Det vart 18.10.1777 halde eit skifte etter husmannskona Margretha Knutsdotter på plassen Norra under Hæreid i Årdal. Ho var fødd på Fodnes i Lærdal som yngste dotter av husmann Knut Olson (Bagge) og kona Martha Andersdotter og vart døypt i Lærdal 8.12.1736. Skiftet finn me på høgre sida her: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/168
Det levde att tre søsken etter Margretha:
* Anders Knutson (1724-1799), bror, var busett i Lærdal
* Anna Knutsdotter (døypt i Lærdal 14.10.1719) - 55 år, busett i Bergen med formyndar broren Anders Knutson
* Martha Knutsdotter (døypt i Lærdal 11.7.1734) - 43 år, formyndar John Jørgenson på Øyri i Årdal
Lagnadane til dei to søstrene er ei kjempeutfordring!
Det vart 21.4.1745 halde skifte etter faren Knut Olson på Fodnes i Lærdal (venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/24137/172
Mellom borni som er opprekna, finn me:
* Anna Knutsdotter, gift med Johannes ..............? - kva farsnamn står det her?
Einaste alternativ eg finn i Lærdal er denne vigsli: Anna Knutsdotter med Johannes Johnson vigde 6.11.1744: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-J9F
https://media.digitalarkivet.no/view/11593/100
* Martha Knutsdotter, umyndig
* Margretha Knutsdotter, umyndig
Martha Knutsdotter finn me i ekstraskatten for Årdal frå 1762 som tenestejente på Hæreid, tydeleg ugift, og truleg vart ho aldri gift, men noko dødsfall har eg ikkje greidd å finna for ho!
Og kva med lagnaden til Anna? Ho var tydeleg enkje i 1777, og i kyrkjebøkene for Bergen finn eg fleire «kandidatar»:
** Anna Knutsdotter, 25.2.1782, 61 år, enkje frå 11-116
** Anna Knutsdotter, 5.6.1788, 78 år, enkje
** Anna Knutsdotter, 15.5.1786, 69 år, frå enkjehuset i Bergen
Er det ei av desse??
Eit anna spørsmål: Dersom bror hennar var formyndar i 1777, tyder ikkje dette på at ho ikkje hadde born etter seg?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Anna og Martha!