Gå til innhold
Arkivverket

Nils Hess Christenson Bolstad (1819-1870) - utvandra 1858 frå Luster til Wisconsin. Hjelp til supplering av opplysningar om svigersonen Ole Miller og svigerdotteri Bertha Jacobsdotter frå Sør-Fron?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Nils Hess Christenson Bolstad jobba eg med for om lag 40 år sidan.  Eg har sidan greidd å finna ein del opplysningar, men står no ganske so fast, sroleg nr det gjeld svigersonen Ole Miller og ogso når det gjeld opphavet til Bertha Jacobsdotter frå Sør-Fron.

 

Det hadde gledd meg mykje om noko kunne sjå på desse utfordringane.  Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Hess Christenson Bolstad, son av føregåande brukar, var f. 3.2.1819 og gifte seg 11.6.1844 med Øllegaard Johannesdotter frå Hauge, f. 25.8.1824.  Nils Hess fekk skøyte hjå far sin alt 4.6.1844, og dei dreiv garden fram til dei i 1851 laut selja.  Truleg var dei òg offer for dei dårlege konjunkturane på den tidi, men dei fekk kår og vart buande på garden fram til 1858.

Nels og Ellen Bolstad utvandra til Amerika i 1858 og slo seg ned på ein farm i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Nels Bolstad d. 1.8.1870.  Ellen dreiv vidare til ho i 1880‑åri flytte til dotteri Anna i Decorah, la. der ho d. 29.6.1891. Nels og Ellen Bolstad fekk sju born i lag:

a. Anna N. Bolstad, f. i Luster 8.11.1845, utvandra med foreldri i 1858 og d. i Decorah, la. 28.7.1936.  Ho gifte seg  i Allamakee Co., Ia. 30.11.1866 med Iver Larsson kjend som Iver Larsen frå Medås i Granvin.  Han var son av gardbrukar Lars Iverson på Medås og kona Sigrid Vikingsdotter frå Havås og f. i Granvin 1.11.1837.  Iver utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850 og d. i Decorah, la. 23.8.1905.  Iver Larsen var forretningsmann («dry goods merchant«), og dei budde i Decorah, Winneshiek Co., Ia.  Dei fekk sju born i lag.

b. Johanna, kjend som Josephine N. Bolstad, f. i Luster 15.8.1847, utvandra òg med foreldri i 1858 og d. i Grand Forks, N.D 23.10.1927.  Josephine gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med

 

     ##### (his original name from Norway? – wherefrom?)

 

     i Amerika kjend som Ole O. Miller.  Han var son av

 

      ##### (full names of parents etc.?)

 

     og f.

 

     ##### (exact date and place of his birth?)

 

     .2.1853, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of his emigration? – 1872/1874?)

 

     Han d.

 

     ##### (date and place of his death? – after 1930!)

 

     Ole og Josephine farma i Northland township, Polk Co., Minn., men flytte kring 1906 inn til East Grand Forks, Polk Co., Minn. der Ole livnærte seg som bygningssnikkar («building carpenter»).  Dei var barnlause.

c. Christine N. Bolstad (1851‑1920), utvandra med foreldri i 1858 og vart gift i Amerika med enkjemann, husmann Andreas Arneson frå Nausti under Flahammar (1835‑1921) (s.d.).

d. Øllegaard kjend som Olga N. Bolstad, f. i Luster 8.1.1855, utvandra likeins med foreldri i 1858 og d. i Minot, N.D. 3.9.1928.  Ho gifte seg i Minneapolis, Minn. 26.7.1883 med enkjemannen Patrick William McGinty, son av John McGinty og Mary Margaret McCormick og f. i Donegal, Irland 16.1.1840.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1847 og hadde før vore gift med Mary Murphy.  Han d. i Renville Co., N.D. 22.7.1922.  Patrick og Olga budde nokre år i Minnetonka, Hennepin Co., Minn., men flytte sist på 1890-talet til ein farm i Big Lake township, Sherburne Co., Minn. og derifrå etter hundreårsskiftet vidare til ein farm i Lockwood township, Renville Co.,N.D.  Dei fekk åtte born i lag, men Patrick hadde visstnok òg minst åtte born i første ekteskapet sitt.

e. Johannes kjend som John N. Bolstad, f. i Luster 15.3.1858, utvandra òg med foreldri i 1858 og d. i Polk Co., Minn. 27.7.1927.  John gifte seg i Polk Co., Minn. 14.8.1883 med Bertha Jacobsdotter frå Steig i Sør‑Fron, i Amerika kjend som Bertha Jacobson.  Ho var dotter av husmann Jacob Olson på Knippa under Steig, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

     og kona Marit Pedersdotter frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

     og f. i Sør‑Fron 18.4.1849.  Ho utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of emigration?)

 

     og d. i Polk Co., Minn. 19.10.1925.  John og Bertha Bolstad farma i Sullivan township, Polk Co., Minn. og fekk tre born i lag.

f. Nels Hess N. Bolstad, f. i Crawford Co., Wis. 15.10.1860, d. i Crawford Co., Wis. 19.1.1930. Nels Hess Bolstad giftre seg i Vernon Co., Wis. 15.6.1893 med Nellie Louise Stebbins, f. i Columbus, Ohio 23.7.1863.  Ho d. i Crawford Co., Wis. 2.5.1923.  Nels Hess og Nellie Bolstad farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var barnlause.

g. Lars, kjend som Lewis N. Bolstad, f. i Crawford Co., Wis. 5.4.1863, d. i Vernon Co., Wis. 28.10.1928.  Lewis Bolstad farma i Wheatland township, Vernon Co., Wis., men budde òg mykje i Polk Co., Minn. og i Bowman Co., N.D.  Han var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

45 minutes ago, Lars E. Øyane said:

husmann Jacob Olson på Knippa under Steig, opphavleg frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

Han var vel rett og sltt frå Knipa under Steig - fødd i 1812:

SAH, Fron prestekontor, H/Ha/Haa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1799-1816, s. 200-201
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603530609

 

 

1568767602_Skjermbilde-JacobOlsen.PNG.4e66cf6eb5d85446fe1e6bac87479676.PNG

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

58 minutes ago, Lars E. Øyane said:

og kona Marit Pedersdotter frå

 

Her er dei vigde - men Flastagen??

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009063715

 

SAH, Fron prestekontor, H/Ha/Hab/L0001: Klokkerbok nr. 1, 1816-1843, s. 224
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603540226

 

 

1108412143_Skjermbilde-JacobOlsen2.PNG.ec18a89c0d304132cc702ff15622262d.PNG

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Jostein Stokke skrev:

 

Her er dei vigde - men Flastagen??

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009063715

 

SAH, Fron prestekontor, H/Ha/Hab/L0001: Klokkerbok nr. 1, 1816-1843, s. 224
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603540226

 

 

1108412143_Skjermbilde-JacobOlsen2.PNG.ec18a89c0d304132cc702ff15622262d.PNG

 

 

 

Det er vel PræstegaardsEjet vil jeg tro.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.