Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'vindedal'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Dette er ei kjempegåte som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje tidi no er kommi? Anders Einerson Vindedal, fødd i Lærdal 17.10.1826 (son av Einar Andersson og Kirsti Olsdotter), gifte seg i Lærdal 19.6.1853 med Eli Jansdotter Dalsøren, fødd i Luster 4.6.1821 («uekte» dotter av Jan Johannesson og Rannei Knutsdotter). Dei skal eit par år ha butt som husmannsfolk på Grindateigen under Vindedalen, men utvandra til Amerika i 1857. Eg kjenner ikkje til at dei fekk born i Noreg. Yngste søsteri til Anders var: * Christi Einersdotter Vindedal, fødd i Lærdal 25.8.1845, utvandra i 1863 - gifte seg på Spring Prairie, Columbia Co., WI i 1869 med Bertel Martin Monsson frå Lærdal: Marriage Date 1869.10.22 Church Location Spring Prairie, Columbia Co. Groom First Name Bertel Martin Groom Last Name Monsen / Groom Age 41 Groom Birth Place Laerdal Groom Fylke Sogn og Fjordane Groom U.S. Residence Bristol Groom's Father Mons Hansen Groom's Mother Mari Olsdatter Bride First Name Kristi Bride Last Name Enersdatter / Bride Norwegian Name Bride Age 23 Bride Place of Birth Bride Fylke Bride U.S. Residence Bride's Father Ener Andersen Bride's Mother Kersti Olsdtr State Wisconsin County Columbia Co. Eldste barnet deira var fødd same staden året etter: Birth Date 1870-02-17 Age Sex Child's Name Karoline Father's Name Berthel Martin Monsen Mother's Name Kristi Enersdatter Source Spring Prairie County Columbia State Wisconsin Elles hadde ingen av dei søsken som utvandra til Amerika. Er det mogeleg å finna ut noko som helst om lagnadane til Anders og Eli i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Trond Johnson (1704-1759), frå Timberlid under Amla, og andre kona Synneva Olsdotter (1715-1759), frå Plassen i Kinsedalen, Hafslo, var plassfolk på Plassen under Amla i Kaupanger sokn, Sogndal og fekk fire døtrer i lag: * Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 21.7.1748, døydde kort etter fødsli * Gjøri Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 2.2.1750, var 1767 tenestejente hjå mosteri Britha d.e. som budde i Vindedalen i Lærdal og som døydde det året. I 1777 vart det sagt om Gjøri at ho «skal bu syndenfor Bergen», men i 1785 er adressa hennar ukjend. * Christi Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 12.3.1753, tente mellom anna på Nagløyri i Sogndal, men vart gravlagd frå Bahus i Sogndal 24.10.1785, ugift og barnlaus. * Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 9.5.1756, budde i 1767 òg hjå mosteri i Vindedalen i Lærdal, men vart sagt vera sjukleg og døydde barnlaus før 1777. Kjelda frå 1777 er skiftet etter mosteri Britha Olsdotter d.y. som døydde ugift på Eide i Sogndal. Den store «utfordringi» her er Gjøri Trondsdotter, fødd i 1750. Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta over heile landet, men har so langt ikkje greidd å finna nokon som får meg til å «springa i taket»... Dei beste alternativi frå FT1801 er desse: * Guri Tronsdotter, 50 år, enkje, på Glendrange i Lund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058348001661 * Guri Tronsdotter, 51 år, gift med gjestgjevar Johan Michael Teusch på Grømstad i Øyestad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058326005290 * Guri Tronsdotter, 50 år, gift med gardbrukar Anders Olson på Espetved i Bakke: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058345001417 Men eg ser at ei Guri Tronsdotter er døypt på Ryg i Bakke 5.3.1752, so denne siste er kanskje alt «eliminert»... Eg ser òg fleire i Møre og Romsdal i «rett» alder, men dei budde jo på «feil side» av Bergen...? Det hadde vore kjempefint om nokon kunne hjelpa meg finna lagnaden til denne Gjøri Trondsdotter frå Amla i Sogndal, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.