Gå til innhold
Arkivverket

Riverts (Rivert, Rivers, Rivertz) og Sponnich (Sponneck, Sponek); Trondheim, Orkdal og Hemnes


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

På 1700-talet finn vi ei rekkje med personar i kjeldene i Trondheim, Orkdal og etter kvart i Rana og Hemnes som er nemnt med variasjonar kring familienamna Riverts og Sponnich. Enkelte er omtalt i det gamle brukarforumet og på DIS-forumet (sjå under), men det er mange spørsmål og enkeltståande opplysningar, og lite samanheng. Eg har prøvd å samle trådane noko, og meiner å ha ein del av samanhengen, men det er enno hol og spørsmål. Dette er eit forsøk på å sette opp ein oversikt over det som er kjent, og kan hende få tetta nokon av hola. Så får de bere over med meg at det blir litt langt...

 

Opphavet til slektsnamnet Riverts ser ut til å vere mannsnamnet Rivert, og bruken av det forkorta patronymet Riverts[en/datter]. Innafor det geografiske og tidsmessige området som her er aktuelt dukker det opp to menn som er opphav til dei som eg har klart å plassere, og begge ser ut til å ha sitt opphav i byen Amrum i Holstein:

 

Boye Riverts[en], skal vere født på Amrum (ei øy utafor vestkysten av Slesvig) kring 1680 og teke borgerskap i Trondheim 1712 som skipper. Han var fyrst gift 1712 med Anna Elisabeth Omeyer og så i 1722 med Kirsten Simonsdotter Svane. Boye Rivertsen omkom da skipet Emanuel forliste ved Smøla hausten 1722. Born:

  1. Maria (1713-1743), gift 1736 med prokurator og landfiskal Aage Larsen Bierch (c.1710-1764)
  2. Else (c.1714-1756), gift 1749 med sokneprest i Måsøy, Hammerfest og til sist Rødøy Claus Christian Christian Jensen Kjelstrup (1720-1783)
  3. Boletha (c. 1716- ), gift 1747 med repslager Rasmus Andersen Falch i Kristiansund
  4. Rivert (1718-c.1725)

 

Så vidt eg kan skjønne er det ingen av etterslekta etter Boye Riverts[en] som er aktuelle når ein seinare kjem til Riverts i Orkdal. Da kjem vi til den andre av dei to overnemnte:

 

Rivert Jansen el. Johansen skal òg vere født på Amrum og som Boye over vere innvandra til Norge og Trondheim som skipper. Om det er noko slektskap mellom desse er ikkje kjent. Han var gift med Anna Catharina (c.1690?- ), dotter av skipper Hybert Eriksson (f. i Stavanger, seinare borger i Trondheim busatt "i Bendallen udj Nommedals fogderie"). Han og kona Catharina Asmus hadde ei anna dotter Helena (c.1695? - ) gift med skipper Johan Michael Wibe (1697 - ). Rivert Jansen omkom som Boye over ved forlis, under ei kryssing til Irland i august 1728. Buet er fallitt (over 1000 rdl. meir ei gjeld enn verdiar), og det er ikkje namngitt nokre arvingar, berre at han etterlet seg "mange u-myndige Børn". Enkja annonserer seinare arv- og gjeldsfraskrivelse på egne og sine barns vegne. som lagverge har ho Monsr. Jens Juell.

 

Det kan sjå ut til at desse etter kvart har slege seg ned i Orkdal, og det kan vere enkja som er død på Øra i Orkdal 1778 (Enke Chatarina Riverts, 89 år). Frå midten av 1700-talet og utover dukkar det opp mange potensielle born i kyrkjebøkene. Desse skulle da vere født mellom omlag 1715 og 1728:


Ellen Riverts (c.1716 - 1786) er fyrste gong nemnt i Orkdal i mars 1734 som fadder til Even Schomager på Øren si dotter Ragnhild. Fadderane var:  "Msr. Petter Vith, Michel Krigsvold, Erich Anderssen, Ellen Riivert, Elisabeth Eriksdatter og Kiersten Jørgensdatter Kroen". Neste gong er det i feb. 1737 som mor til ei uekte dotter: "Torsdagen igien døbte Ole Ross, Lieut. Ole Brun og Elen Riverts uægte pige barn No: Olava Margrete. Faddere: Peder Skienck, Anker og Mathis Storch, Thomas Elen, Mette Bie og Madselle Abrahamma Chatrina Leth". Barnefaren her var Ole Frantzson Brun (c.1712-1771), som var Fenrik ved 3. Trondhj. nasj. inf.regts Ørchedalske komp. 1734-1736 og permiærlytnant ved sammes Rennebuske Comp. 1736-1752. Barnet døyde tidleg, og vart gravlagd 22 mars: "Fredagen der efter (før 3. sønd. i faste) nedsat og begraved Lieut. Ole Bruns og Elen Riverts u-ægte pige barn".

 

Etter dette, tre gonger som fadder des. 1740 (Ole Tambur sin Ole, faddere: Andreas Biertingstad, Lars Grøn, Ellen Rivert, Beret Jacobsdatter og Mildri Sivertsdatter.), des. 1743 (Corp. Møller sin Petter Fredrich, faddere: Serg. Ausig, Serg. Lehm, Ole Larsson Smed, Ellen Rivert og Maren Larsdotter) og nov 1745 (Hans Pedersen på Øren sin Lars, faddere: Niels Bie, Lars Fandrem, Johan Bie, Elen Rivert og Ane Meistad på Øren).

 

Ho vart i 1746 trulova og gift med Ole Larsen Smed (trulovarar: Jacob Lind og Niels Bie). Denne Ole Larsen Smed er òg kalla Ole Larsen Steen. Så vidt eg kan sjå har dei hatt minst tre døtre:

  1. ? Christiana, f. ?? (dåp ikkje funne), gift c.1766? (vielse ikkje funne?) med Hartvig Lorentzen Nideros. Ettersom fyrste barn med Hartvig Nideros er f. 1767 er no vel født tidleg i ekteskapet, like før eller like etter Anne Cathrine. Truleg er ho kalla opp etter mor til Ole Larsen, og kan vel såleis vere eldst. Dette er trangt kronologisk, med truloving i nov. '46, vielse i des. '46 og Anne Catharina sin dåp 'nov. 47.
  2. ? Anne Cathrina, f. 1747 (Foreldre: Ole Smed på Øren. Faddere: Hr. Leut. Rimstad, Johan Albert Rivert, Madm. Krigsvold, Madselle Benedichte Leth og Maren Øren), gift 1768 med Hans Jørgen Freriksen Dyblie. Dei flytta til Trondheim, stor etterslekt (m.a. sønaner 'Christian Helm', 'Rivert Johansen' og 'Johan Rivert' og ).
  3. Anne Olsdatter, f. 1751 (Foreldre: Ole Smed. Faddere: Nils Bie, Christian Sten, Chatrina Rolfsen, Ane Dorthea Jordan og Chatrina Rivert). 

Strandsidder Ole Larsen Steen med kone Ellen Rivers er nemnt på Øra i ekstraskattlistene 1762. Saman med dei er døtrene Christiana og Ane Catrina Olsdøtre, men ikkje Anne. Om dette er av di ho er for ung, eller om ho er død i mellomtida kjenner eg ikkje til.

 

Etter dette er ho nemnt ytterleg seks gonger som fadder i mai 1748 (Corp. Lorentz Brun og Chatrina Rivert sin u-ekte son Lorentz. Faddere: Ole Larssen Smed, Jacob Lind, Tomas Fredriksen Tromp, Madm. Rimstad og Ellen Rivert), jul. 1751 (Christian Lund sin Elias, faddere: Nils Bie, Johan Albert Rivert, Thomas Tromf, Ellen Rivert og Jertrue Andreas Tromf), jan. 1753 (Jacob Liend på Øren sin Andreas. Faddere: Ole Larssen på Øren, Johan Albrigt Rivert, Tomes Larssen, Ellen Rivert og Gjertru Iversdatter på Øren), okt. 1764 (Frantz Anderssens Ermegaard. Faddere: Hans Skienk, Jørgen Greisen, Elen Rivert, Karen Joensdatter og Karen Torsdatter), des. 1768 (Børsa: Hartvig Nideros sin s: Ole, faddere: Ole Larsøn Sten, Hans Giørgen Dyblie, Jens Torsøn, Elen Steen, Karen Rivert) og nov. 1769 (Børsa: Hans Giørgen Dyblie sin d: Elen Kirstina, faddere: Ole Steen, Arent Dyblie, Elen Sten, Berette Dyblie, Bergitte Prosch?).

