Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Christenson (1809) og Britha Olsdotter (1828) utvandra frå Luster i 1858 - son deira dukkar opp i 1870 som foster-/adoptivson hjå Torger Fortney i Vernon Co., WI - men kvar vart det av Johannes og Britha og eldste son hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har hatt liggjande sidan føregåande hundreår.  Kanskje er det mogeleg i dag å komma vidare?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christenson Eide, frå Bolstadmoen under Bolstad, vart døypt 23.7.1809 og gifte seg 8.7.1857 med Britha Olsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 2.7.1828.  Det ser ut til at dei fekk plassen her i Eidsbakken etter foreldri hennar frå 1856, men reiste herifrå alt i 1858.

John og Britha Christenson utvandra i 1858 til Amerika, men

 

##### (lagnaden deira? – døydde tidleg? - kvar var dei i 1860? - kva med sønene?)

 

Me kjenner til ein son etter dei, men Britha hadde òg ein son frå før:

a. Ole Johan Johannesson, son av Britha og gardbrukarsonen Johannes Arneson frå Kvalsviki (1830-1913), var f. i Bergen 5.5.1851,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg utvandra med mori og stefaren til Amerika? - eller ikkje?)

 

b. Christen, kjend som Christian J. Fortney (1857‑1913), utvandra med foreldri i 1858, men vart oppalen hjå gardbrukar Torger Olson frå Fortun (1808-1880) og andre kona hans, kjende som Torger og Gena Fortney, farmarar i Kickapoo township og sidan i Franklin township, Vernon Co., Wis. og tok difor dette namnet.  Han vart gift første gongen med Susan Salmonson (1862‑1892), dotter av gardbrukarsonen Ole Salomonson frå Ottum (1811‑1871), og sidan attgift med husmannsdotteri Gunnhild Larsdotter frå Hestedalen under Kroken (1863-1945) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Olson var fødd på garden Fortun i Luster og vart døypt derifrå 17.7.1808.  Han utvandra med første kona si i 1848.  Ho døydde visstnok av kolera kort etter ankomsten, og Torger gifte seg att i Dane Co., WI 25.7.1853 med Gjertrud Kirstine Pedersdotter Hjermann frå Stødnum i Lærdal, fødd der 23.2.1820.  Torger Fortney døydde 18.2.1880, men dødsfallet til Gertrude «Gena» har eg ikkje finne, enno!

 

Her ser me dei i FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-9N78

 

Her ser me dei i FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-RMY

 

Her ser me Gjertrud i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9HYZ

 

Som me ser, var to av borni hans frå første ekteskapetr framleis i lag med dei i 1860, medan Christian er komen til dei før 1870.  Han er framleis hjå fostermori i 1880.  Men kvar Christian heldt til i 1860, har eg ikkje greidd å finna ut, enno!

 

Dei største «kjernepunkti» i denne huslyden vil vel vera:

 

** Finna att Christen i FT1860 - kva no enn namnet hans kan ha vore...?

 

** Freista finna halvbroren Ole Johan, fødd 1851 - me veit jo ikkje om han utvandra eller kanskje voks opp i Bergen?

 

** Finna dødsfallet til fostermori Gertrude «Gena» Fortney, f. Hjermann?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Ole Johan Johannesson, son av Britha og gardbrukarsonen Johannes Arneson frå Kvalsviki (1830-1913), var f. i Bergen 5.5.1851,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg utvandra med mori og stefaren til Amerika? - eller ikkje?)

 

For ordens skyld, dåpen til Ole Johan: 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007452028

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. B 3 (1851-1857), Fødte og døpte 1851, Side 12
https://media.digitalarkivet.no/view/1961/14

 

????

https://www.digitalarkivet.no/view/22/pe00000000043025

 

Person: Johannes Kristensen Bolstad

Fornavn: Johannes
Etternavn:
Kristensen Bolstad
Kjønn: m
Alder: 48
Fødselsdato:-
Stilling/stand:-
Familiestilling:
Kone og 2 barn
Bosted: -
Tinglag: -
Prestegjeld: Lyster
Fødested:-
Utstedt/vist: 1858-05-03
Nytt pass utstedt:-
Årsak/Område for passet:-
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget frå i går!

 

Gjennom innførsli i passprotokollen frå Bergen har me finne prov på at båe sønene følgde med Johannes og Britha til Amerika i 1858, samstundes som me finn Johannes med namnet Bolstad.  Som me såg i manuskriptet i Innlegg #1, var Johannes frå ein plass under Bolstad, og han budde ikkje so lenge under Eide før han utvandra.  Soleis er det kanskje vel so sannsynleg at han skreiv seg Bolstad i Amerika, om han då ikkje nytta Christenson...!?

 

Men hjelper dette i freistnadane på å finna att denne huslyden i t.d. FT1860 i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.