Gå til innhold
Arkivverket

Gjertrud Pedersdotter Tingestad, Fresvik, fødd 1767 - først til Balestrand og so til Årdal??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er på leiting etter opphav og lagnad til ei Gjertrud Pedersdotter som i 1801 var busett på Hovland i Årdal, ugift tenestejente på 30 år med ei dotter:

 

* Kari Andersdotter på 12 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058396002162

 

Det einaste «treffet» eg får ved søk i fødselsbasane er:

 

* Kari Andersdotter, døypt i Balestrand 2.10.1788 - «uekte» dotter av Anders Larsson Mæland og Gjertrud Pedersdotter Mæland!

 

Eg trur at Gjertrud Pedersdotter KAN vera identisk med Gjertrud Pedersdotter, døypt på Tingestad i Fresvik 29.9.1767 som dotter av Peder Andersson og Kari Nilsdotter.

 

Ho gifte seg i Årdal 10.5.1812 med husmann Johannes Johannesson på Steinhaugen under Jevnaker i Årdal (1778-1836), men dei fekk ikkje born i lag, og dødsfallet hennar er IKKJE registrert i Årdal!

 

** Kven var Gjertrud Pedersdotter - var ho frå Tingestad i Fresvik?

 

** Kvar vart det av Gjertrud Pedersdotter - flytte ho utover fjorden att?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sjekka ætteboka for Fresvik, men lite å henta der. Gjertrud Tingestad fødd 1767 hadde tre sysken, Anders f 1766, Mari f 1771 og Nils f 1775. Faren Peder fødd i 1731 og gift med Kari Nilsdtr Vangsnes i 1766. Peder sjølv var son av Anders Torson Tingestad 1698-1749 som hadde plass på ein stad kalla Sleipen.

Det er einaste opplysningane eg finn i ætteboka.

Står ikkje noko om kvar det vart av familien og borna til Peder og Kari. 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Anne Marie for nyttige og spennande innlegg!

 

Me er vel ikkje komne noko nærare ein identifikasjon av Gjertrud Pedersdotter, men tydeleg er det at denne huslyden ikkje kan ha vore so «bufast» som dei fleste andre, og namnekombinasjonen Gjertrud + Pedersdotter synest vera ganske so uvanleg i den perioden me her talar om...  Dessutan veit me at det var ein del flytting mellom strandbustadane langs heile Sognefjorden på den tidi...

 

Kanskje dukkar det opp andre opplysningar om desse folki?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

innlegg # 5:

 

Lars !
 

Ho som døyr 13 sept 1847, 84 år gamal, er det ei ekkja ? Og er bustaden Øvsttun eller Øvre … ?

84 år i 1847.  Då skulle ho væra født rundt rekna 1763.  Kva seier du Lars ?

Kjelda:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070514630550

eller:  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630550.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg # 6:

 

Lars !

 

Ang far til Kari Andersdtr døypt 2 okt 1788: Anders Larson Mæland. 
 

Ved søk på And (start fornavn), Mann, født før 1770, fødstad (start):  Bale

lykkast eg å få fram 79 navn.

KUN èin er Anders Larson Tuftedal f 1697 utan at det står noko meir om han.

——

Kjelda mi er KUN åpen for dei som er medlem av Slekt og Data, og er laga av èin amerikanar (som difor ikkje er så nøyen med lorsk lov, han tek også med dei som er levende i dag, innkl meg !).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bosted til husmannsenke Gjertrud Pedersdatter som døde 13.9. 1847 må være Øvreehrie i Lærdal, født ca. 1763. Den eneste med dette navnet i Lærdal/Årdal 1801 var hun som tjente på Hovland i Årdal og som da var 30 år. 

 

Hvor ble det av Gjertrud Pedersdatter fra Tingestad?

 

Broren Nils Pedersen giftet seg i Aurland 1800 med Ingeborg Ellingsdatter Stokkene eller Undredal, og han kalles da Frønningen. I følge dødsfallprotokollen for lensmannen i Nærøy døde Nils Pedersen Undredal i september 1858:

https://media.digitalarkivet.no/view/54820/19

 

I nærværende tid vites ingen arvinger står det, og så står det noe om søsken. De oppgivne arvinger er dels myndige og dels umyndige. Det står videre at registrering ble holdt dagen etter dødsfallet. 

 

Så ble det holdt skifteutlodning etter Nils i 1862. Det var ikke noe å arve, så det nevnes dessverre ingen arvinger:

https://media.digitalarkivet.no/view/24521/376

 

Men det fins skifteforhandlingsprotokoller og skiftedokumenter i Statsarkivet som ikke er skannet. Kanskje det kan stå noe i disse om arvingene til Nils Pedersen, og om hvor det ble av søstera Gjertrud Pedersdatter født 1767?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Jon og Terje for nye interessante innlegg!

 

Eg er samd med dykk i at Gjertrud Pedersdotter som døydde på Øvre Ehri i Lærdal i 1847, er den einaste aktuelle «kandidaten» i Lærdal/Årdal, men eg stussar svært på bustaden.  Øvre Ehri er eit stykke oppi dalen frå Lærdalsøyri, om lag der tunnellen til Aurland slår inn.  Kanskje har dotteri Kari Andersdotter busett seg der?

 

Korkje Gjertrud Pedersdotter eller Anders Larsson ser ut til å ha hatt noki tilknytting til garden Mæland i Balestrand - truleg var dei tenarfolk der...

 

Når det gjeld dødsfallet til Nils Pederson i Undredalen, KAN me vera heldige å finna nærare opplysningar om søskeni hans ved skiftet, men i so fall treng me nok skiftedokumenti.  Desse er samla i pakker, år for år, og krev tid for gjennomgong.  Mest truleg vil dei vera å finna i 1862, men KAN ogso vera eitt av dei føregåande åri.  For ei slik undersøkjing trur eg det er vanskeleg å spørja Statsarkivet om hjelp, men kanskje du, Jon, har tid og lyst til å ta deg ein tur på Statsarkivet for å røkja etter?  Av erfaring veit eg at skiftedokumenti kan vera utruleg spennande lesing!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera Gjertrud Pedersdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

innlegg # 9:

 

Lars !

 

Eg kan ta meg èin tur opp på Statsarkivet ein dag mellom fyrste og 10 mai, og då formidla kva eg evt fann av opplysningar der oppe hos Yngve & co.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget og hjarteleg takk for at du er viljug til å leita etter desse skiftedokumenti!  Pass berre på at du får rett skiftepakke - eg er ikkje sikker på om Nærøy med Undredalen den gongen høyrte til indre eller ytre Sogn...

 

Eg kan berre ønskja deg lukke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Lars !

 

Kom eg opp på Statsarkivet i dag. Èin god del seinare enn eg hadde lova.

 

Kva heiter det som ligg «pakka år for år» ? Det eg har fått utlevert er Skifteforhandlings-protokoller, og dei er i bokform.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.