 

Elen og Ole døyde i Trondheim, og vart begge begravd i Vår Frue kyrkje i Trondheim:

1789: 25. 24de Mart: Røyert Ole Larsen Steens kone Elen Rivertsdr. Sponich i 1ds Jord, Død af Tæring. 70 1/4 år. 

1791: 25. 13de Febr: Røyert Enkemand Ole Larsen Steen i 1des jord. Død af Obstruction. 71 år og 10 mnd.


Chatrina Rivert (c.1725 - 1803), som i 1748 fikk ei dotter med Corporal Lorentz Brun. Truleg er dette Lorentz Franzen Brun, bror av Ole som fikk ei dotter med Ellen i 1734. Dette er nok den same som Trina Rivers som i 1754 vart gift i Orkdal med Christian (von) Helm (d. 1768). Han er nemnt på Svorkmo frå 1748 og må vere ein bror eller brorson av Alethe Kjerstine von Helm som var gift med bergkirurg Christian Mosling og fadder til to av borna under. Dei fikk fire born n. på Svorkmo:

  1. dødfødt jente, f. 1755.
  2. Antonetta Kierstina, f. 1756 (Faddere: Sr. Christian Mosling og kiæresten, Sognepræsten Hr. Ross, Singn. Lurentz Møller, Madme. Skelderup og Madame Bendicte Johan Andersens.)
  3. Riverte Sponeck. f. 1757 d. 1820 (Faddere: Mad. Møller, Mademoiselle Grethe Møller, hr. Løytnat. Muller, Seig. Hans Larsen Møller og Ole Larsen Steene)
  4. Nicolaj, f. 1760 (Faddere: Madamme Ahleth H. Moslings, Jomfrue Martha Møller, Mademoiselle Christiana Schioldager, Seign. Niels Biering, Mr. Hans Ejnersen Gram og Johan A: Mørch)

Catharina døde på Sørkilmo i Stjørdal i 1803, hjå dottera Antonetta Kierstina gm. Carsten Dreyer Bredal.

Johan Albert (Albrigt) Rivert/Sponnich (1729 - 1812) er nemnt som fadder i Orkdal frå 1747 til 1753, hhv: nov. 1747 (Anna Cathrina Steen, over), jul. 1751 (Elias Christiansen Lund, over), feb. 1752 (Gabriel Skredder sin Elen, faddere: Peder Kusk, Johan Rivert, Ingebor Skienald, Maret Røme og Jertru Aasen), jan. 1753 (Andreas Jacobsen Lind, over) og jul. 1753 (Gabriell Skredders drenge barn No: Ingebret. Fad. Michel Krigsvold, Johan Rivert, Fredrich Bie, Daardi Morten Bergs q. og Siri Iversdatter Follo).

 

Han vart 1757 gift med Karen Iversdotter (Trulovarar: Ole Larssen (Steen) og Mortinus Bager), og dei hadde fire born:

