Gå til innhold
Arkivverket

Peder Olson Haugen (1832-1910) - driftehandlar frå Luster via Lesja til Minnesota - kven var andre kona, Thurid og første mann hennar, og opphavet til svigersonen Hans O. Solum frå Gran?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Innlegg #27:

 

Hjarteleg takk til Anne og Frank Marton for nye inspirerande innlegg om denne huslyden!

 

Då har eg nokolunde oversyn over opphavet til Ole Gunderson i Hol, men eg finn ikkje kvar foreldri hans var fødde/oppvakne.  Mori bvar frå Brubakken, og i 1801 finn eg ho som husmannsdotter under Kaupang, so eg går ut ifrå at Brubakken var plass under Kaupang?

 

Elles kan eg ikkje sjå noko til Ole Gunderson i avisutklippet frå Fergus Falls, MN frå 1887.  Kva og kvar står det om han der?

 

So ser me at dei to eldste døtrene òg levde då mor deira døydde i 1917, berre so synd at liktalen var so stutt...!

 

Her følgjer eit manuskript til oppdatering av manuskriptet i Innlegg #20:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Olson {Haugen}, f. {i Luster} 17.8.1832,

Peder Haugen vart driftehandlar og gifte seg første gongen på Lesja 12.4.1864 med Kari Jespersdotter frå Løftingsmo på Lesja.  Ho var dotter av gardbrukar Jesper Amundson på Løftingsmo og kona Ingeborg Olsdotter frå Brendjord og f. på Lesja 8.11.1842.  Peder og Kari vart buande ei tid på Løftingsmo på Lesja, men i 1867 utvandra dei under namni Peter og Kari Haugen til Amerika.  Dei busette seg på ein farm i Erhards Grove township, Otter tail Co., Minn. der Kari d. 7.5.1887.  Peter gifte seg 12.10.1889 att i Otter tail Co., Minn. med Turid Torgersdotter, opphavleg frå Pukerud søndre i Hol.  Ho var dotter av gardbrukar Torger Torstenson på Pukerud søndre, opphavleg frå Kaupang nordre, og kona Agatha Sandersdotter frå Øyo og f. i Hol 16.4.1844.  Ho gifte seg første gongen i Hol 24.10.1876 med Ole Gunderson frå Mølnedalen i Hol.  Han var son av gardbrukar Gunder Olson i Mølnedalen, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Aase Torgersdotter frå Brubakken under Kaupang

 

##### (sjekka om denne oppvekststaden stemmer?)

 

og f. i Hol 10.2.1822.  Ole hadde vore hestehandlar, men han og Turi var gardbrukarar i Hallsteinsgardbakkane, Hallsteinsgard i Hol.  I 1886 utvandra Ole til Amerika, medan Turi følgde i 1888.  Ole, i Amerika kjend som

 

##### (US name?)

 

slo seg ned som farmar i Steele Co., N.D., men flytte som pensjonist til Rothsay, Otter tail Co., Minn. der han d.

 

##### (buried Hamar cemetery near Fergus Falls, MN)

 

Turi, i Amerika kjend som Thurid Gunderson, vart skild frå Ole før ho gifte seg att med Peter Haugen.  Peter og Thurid vart buande på farmen hans i Erhards Grove, Otter tail Co., Minn. der Peter d. 31.8.1910.  Thurid Haugen d. same staden 16.3.1917.  Peter Haugen fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt med Thurid, som òg hadde fire døtrer frå første ekteskapet sitt:

a. Ingeborg P. Haugen, f. på Lesja 1.11.1864, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og d. i Clay Co., Minn. 28.11.1920.  Ingeborg gifte seg i Otter rail Co., Minn. 21.5.1885 med Hans Andreas Olson frå Almenningen i Gran, i Amerika kjend som Hans O. Solum.  Han var son av husmann Ole Hansson på Solum i Almenningen, opphavleg frå Furua i Almenningen, og kona Kari Andersdotter frå Stadum søndre og f. i Gran 3.12.1862.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868 og d. i Moorhead, Minn. 26.11.1954.  Hans og Ingeborg Solum farma i Tansem township, Clay Co., Minn. og fekk elleve born i lag.

b. Ole P. Olson, f. i

 

     ##### (place of his birth? – where in Minnesota?)

 

     10.12.1869, d. ugift i Otter tail Co., Minn. 14.3.1888.

c. Aase Olson, f. i Hol 22.12.1876, utvandra til Amerika med mor si i 1888,

 

     ##### (levde 1917 – lagnad?)

 

d. Agatha Olson, f. i Hol 6.12.1879, utvandra òg til Amerika med mor si i 1888,

 

     ##### (levde 1917 – lagnad?)

 

e. Maria, kjend som Marie Olson, f. i Hol 4.1.1881, utvandra likeins med mor si til Amerika i 1888 og d. i Moorhead, Minn. 27.4.1972.  Ho gifte seg i Shelby, Mont. 19.12.1918 med enkjemannen Lars Jensson frå Kittelsrud i Gran, i Amerika kjend som Lars J. Kittelsrud.  Han var son av gardbrukar Jens Olson på Kittelsrud, opphavleg frå Grimsrud, og kona Eli Larsdotter frå Stok i Lunner og f. i Gran 28.2.1864.  Han utvandra til Amerika med mor si i 1876 og d. i Barnesville, Minn. 16.2.1932.  Lars Kittelsrud var jarnvarehandlar («hardware merchant») og budde i Barnesville, Clay Co., Minn.  Lars fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet med Marie.

f. Rønnaug, kjend som Rose Olson, f. i Hol 9.9.1884, utvandra med mor si til Amerika i 1888 og d. i Viroqua, Wis. 14.3.1966.  Rose var først lærar («school teacher»), men flytte i ung alder til Viroqua, Vernon Co., Wis. der ho arbeidde som kiropraktor («chiropractor») levetidi ut.  Ho var ugift.

c. Karen, kjend som Carrie Haugen, f. i Otter tail Co., Minn. 14.9.1890, d. i Fillmore Co., Minn. 24.12.1963.  Carrie Haugen gifte seg i Otter tail Co., Minn. 26.3.1918 med Albert William Schulz.  Han var f. i Fillmore Co., Minn. 26.3.1886 og d. i Spring Valley, Minn. 10.3.1972.  Carrie og Albert Schulz farma i Bloomfield township, Fillmore Co., Minn. og fekk ein son i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #30:

 

Hjarteleg takk til Anne for kjempeflotte innlegg!

 

Dette tyder at Ole døydde FØR kona og borni utvandra til Amerika, so det må vel ha vore i 1887, men kva dato vart denne liktalen prenta?  Var den med i artikkelen frå Fergus Falls nemnd ovanfor?

 

Dødsstaden var altso i Tanberg township, Wilkin Co., MN, men eg kan ikkje sjå at noko dødsfall er registrert der!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.