Gå til innhold
Arkivverket

[#15801] Ridder Halvard Engelbregtsson (Slekten Rustung?)


Gjest Øystein Lillegaard
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Ser at eg kom til å skriva at far til Torbjørn Olavsson (Bratt) var Olav Christiernsson. Dette er sjølvsagt feil. Olav hadde ein bror som heitte Christiern. dei var truleg begge sonar til Olav Torbjørnsson.Sidan eg likevel er inne her, så kan eg kanskje nemna resten av skipseigarane som vart skattlagde av Bergenhus i 1518.1. Jon Gautesson2. Haldor i Kielvigen3. Svend Skriver4. Aslak Eriksson5. Øystein Stensson6. Per Henningsson7. Johan Kruckow8. Per Ivarsson9. Oluf Sivordsson10. Anders Hansson11. Lauris Bentsson12. Ivar Ellingsson13. Hr. Henrik14. Laurits Skriver15. Bjørn Helgesson16. Jon Trondsson17. Nils Olsson18. Jon Eriksson i Trondheim19. Olav Trondsson (nemnd ein Gaute på skipet)20. Torstein Torsteinsson på Senja21. Torvald Torsteinsson på Senja22. Siwat Askelsson23. Unge GullikDet er også nemnd ein Oluf Torfinnsson i Lødingen, samt ein Hans Stangh. Også ein Aaghe, Nils Henriksson fogd for Fosen og Edøy. Ein Gaute Torbjørnsson på Fossen i Etne og ein Sigurd Stensson i Gamvik er også blant dei som vart skattlagde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

I en norsk våpenbok fra ca 1580-95 finnes det våpnet til en Torbjørn Gautesson. Jeg har trodd dette var han som var av slekten Dall, men han fører ikke denne ættens våpen. kanskje en sønn av Torbjørn Gautesson i 1518 ?Hvor bodde denne herr Henrik ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Nei, det er ikkje så heilt opplagt, men det ser ut som han frakter fisk for ein Las, eller Laurits skrivar, som er fogd i Herøy el. 'Breme' sogn, kanskje på Helgeland, sidan det dreier om fisk? Ein annan stad har eg sett den same fogden ha vore omtala som fogd i Rødøy. Her Henrik er kanskje prest?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Frå 15. til 19. fraktar alle fisk for Mats Fynbo frå Lofoten og Vesterålen. Nr. 17, Nils Olsson kan vera bror til Torbjørn Olavsson (Bratt) m.fl. Torbjørn skulle visstnok ha ein bror some heitte Nils (samt to som heitte Jens) som vart busett i Sogn. Nr. 16. og 19. kan vera brør, men kven var far deira?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Det går også fram av rekneskapen for Bergenshus 1518 at det var ein Olav Bagge som 'følgde' Haldor i Kjelvika. Skal tru kven denne Olav Bagge var? Kunne det vera far til Magdalena m.fl.? Om Haldor kunne halda seg med slike tenarar, så måtte han helst vera av dei mektigaste i Nordlanda på den tida?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.