Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'samuelson'.
Fant 2 resultater
-
Gjertrud Marie Samuelsdotter Raaum er ei jente frå Luster som eg har vore på leiting etter i minst 40 år. Kanskje det no omsider er på tide å finna ut meir om lagnaden hennar? Ho var fødd i Luster 20.7.1872 som dotter av dåverande kårmann Samuel Bugge Erikson Raaum (1805-1897) og tredje kona hans Ingeborg Olsdotter (1833-1910). So vidt me veit, nytta ho til dagleg namnet Maria (eller Mary) etter at ho i 1893 utvandra til Amerika. Då far hennar døydde i Luster i 1897, var ho busett i Starbuck, Pope Co., MN. Mori Ingeborg døydde under namnet Ingeborg Samuelson i Madison, Lac qui parle Co., MN 10.1.1910, men nokon liktale (obituary) for ho har eg ikkje finne. Ættenamnet til Gjertrud Marie kan ha vore anten Raaum eller Samuelson. Etterkomarar etter søskeni hennar fortalte meg på 1980-talet at «aunt Mary» frå Starbuck, Pope Co., MN skal ha flytt til Milam, Chippewa Co., MN, men at ho døydde under ein sjukehusoperasjon før 1945, truleg på sjukehuset i Appleton, Swift Co., MN. Eg har ingen opplysningar om at ho var gift! Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut: * Kva yrke ho hadde på ulike bustadar? * Kva dato og stad ho døydde? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Etter at lagnaden til Samuel Olson (1851-1929) vart so grundig drøfta med stor success: https://forum.arkivverket.no/topic/223402-løyst-samuel-olson-fødd-i-søndre-land-1851-via-jostedalen-til-amerika-i-1866-gift-med-bergit-buxengard-sist-sett-i-dunn-co-nd-1920-kvar-vart-det-av-dei-og-kven-var-bergit-ei-amerikansk-utfordring/ fekk eg no lyst til å leggja ut eit tema om to av halvbrørne hans: Ole Samuelson (1816-188?) og Kari Endresdotter (1840-1911) utvandra til Amerika i 1866 og farma i Utica township, Crawford Co.,. WI I tillegg til sonen Samuel, som Ole hadde frå før, fekk han og Kari ni born i lag som eg kjenner til. Ein son døydde barn i Noreg. Alle dei andre åtte levde i 1880, jmf. FT1880 for Utica township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-97Z9 Ifølgje FT1900, då Carrie var enkje og budde hjå yngste sonen i Albert Lea, MN, hadde ho hatt heile elleve born, og av dei var seks då i live: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTF7-C5X FT1910, då ho framleis budde med yngste sonen, men då nær Hazen, Mercer Co., ND, er det diverre ikkje oppgjeve noko tal på born: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV5-LFC Ho døydde nær Hazen, ND 18.9.1911 Me veit at dei tre døtrene frå FT1880, Lena, Mary og Carrie, alle levde lenge etter mori, og det same gjorde Erick og George. Erik var forresten den einaste av desse brørne, med unntak av halvbroren Samuel, som i mange år nytta Olson som ættenamn! Eg var for mange år sidan i kontakt med ein etterkomar etter George, og vedkommande fortalte meg at ein av brørne, ein viss «Frank» «forsvann»,men ingen av brørne heitte noko slikt... Både Erick og George var innom snikkaryrket, og eg trur at sonen Hans døydde som ugift snikkar i Chicago, IL i 1892. Men so var det dei to siste: ** Olaus Andreas, kjend som Ole A. Samuelson, fødd i Jostedalen 26.2.1863 ** Endre, truleg kjend som Andrew Samuelson, fødd i Jostedalen 31.7.1864 Eg ser ikkje noko til Ole, men FT1900 for La Grange village nær Chicago, IL syner ein ugift snikkar Andrew Samuelson, fødd i Noreg juli 1864, men med ukjent utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6S49-M9S Eg har stor tru på at denne Andrew kan vera «vår» Endre, men kvar vart det i so fall av han etter 1900? Og kvar vart det av Olaus «Ole A.»? Kan det tenkjast at det finst ein OBITUARY etter mori Kari «Carrie» Samuelson som døydde nær Hazen, ND 18.9.1911? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive