Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'amla'.
Fant 3 resultater
-
Eg har i mange år freista finna ut av lagnaden til dette parfolket: Ole Olson Aarethun, fødd i Lærdal 25.9.1841 - gift på Kaupanger i Sogndal 16.6.1872 med enkja Kari Mortensdotter, fødd i Kaupanger, Sogndal 11.1.1829. Ifølgje bygdeboki for Kaupanger sokn, Sogndal, budde dette parfolket fram til kring 1890 som plassfolk på Mannhiller i Amla, om lag der ferjekaia ligg i dag, men vert so borte frå bygdi, og ikkje har eg greidd å finna dei att nokon annan stad heller. Dei fekk to søner i lag, men dei døydde kort etter fødsli. Frå første ekteskapet sitt med Morten Johannesson (1829-1867) hadde Kari åtte born, og dei som voks opp av dei, flytte alle til Laksevåg eller Bergen! Men so langt har eg ikkje greidd å finna att Ole og Kari i Bergen heller... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
- 5 svar
-
- mannhiller
- amla
-
og 1 flere)
Merket med:
-
Dette er ein huslyd som eg grubla veldig på i 1980-åri, men som eg aldri greidde å verta «klok» på! Kan tidi no vera kommi? Torkild Salomonson og Inga Eriksdotter kom båe i ung alder som tenestefolk hjå Bisgaard i Amla i Sogndal, han frå Luster og ho med ukjent opphav. Etter nokre år gifte dei seg og fekk slå seg ned på husmannsplassen Haugen under Amla. Men gleda varte ikkje so lenge. Torkild døydde alt i 1785, og ikkje før var mannen avliden, forsvann Inga frå Kaupanger med dei fire attlevande sønene deira. Ho gifte seg att og fekk to born til, men kven ho gifte seg med og kvar dei budde, er ei kjempeutfordring! Me veit i grunnen berre at tre av dei fire sønene etter Torkild og Inga alt i 1801, mellom 19 og 23 år gamle, var flytte til Vesterålen, Salomon til Øksnes og Ole og Otto til Dverberg. Det vart i 1821 halde skifte i Dverberg etter Ole Torkildson på Skaugvold i Dverberg, som då hadde drukna i lag med broren Otto og 28 andre personar (må ha vore ein stor båt!?), og me får greie på dei to halvsøskeni. Slik ser denne huslyden ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter oppdatering av opplysningane om denne huslyden er manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg står ganske so «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Trond Johnson (1704-1759), frå Timberlid under Amla, og andre kona Synneva Olsdotter (1715-1759), frå Plassen i Kinsedalen, Hafslo, var plassfolk på Plassen under Amla i Kaupanger sokn, Sogndal og fekk fire døtrer i lag: * Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 21.7.1748, døydde kort etter fødsli * Gjøri Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 2.2.1750, var 1767 tenestejente hjå mosteri Britha d.e. som budde i Vindedalen i Lærdal og som døydde det året. I 1777 vart det sagt om Gjøri at ho «skal bu syndenfor Bergen», men i 1785 er adressa hennar ukjend. * Christi Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 12.3.1753, tente mellom anna på Nagløyri i Sogndal, men vart gravlagd frå Bahus i Sogndal 24.10.1785, ugift og barnlaus. * Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 9.5.1756, budde i 1767 òg hjå mosteri i Vindedalen i Lærdal, men vart sagt vera sjukleg og døydde barnlaus før 1777. Kjelda frå 1777 er skiftet etter mosteri Britha Olsdotter d.y. som døydde ugift på Eide i Sogndal. Den store «utfordringi» her er Gjøri Trondsdotter, fødd i 1750. Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta over heile landet, men har so langt ikkje greidd å finna nokon som får meg til å «springa i taket»... Dei beste alternativi frå FT1801 er desse: * Guri Tronsdotter, 50 år, enkje, på Glendrange i Lund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058348001661 * Guri Tronsdotter, 51 år, gift med gjestgjevar Johan Michael Teusch på Grømstad i Øyestad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058326005290 * Guri Tronsdotter, 50 år, gift med gardbrukar Anders Olson på Espetved i Bakke: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058345001417 Men eg ser at ei Guri Tronsdotter er døypt på Ryg i Bakke 5.3.1752, so denne siste er kanskje alt «eliminert»... Eg ser òg fleire i Møre og Romsdal i «rett» alder, men dei budde jo på «feil side» av Bergen...? Det hadde vore kjempefint om nokon kunne hjelpa meg finna lagnaden til denne Gjøri Trondsdotter frå Amla i Sogndal, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive