Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Johannesson Ottum «John Johnson» (1834-1872) - frå Luster til Buffalo Co., WI - lagnadane til enkja Martha samt fleire av borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har sete ganske so mange timer i dag og «kava» med huslyden til Johannes Johannesson Ottum «John Johnson» frå Luster.  Eg var svært lite nøgd med resultati av dei undersøkjingane som eg gjorde kring 1980 då eg vitja Amerika og rekna med det i dag med forbetra hjelpemiddel skulle vera mogeleg å komma lite vetta lenger!?

 

Vel, ein del har eg finne, men andre detaljar «glimrar» med sitt fråvêr!

 

Johannes sette livet til då han drukna i ei elv i Buffalo Co., WI, og Martha gifte seg att med Anders Olson (Eide) frå Luster, men det ekteskapet varte ikkje so lenge.  Anders flytte ut(!), og Martha vart buande på Johnson-farmen til ho på eitt eller anna tidspunkt skal ha flytt til Wabasha Co., MN der fleire av borni tidvis skal ha butt.  Eg fekk for 40 år sidan opplyst at ho skulle vera avlidi der kring 1903, om lag på same tid som sonen Christian Johnson, som visstnok hadde teke over styringi av heimefarmen alt i 1880.

 

Det finst fleire family trees som nemner denne huslyden, og eg har finne ulike variantar av dødsfallet hennar Martha, men ingen av desse har det vore mogeleg å stadfesta.

 

Elles er eg særleg oppteken av å skaffa eit oversyn over desse døtrene til Johannes og Martha:

 

* Anna Olson Reed

 

* Carrie McDawn Lyons Scott

 

* Ellen Gile

 

* Mary Blake

 

Eg hadde vorte svært so takksam dersom nokon kunne sjå på denne huslyden, og utifrå prinsipet om at fleire par auge ser meir enn berre mitt eige, har eg stor von om at ein og annan detalj kan dukka opp!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no oppdatert i Innlegg #4 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei fekk ei dotter i lag.

 

     ##### (daughter Lillie May Blake, born Post Falls, Kootenai Co., IA Sep. 28, 1889 – lived 1900 with aunt Anna Reed in Wabasha Co., MN)

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2M1-96R2

Navn: Lillie May Blake
Fødselsdato: 28 Sep 1889
Birth Time: 9999
Fødested: Post Falls, Kootenai, Idaho, United States
Fars navn: Charles E Blake
Fars alder: 99
Fars fødested: Wisconsin
Mors navn: Mary Johnson
Mors alder: 99
Mors fødested: Wisconsin
ID-nummer: 341149
Certificate Year: 1889

I US Census står det at Lillie var født i Washington:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9QQ-JPM

 

Dette har du vel fra før, men legger det inn - for ordens skyld:

Lillian Blake Mosing

https://www.findagrave.com/memorial/88667240/lillian-mosing

"From the Faribault Daily News, Oct. 24, 1956:

Funeral services for Mrs. Oscar E. Mosing, Nerstrand, former Rochester and Chatfield resident, who passed away early Tuesday morning, Oct. 23 at St. Mary's Hospital in Rochester, after a lingering illness, will be conducted on Thursday, Oct. 25, at 2:30 p.m. at the Peace Evangelical and Reformed Church in Rochester, with the Rev. Earl Buck, pastor and the Rev. Mr. Rossing of Nerstrand, officiating. Burial will be in Oakwood Cemetery, Rochester. Friends may call after 4 p.m. today at the Palen and Lohse Funeral Home. The former Lillian Blake was born Sept. 28, 1889, at Post Falls, Idaho, and was married to Oscar E. Mosing on June 12, 1906 in Nerstrand, Minn. Her husband operated a portrait photography studio in Chatfield for 10 years before, opening a studio in Rochester, which he operated for 25 years before retiring eight years ago. Since his retirement, the couple has been living in Nerstrand, returning to Rochester this summer. Mrs. Mosing was a member of the Order of Eastern Star at Chatfield. Survivors include her husband; two sons, William E. Mosing of Rochester and Marshall Mosing of Minneapolis; two daughters, Mrs. George Allen of Arcadia, Calif., and Mrs. C. C. Berkins of Rochester; 11 grandchildren and one great-grandchild, and a half-brother, Joy Blake, of Lewiston, Idaho.". 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Dette var jo heilt fantastisk!  Hjarteleg takk til Lars J. og Grethe for nye spennande innlegg som har beskjeftiga meg i heile ettermiddag!

