Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Knutsdotter (Næs), fødd i Luster 1754 - levde i 1786 - flytte ho til Hyllestad eller til Bergen? - kvar vart det av sonedotteri Magnhild Trondsdotter frå Berge i Hyllestad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har slite med lagnaden til Gunnhild Knutsdotter sidan 1980-talet, og eg har òg spekulert på kvar det vart av sonedotteri hennar i Hyllestad, Magnhild Trondsdotter (som heller ikkje bygdebokskrivaren for Hyllestad har greidd å spora opp)?

 

Eg lyt leggja til at Gunnhild hadde fleire skyldfolk som flytte til Hyllestad og bygdene ikring, so eg ville ikkje verta overraska om Gunnhild dukka opp der...  Son hennar frå Luster flytte i alle fall til Hyllestad i ung alder!  Men denne Gunnhild Knutsdotter som dukkar opp i Bergen, ser absolutt svært spennande ut...!

 

Kanskje er det no vorte mogeleg å finna ei løysing på desse gåtene?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kilde litt utenom kirkebøker og folketellinger - elevprotokoll/skolejournal for Hyllestad sokn, 1824-1848:   

 

Sogn og Fjordane fylke, Elevprotokoll nr. 1 (1824-1848) - her ser det ut som Bernt Trondsen, 12 år, er nevnt: 
Permanent bilde-ID: db60048383000036
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db60048383000036
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-db60048383000036.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Lars J., Carl og Grethe for kjempefine og interessante innlegg!

 

Då er dotteri Magnhild kommi til rette.  Namnet hennar ved dåpen er tydeleg nok: https://media.digitalarkivet.no/view/8598/27

 

men både ved konfirmasjonen og dødsfallet heitte ho Magdalena, so presten må ha skrive feil ved fødsli...

 

Men kva med bestemori Gunnhild?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Knutsdotter {Næs}, vart døypt {i Luster} 21.4.1754.  Ho tente på Høyeim i 1774 og levde framleis ugift i 1786.

Bustaden hennar i 1786 er ikkje oppgjeven, men Gunnhild Knutsdotter ser ut til å vera fari frå bygdi på 1780-talet,

 

##### (lagnaden hennar? – til Hyllestad? – eller kanskje

     * denne enkja i Bergen 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390006460

     * dette dødsfallet i Bergen 1835: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040514

 

Gunnhild let i alle fall etter seg ein son:

a. Trond Jacobson, son av Gunnhild Knutsdotter og gardbrukar Jacob Trondson på Fet i Hafslo (1750-1805), vart døypt 30.8.1778.

Trond Jacobson hadde skyldfolk på Porten i Hyllestad og der finn me Trond att som tenestedreng i 1801.  Han gifte seg i Hyllestad 10.1.1824 med Martha Berentsdotter frå Berge i Hyllestad.  Ho var dotter av gardbrukar Berent Otteson på Berge, opphavleg frå Skagen i Gaular, og første kona Borni Hansdotter frå Berge og vart døypt i Hyllestad 15.3.1795.  Trond og Martha busette seg på plassen Trondgjerdet under Berge i Hyllestad der Trond d. som legdelem og kårmann 24.12.1857.  Martha d. som legdelem på Møklebust i Hyllestad 6.1.1881.  Dei fekk to born i lag:

a. Berent Trondson, f. i Hyllestad 26.4.1824, d. som kårmann på Berge i Hyllestad 16.11.1909.  Berent gifte seg i Hyllestad 19.10.1850 med Martha Aslaksdotter frå Myra under Lien i Hyllestad.  Ho var f. i Hyllestad 3.3.1827 og d. som kårkone på Berge 21.10.1899.  Berent og Martha tok over som plassfolk på heimeplassen hans på Trondgjerdet under Berge i Hyllestad og fekk åtte born i lag.

b. Magdalena Trondsdotter, f. i Hyllestad 10.8.1827, d. som ugift tenestjente etter barselseng med eit dødfødt barn på Stien i Fana 28.6.1865.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.