Jump to content
Arkivverket

Isak Andersson (1698) og Guri Nilsdotter (1727) - strandsitjarar på Lærdalsøyri i 1750-åri - men kvar vart det av dei og borni deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Isak Andersson var fødd på Fodnes i Lærdal kring 1698 og gifte seg som enkjemann i Lærdal våren 1750 med Guri Nilsdotter, døypt i Lærdal 27.9.1727.  Dette parfolket skal ha butt på Lærdalsøyri i Lærdal, men dei er ikkje å sjå i ekstraskattmanntalet frå 1762 nokon stad i Lærdal, og heller ikkje har eg finne dei avlidne i Lærdal, men dødslistene er heller uoversiktlege, so eg kan ha oversett dei....

 

Derimot har eg finne to born etter dei:

 

* Anders Isakson, døypt i Lærdal 12.6.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/121

 

* Gunnhild Isaksdotter, f. i Lærdal 11.11.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/118

 

Kanskje er det Gunnhild Isaksdotter me finn att på Lærdalsøyri i 1801, sjølv om alderen har eit avvik på 5 år(?): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058396001108

 

Og ho som gifte seg her i Lærdal i 1782: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000478680

 

Uansett er eg svært nysgjerrig på lagnadane til Isak og Guri og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.