Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Tollefson Næss (1706-1753) - frå Luster - døydde under opphald i Bergen - var han handelsmann? - mange kreditorar frå ulike stadar, Lærdal, Vangsnes og Bergen - fleire detaljar? - nøyaktige dødsopplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til følgjande skifte halde på «ein husmannsplass» under Nes i Luster, dagsett 28.12.1753: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/126

 

Den avlidne personen Henrik Tollefson Næss døydde på ein reise til Bergen, men eg kan ikkje finna noki gravferd for Henrik korkje i Luster eller i Bergen.  Har eg kanskje oversett noko?

 

Det kjem mellom anna fram at enkja Kari Rasmusdotter (i skiftet feilaktig kalla Sjursdotter!) i mange år hadde levd fråskild frå mannen.  Dei fekk berre eitt barn som døydde i 1831, 3 år gamal.

 

Påfallande ved dette skiftet er alle dei utanbygds buande kreditorane, mellom anna i Lærdal, på Vangsnes og i Bergen.

 

Eg slit soleis med desse utfordringane:

 

** Er det mogeleg å finna ein døds- eller gravferdsdato for Henrik?

 

** Finst det dokument til dømes i Bergen som fortel noko om aktiviteten til Henrik i Bergen (eller andre stadar)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.