 

Det er ingen tvil om at det er «vår» Martha som er gravlagd i Riverview cemetery under namnet Martha JOHNSTON.  Guten som ligg attåt ho, er ein dotterson som døydde 30.11.1903: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89DL-4TSL

 

Eg har blatt igjennom heile lista med dødsfall i Wabasha Co., MN frå 1903, men finn ikkje Martha nokon stad!  Kan ho vera avlidi ein annan stad og bragt til Wabasha, MN for å verta gravlagd?  Kan ein liktale («obituary») finnast?

 

Elles har liktalen etter Lillian Blake MOSING skaffa oss det provet me trengde for å vita sikkert kva for ein Charles BLAKE som var gift med Mary Johnson!  Joy Blake, halvbroren hennar Lillian, utløyste dette!  Og i etterkant har eg finne fleire spennande dokument om denne huslyden.

 

Her følgjer et manuskript som oppdaterer manuskriptet frå Innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson Ottum, svoger av føregåande og herifrå plassen, var f. 21.10.1834 og gifte seg 10.12.1857 med Martha Christensdotter frå Engelhammaren under Leri, f. 21.5.1835.  Johannes og Martha tok over plassen i Hagen etter at Torkild og Anna fór til Amerika i 1858 og vart buande her til 1861.

John og Martha Johnson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg ned som farmarar i Modena township, Buffalo Co., Wis.  Men John drukna i Beef Slough nær Alma, Buffalo Co., Wis. alt 16.5.1872, og Martha gifte seg sidan att med husmannssonen Anders Olson frå Jervateigen under Bolstad (1833‑1912) (s.d.).  Dei vart skild etter kort tid, men Martha vart buande på farmen i Modena township, Buffalo Co., Wis. til

 

##### (supposedly moved to Wabasha, MN? – after 1892!)

 

der ho d.

 

##### (date and place of her death? – 1903!? – apparently died 1903 and was buried in Riverview cemetery, Wabasha, MN as Martha Johnston!)

 

John og Martha Johnson fekk ni born i lag:

a. Anna Johnson, f. i Luster 10.3.1858, utvandra med foreldri i 1861 og d. i Minneapolis, Minn. 1.8.1934.  Ho gifte seg første gongen i Wabasha, Minn. 26.10.1875 med Olaf A. or H.

 

     ##### (middle initial?)

 

     Olson,

 

     ##### (born Norway about 1845 – origin and parents?)

 

     ##### (year of his emigration?)

 

     Ole var jarnbanearbeidar («railroad worker»), men d. ved eit ulukkeshende i Reads Landing, Minn. 21.4.1881.  Anna gifte seg so att i Wabasha Co., Minn. 15.7.1882 med borgarkrigsveteranen Cyrus Silas Reed, f. i Berks Co., Penn. 4.3.1842.  Han d. i Minneapolis, Minn. 20.11.1929.  Cyrus Reed var jarnbanemaskinist («railroad machinist»), og dei budde i Wabasha, Wabasha Co., Minn.  Anna fekk i alt elleve born, fire frå første ekteskapet og sju frå det andre.

b. Johanna Johnson (1860‑1860), tvilling, f. og d. i Luster.

c. Karen Johnson (1860‑1860), likeins tvilling og f. og d. i Luster.

d. Christian Johnson, f. i Luster 11.4.1861, utvandra med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Buffalo Co., Wis. 23.10.1903.  Han farma heimefarmen etter foreldri sine i Modena township, Buffalo Co., Wis., men var ugift.

 

     ##### (farmed the home farm in 1880, but where was he in 1900?? – occupation?)

 

e. Kari, kjend som Carrie Johnson, f. i Buffalo Co., Wis. 21.10.1862, d. i St. Paul, Minn. 12.4.1932.

 

     ##### (married 1st time a Mr. McDawn – info? – divorced?)

 

     ##### (married 2nd time a Mr. Lyons – info? – divorced?)

 

     Carrie gifte seg siste gongen i Wabasha, Minn. 2.12.1912

 

     ##### (licence clearly shows LYONS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89CG-3RM8

 

     med George Thomas Scott frå Dagenham i Essex, England.  Han var son av eigedomsforvaltar («bailiff») Walter William Scott i Dagenham, opphavleg frå Lambeth i Surrey og kona Hannah Jane Henley frå Strand i Middlesex og f. i Wimbledon, Surrey, England 1.1.1869.  George utvandra til Amerika med foreldri sine i 1873

 

