Gå til innhold
Arkivverket

Kari Knutsdotter (1735) og Gunnhild Nilsdotter (1766) - mor og dotter frå Luster i Sogn - forsvinn - kvar vart dei av? - kanskje Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kari Knutsdotter, døypt i Luster 11.11.1735, einaste barnet etter Knut Sjurson og Gunnhild Nilsdotter, gardbrukarar på Drevdal i Luster, som båe døydde før 1755, hadde ingen nære slektningar att i Luster då ho i 1767 vart stemnd i retten for leigarmål.

 

Ho fekk dotteri Gunnhild Nilsdotter, døypt i Luster 1.4.1766, men etter mori stod i retten, flytte mor og dotter frå bygdi - kvar vart det av dei?

 

Eg finn ingen Gunnhild Nilsdotter i Sogn og Fjordane som eg tykkjer «høver».  Derimot ser eg ein god «kandidat» i Bergen:

 

Ole Paulson og Gunnhild Nilsdotter - gifte seg i Nykyrkja i Bergen 12.8.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8724/85

 

FT1801 syner at alderen hennar høver ganske bra: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390000923

 

Kanskje er det ho som døydde i Bergen i 1841(?): https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000917854

 

Er det nokon som har synspunkt på denne «kandidaten» i Bergen?  Finst det andre jenter som kan høva som denne Gunnhild Nilsdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

FT1801 syner at alderen hennar høver ganske bra: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390000923

 

De har en sønn Paul i 1801, født 1792:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009173624

Nr. 37 - høyre side, høyre kolonne:

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. A 5 (1775-1808), Fødte og døpte 1792, Side 91
Permanent bilde-ID: kb20070416610479
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070416610479
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610479.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg har kikka på dåpen til den nemnde sonen Paul, men dreg ikkje kjensel på nokon av fadrane, men Nils Magnusson KAN vera bestefaren?  Rasmus Nilsson KAN vera ein bror av Gunnhild!

 

Elles har eg oppdaga at Ole Paulson (Synnes) og Gunnhild Nilsdotter fekk fleire born, men ikkje før etter 1801:

 

* Nils Rasmus 20.9.1801 (fadder Magne Nilsson!): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009177226

https://media.digitalarkivet.no/view/8719/151

 

* Rasmus 22.1.1804 (fadder Nils Magnusson!): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009178122

https://media.digitalarkivet.no/view/8719/163

 

* Nils 11.1.1807 (fadder Stephan Nilsson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009179217

https://media.digitalarkivet.no/view/8719/179

 

Undersøkjingskommisjonen syner forresten at Ole Paulson var frå Hærøy på Sunnmøre: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000009703

 

Same kjelde syner ein Nils Magnusson, 68 år, fødd i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000009700

 

Magne Nilsson synest vera frå Havrå i Haus: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010841

 

Stephan Nilsson synest òg vera frå Havrå i Haus: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000009702

 

Eller er Magne fødd på Askøy: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPH-V31

 

Hadde det vore ein tanke å sjekka ut bygdeboki for Havrå på Osterøy?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera/finna att Gunnhild Nilsdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.