Jump to content
Arkivverket

Tyding av ættenamn i Sogndal?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har vanskar med å tyda eit ættenamn som førekjem minst tre gongar i kyrkjebøkene for Sogndal:

 

* Vigsel 14.12.1773 mellom Johan Petter ...oesing og Madame Karen Sunde von Santen: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/66

 

* Barnedåp 5.6.1774 av Echa Margrethe, dotter av Johan Petter ...oesing og Karen von Santen: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/72

 

* Barnedåp 10.1.1776 av Lars Benjamin, son av Johan Petter ...oesing og Karen von Santen: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/89

 

Kva var ættenamnet til denne korporalen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Dei som har transkribert kyrkjebøkene for Sogndal, har tolka namnet til SLOESING, men eg er ikkje so overtydd om det kan vera rett...?  Dei har forresten òg tolka førenamnet til dotteri fødd i 1774 til Elen Margrethe, men igjen er eg ikkje so sikker på om det stemmer...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Eg synest "Sloesing" er ei grei lesing av desse innskriftene (ved dåpen i 1774 er også  Karen kalla med dette namnet og "fød von Santen")

 

Namnet på dottera er ikkje så lett å lese, men her trur eg du har meir rett enn avskrivarane.

 

Link to comment
Share on other sites

Fornavnet til datteren har jeg notert som Echte. Dette fornavnet er noe i bruk i Danmark som "Egte". Hun ble gift i Paris 29. mars 1796 med Chrétien Philippe Mylius (døpt Christian Phillip), født i Schønberg ved Bensheim 11. februar 1767, kjøpmann, død i Versailles i Frankrike 14. mai 1840. Chrétien var sønn av Johann Friedrich von Mylius som ble født 15. februar 1714 i Barmstedt i Slesvig-Holsten og døde i Schønberg ved Bensheim 22. mars 1778 og begravet ved Gronau/Odenwald 24. mars. Johann ble 2. gang gift i Speyer 2. september 1756 med Clara Louisa Leutwein, født i Sulzfeld/Baden 16. januar 1733, død i Schønberg(?) 1771, datter av sogneprest Johann Christian Philipp Leutwein og Christina Barbara Schönlin.

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar, Sven og Rune for nye spennande innlegg i denne debatten.

 

Då er namnet med andre ord Sloesing (Schloesing), og Johan Petter og Karen flytte altså sist på 1770-talet(?) til Schweighausen som eg oppdagar ligg like i nærleiken av Haguenau - ein idyllisk småby som eg vitja for berre tre veker sidan(!).

 

Namneproblemet er med andre ord løyst, MEN den store utfordringi mi er å finna ut noko om lagnaden til dotteri som Karen von Santen hadde i første ekteskapet med Lars Benjamin Sunde, Malene Elisabeth Sunde.  Men dette spørsmålet vert vidare drøfta i eit anna tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/213536-elisabeth-«lise»-sunde-fødd-kring-1765-gift-i-bergen-1793-døydde-mellom-1801-og-1805-kven-var-ho-dødsfallet-hennar/

 

Ein ny kjempetakk for løysing av dette problemet med ættenamnet til Johan Petter!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.