louis Co., Minn.  Dei fekk sju born i lag.

i. Robert Lerum, f. i Polk Co., Minn. 6.3.1887, var kokk på eit skip under første verdskrigen («ship cook in WW1») og skal ha sett livet til under åtak i Europa

 

     ##### (kring 1917)

 

     ugift.

j. Phillip E. Lerum, f. i Polk Co., Minn. 6.4.1889, d. i Proctor, Minn. 12.10.1944.  Han gifte seg i Carlton, Minn. 21.2.1930 med Julia Jensena Nelson.  Ho var f. i St. Louis Co., Minn. 6.6.1910 og d. i Nopeming, Minn. 17.7.1998. 

 

     ##### (died as Julia Seelig! – remarried in St. Louis Co., MN Sep. 3, 1947 Carl O. Seelig – info?)

 

     Phillip var bilrepa­ratør («car repairman»), og han og Julia budde i Proctor, St. Louis Co., Minn.  Dei fekk ein son i lag.

 

     ##### (his obituary says one son – but family tree shows three children! – maybe the other two were hers?)

 

k. William Pen Lerum, f. i Polk Co., Minn. 26.1.1892, d. i Durand, Wis. 13.6.1960.  Han gifte seg i Red Wing, Minn. 30.8.1916 med Carrie Hanson, f. i Buffalo Co., Wis. 6.10.1897.  Ho d. i Durand, Wis. 11.3.1987.  William var røyrleggjar («plumber»), og huslyden budde for det meste i Durand, Pepin Co., Wis., men som enkje flytte Carrie sidan til Nelson, Buffalo Co., Wis.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane med å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.