Dette er ein huslyd som eg har hatt liggjande på «teiknebrettet» sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å gjera so mykje med. Kyrkjebøkene for dette området i Romsdalen har vore vanskeleg tilgjengelege, og eg har gått og venta på lokale bygdebøker som kanskje kan hjelpa? Eller finst det kan annan lokal ekspertise som kan hjelpa meg?
Christen var ein av fleire brør som flytte til Romsdalen frå Luster på denne tidi, men eg kjem attende til dei hine. Her er eit oppdatert manuskript for huslyden til Christen og Anna:
~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!