Search the Community
Showing results for tags 'jørgensen'.
-
Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #30803 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/116393-30803-amund-gregorius-jørgensen-blaalid-f-selje-1876-båtbyggjar-på-ljan-i-oslo/ Eg har nylig motteke interessante opplysningar om denne huslyden, og kan i dag syna fram følgjande oppdaterte manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Amund Gregorius Jørgensen, f. i Vågsøy 8.3.1876, d. på Ljan i Oslo 19.5.1945. Amund flytte i 1895 til Bergen der han 24.10.1896 gifte seg med Gunhild Iversdotter frå Skjold i Fana, f. i Fana 12.3.1857. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – i Fana kring 1914?) Amund og Gunhild slo seg ned som gardbrukarar på Nordeide i Fana, og etter ei tid som skofabrikkarbeidar i Bergen starta Amund snart opp med eigen skofabrikk på Nordeide der han og Gunhild budde fram til 1914. Som enkjemann flytte Amund til Ljan i Oslo der han heldt fram som skomakar og sidan òg som båtbyggjar. Han og Gunhild var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Det er framleis eit stort «mysterium» kvar det vart av Gunhild, kona til Amund Jørgensen. Eg har leitt både i Fana og i Birkeland sokner i Fana, men finn ho ikkje nokon av stadane. Kan ho ha vorte med Amund til Austlandet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dagens påskenøtt tek oss frå Luster til Bergen via Fana. Ein svigerson skal vera frå Ulstein, medan ein annan var translatør og notarius publicus i Bergen! Eg har vanskar med å finna opphavi til dei to svigersønene og likeins lagnaden til dotteri Berthe Lucie og mann hennar! Manuskriptet mitt for brørne Torger og Johannes Halvorssøner frå Fortun i Luster ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter talrike spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 under! Kanskje greier nokon òg å finna lagnaden til Johannes, som truleg òg flytte til Bergen...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.