Jump to content
Arkivverket

Lucia Aslaksdotter - fødd austafjells(?) kring 1682 - gift kring 1703 med Tollef Henrikson frå Luster - budde i Årdal - sidan i Luster - kven var ho? - kvar vart det av sonen Johannes, fødd 1704?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Huslyden til Tollef Henrikson (1673-1744) på Ongelsneset i Luster har eg jobba med sidan 1980-talet, men aldri har eg greidd å finna ut kvar han henta kona si, Lucia Aslaksdotter, ifrå.  Eg veit heller ikkje kvar det vart av den eldste kjende sonen deira, Johannes, som me veit levde kring 1730.  Dei kan òg ha hatt fleire born...

 

Er kanskje tidi kommi for å finna fleire detaljar om denne huslyden.  Eg satsar på at ekspertisen i Brukarforum kan hjelpa meg med gode tips og syner fram korleis manuskriptet mitt ser ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Henrikson Ongelsnæs, frå Nes øvre, Nes (bnr. 3), var f. kring 1673 og vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744.  Han gifte seg kring 1703 med Lucia Aslaksdotter frå

 

 

     ##### (opphavet hennar? – kom ho austante? – Aslak-namnet er ukjent i Luster på den tidi!)

 

 

     f. kring 1682.

Tollef og Lucia budde visstnok som plassfolk under Seim i Årdal frå dei gifte seg og fram til kring 1712.  Tollef vart soldat i 1696 og vart nemnd som det så seint som i 1711.

 

 

##### (sjekka om dei budde der lenger? – kva plass under Seim?)

 

 

Kring 1712 fekk Tollef hand om ein plass her på Ongelsneset under Nes, og me trur det var han som då rydda denne plassen ytst på Neset.  Her vart han og Lucia buande levetidi ut.  Tollef vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744, medan Lucia vart gravlagd same staden 6.11.1755.  Me veit nokolunde sikkert om fire born etter Tollef og Lucia på Ongelsneset, men dei kan godt ha hatt fleire:

 

 

##### (fleire born?)

 

 

 1. Johannes Tollefson, f. i Årdal kring 1704, vart soldat i 1727 og tente visstnok på Høyeim i 1731.

 

 

##### (Johannes Tollefson ser ut til å vera faren frå bygdi i 1730-åri – lagnaden hans?)

 

 

 2. Henrik Tollefson (1706-1753), var ei tid husmann eller leiglending i Uri (s.d.).

 3. Synneva Tollefsdotter (1712-1755), vart gift med husmann og enkjemann Anders Olson i Krossviki under Nes (1699-1785).

 4. Kari Tollefsdotter (1718-1765), vart gift med husmann Mons Torstenson i Dulsviki under Lingjerde (1723-1812).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to Lucia Aslaksdotter - fødd austafjells(?) kring 1682 - gift kring 1703 med Tollef Henrikson frå Luster - budde i Årdal - sidan i Luster - kven var ho? - kvar vart det av sonen Johannes, fødd 1704?

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.