Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'borgarkrigen'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Erik Thorson, son av Thor Torkildson (1817-1874) og Elisabeth Olsdotter (1817-1898), husmannsfolk på Hammaren under garden Sande i Luster, var fødd i Luster 7.4.1844, men utvandra med foreldri til Amerika i 1854 og busette seg i Buffalo Co., WI. Men, då Borgarkrigen melde seg, slutta Erik seg til dei friviljuge. Han skal ha kalla seg for Erick THOMPSON, men det vert fortalt at han miste livet på slagmarki, truleg i Georgia våren 1865. Kan nokon hjelpa meg finna fleire detaljar om lagnaden hans? Eg takkar si mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Johannes Christopherson Berge, fødd i Luster 23.7.1838 som son av Christopher Thomasson og Rannei Samuelsdotter, husmannsfolk i Utladalen på fjellet mellom Luster og Årdal, utvandra til Dane Co., WI i 1857, men er sporlaust forsvunnen der borte. Broren Thomas utvandra i 1859, òg til Dane Co., WI, og med kona Martha Tollefsdotter fekk han 12.5.1863 ei dotter Johanna. Kanskje er det berre «laus gissing», men eg trur at sidan Johannes forsvinn nettopp på den tidi, at Johanna kan vera oppkalla etter han og at Johannes kan vera omkomen i Borgarkrigen!? Fleire av brorborni til Johannes tok ættenamnet Christopher i Amerika, og difor har eg antyda i overskrifti at Johannes KAN ha kalla seg for John Christopher... Lat meg elles leggja til at Johannes hadde to brør i Amerika, i tillegg til Thomas, var det òg ein Peder, og dei flytte båe med huslydane deira kring 1864 til Dakota Co., NE, men der har eg ikkje sett noko til Johannes!! Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!
  3. Ludvig Ingebrigtson, eldste son av Ingebrigt Ludvigson (1810-1846) og kona Synneva Haaversdotter (1812-1884), husmannsfolk på plassen Tubbene under Dalsøyri i Luster, var fødd i Luster 24.12.1838 og utvandra til Amerika i 1862 i lag med bestemori Kari Østensdotter (fødd 1786). Mori og tre søsken var utvandra året før til Madison, WI. Huslyden skreiv seg i Amerika for det meste under namnet BRICKSON, som òg kan ha vore namnet so Ludvig nytta (Louis Brickson?), men medan eg har finne att både mori opg søskeni, har eg so langt ikkje greidd å finna lagnaden til bestemori Kari og unge Ludvig! Kvar kan dei ha gøymt seg? Ludvig var i rett alder til å verva seg som soldat i borgarkrigen, so kanskje det vart lagnaden hans? Det hadde vore skikkeleg moro om me kunne finna att denne ungdomen i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Christen Olson Flikki, fødd i Luster 17.9.1835, som «uekte» son av Ole Christenson Alme (1810-1877) og Christi Johannesdotter Sage (1807-1875), sidan gift og busett på ein plass under Dalsøyri i Luster, utvandra til Amerika i 1857 (#80): https://media.digitalarkivet.no/view/8403/11 Christen hadde elles ikkje noko med garden Flikki å gjera, so truleg har han berre tent der, eller kanskje voks han opp der? Han nytta Flikki-namnet også då han vart konfirmert i 1850 (#18): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/107 Kan Christen ha vore borgarkrigssoldat? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne karen!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.