     ##### (emigration year to be verified? – 1874?)

 

     og d. i Ingleside, Neb. 17.7.1932.  George Scott var jarnbanearbeidar («railroad switchman») og hadde òg vore gift før.  Carrie og George budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Carrie fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men George Scott hadde fem born frå første ekteskapet sitt.

f. Johannes, kjend som John Johnson, Jr., f. i Buffalo Co., Wis. 14.5.1864, d. i Wabasha, Minn. 26.7.1950.  John Jr. gifte seg i Wabasha Co., Minn. 6.6.1893 med Carolina Emma, kjend som Emma C. Ehrlinger.  Ho var f. i Wabasha Co., Minn. 26.3.1871 og d. i Wabasha, Minn. 19.10.1957.  John Johnson var murar («mason»), og han og Emma budde i Wabasha, Wabasha Co., Minn.  Dei var barnlause, men adopterte ein gut.

g. Johanna Johnson (1866‑1924), vart gift med husmannssonen Hans Sjurson frå Kvalsøyri under Kvale (1860‑1951) (s.d.).

h. Ingrid, kjend som Ellen Johnson, f. i Buffalo Co., Wis. 31.10.1867, d. i Minneapolis, Minn. 19.2.1897.  Ellen gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1892?)

 

     med Allen Daniel Gile, f. i St. Louis, Mo. 3.9.1865.  Han d. 4.2.1915.  Allen var barvert («bartender»), og han og Ellen budde ei tid i Coronado Beach, San Diego Co., Ca., men flytte våren 1894 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk ein son i lag.

i. Marie, kjend som Mary Johnson, f. i Buffalo Co., Wis. 2.11.1869, d. i Wabasha, Minn. kring 1891.

 

     ##### (to be verified!? – don’t find! – maybe she died in Buffalo Co., WI?)

 

     Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1888?)

 

     med Charles Ellsworth Blake, f. i Drummond, Qué. 30.6.1864.  Han d. i Oakland, Cal. 22.8.1935.  Charles Blake var snikkar («carpenter»), og han og Mary budde frå 1888 i Post Falls, Kootenai Co., Idaho, men Mary vart sjuk og flytte heim att til mori si i Wabasha, Minn.

 

     ##### (verified? – mother still a resident of Buffalo Co., WI 1892!)

 

     Charles Blake gifte seg først att i Kendrick, Idaho 13.8.1892 med Myrtle M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Murphy, f. Kern, f. i LeSieur Co., Minn.

 

     ##### (exact date of her birth? - July 1866 or 1867? – parents married Jan. 1868!)

 

     Men ho d.

 

     ##### (date and place of her death? – Oakland, CA after 1901/prior to 1908!)

    

     So gifte Charles seg tredje gongen i Oakland, Cal. 31.5.1908 med enkja Lucille Florence Stephenson f. Clark, f. i Lassen Co., Cal. 5.4.1880.  Ho d. i Oakland, Cal. 26.5.1959, men Charles og Lucille vart skilde

 

     ##### (year of divorce? – after 1910/prior to 1920!)

 

     og Charles gifte seg fjerde gongen i Oakland, Cal. 6.2.1922 med Anna Eliza, kjend som Alice Ruth Gillmore, f. Legg, f. i Wentworth, Ont. 7.1.1880.  Ho d. i Oakland, Cal. 31.12.1950, men dei vart òg skilde

 

     ##### (year of their divorce? – between 1925 an 1930!)

 

     Charles Blake var frå 1890-talet busett i Oakland, Alameda Co., Cal.  Han fekk i alt to born, ei dotter frå første ekteskapet med Mary og ein son frå det andre med Myrtle, men Myrtle hadde òg ei dotter frå første ekteskjapet sitt, medan tredje kona Lucille hadde fire born frå første ekteskapet sitt.   Siste kona Alice hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (daughter Lillie May Blake, born Post Falls, Kootenai Co., IA Sep. 28, 1889 – lived 1900 with aunt Anna Reed in Wabasha Co., MN)

 

j. Olaus J. Ottum, f. i Buffalo Co., Wis. 7.11.1871, d. i Mondovi, Wis. 24.8.1947.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 11.1.1899 med Tea Olava Hustad, sonedotter av husmannssonen Christen Erikson frå Notasva under Hauge (1801‑1864).  Tea var f. i Buffalo Co., Wis. 9.4.1883 og d. i St. Louis Park, Minn. 1.1.1963.  Olaus Ottum var handelsmann («merchant»), og dei budde ymse stadar nær Mondovi, Buffalo Co., Wis.  Dei fekk tretten born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.