  1. Iver, f. 1757 (døypt som u-ekte, ein månad før trulovinga. Faddere: Mortinus Sundli, Peder Solhus, Fredrik Bie, Jertru Aasen og Ellen Kusk). Truleg død ung (før 1764).
  2. Rivert, f. 1759 d. 1829. Gift med Olava Maria Meldal (born: Johan Albert Sponnich (1789-1854) og Reinholt Fredrik Meldal Sponnich (1794-1795)). I 1801 omtala som "Kommissionær Rivert Sponech", Lensmann i Orkdal 1804-18. Kjøpte 1807 Nervikmyra. Etterslekt i Orkdal brukte etternamnet Sponnich.
  3. Iver, f. 1764. Her manglar eg kjeldebelegg, men etter det eg kan skjønne må dette vere den Iver Riwertz som vi finn i Hemnes: Gift fyrst med Karen Marstrand (son: Johan Albricht Riverts f. Tjøtta 1793), deretter i 1798 gift i Hemnes med Johanna Leinich (c.1774-1842). Mulig dotter før ekteskap f. c. 1787: "Maren Iversdatter Rivertz", 14 år, nemnt på Remman i Alstahaug i 1801 (ingen dåp funne i Tjøtta i Alstadhaug eller i Trondheim)". Han er nemnt i 1802 som borger, jekteskipper og/eller kjøpmann.  Iver død i Hemnes 1847. Frå han stammer ei slekt Rivertz, m.a. arkiktekten Kristen Rivertz.
  4. Hybert, f. 1769 d. 1831. I 1801 hjå foreldra på Hovsøra, med yrke fisker ("Hybert Rivertz"). Gift i Orkdal 1806 med Agneta Andersdotter Svorkmoe.

 

Johan Albrigt er nemnt i kjeldene hovudsakleg med etternamnet Rivert/Riverts, men ved gravferda i 1812 er han kalla Johan Albrigt Sponnich. Som vi ser over har Chatrina ei dotter Riverte Sponeck f. 1757. Før dette har eg ikkje funne dette slektsnamnet i bruk. Kor kjem dette frå, og korleis har det seg at nokre byrjar å bruke dette og andre ikkje?

 

Karen Riverts har eg funne nemnt berre ein gong, ved dåpen til Ole Hartvigsen Nideros i des. 1768 (over)


Ole Rivert Øren har eg berre funne nemnt i samband med dottera Ellen Cathrina f. 1757 (Døbt Ole River på Øren sin Ellen Chatrina, faddere: Fredrik Skrøder, Kristian von Helm, Mikel Krigsvold, Jertru Hagen, Ambor Maria Nervig og Ingeborg) og påfølgjande introduksjonen (Introdusert Ole Rivert Ørens q.).

 

Anne Chatrina Rivers vart 1738 gift i Orkdal med Michel Pedersen Krigsvold (d. på Øra 1764). Dei hadde ingen born. Både Michel og Madame Krigsvold finn ein fleire gonger som fadder saman med andre Riverts-folk. Min hovudterori er at dette er enkja etter Rivert Jansen som er gift på nytt.

 


Referansar

 

Brukarforumet:

 

Gamle brukarforum:

 

DIS-forum:

Endret av Håvard Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppsummering:

Som det går fram over er det mykje her som manglar dokumentasjon. Eg har ikkje funne namn (eller antal) på nokon av Rivert Jansen sin mange born, og dei opplista Rivertsborna er såleis som ein konjektur å rekne. Vi ser at det er eit tett samband mellom desse, med mange gjensidig fadderskap, så at det er slektskap her er nokså sikkert. Vi ser òg at namna Rivert, Hybert og Anne Catharina (dei kjente namna frå skipperslekta i Trondheim) kjem att i etterslekta til både Elen og Johan Albrigt. Den enklaste forklaringa (men ikkje dermed einaste) er at det er snakk om sysken: borna til Rivert Jansen.

 

 

 

Ser ein bort frå desse er det enkelte andre lause trådar,  mellom anna Rivert Helm (f. c.1752), handelsmann og gjestgjevar på Mo i Rana. Han skal visstnok ha vore i nær slekt med Rødøypresten Morten Ottesen Helm, men eg har ikkje funne korleis, eller kven som kan vere Rivert sine foreldre.

http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Handelsstedet_Meyer_i_Mo_i_Rana

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058471002357

 

Eg ser Per Nermo har han som syster av Johanne Helm (link) som av Erlandsen er oppgitt som syster av Morten Ottesen Helm og dermed dotter av Dverberg-presten Otte Mortensen Helm. Erlandsen har ingen son Rivert av Otto Mortensen. Det er heller ingen slik son døypt i Bjørnør i dette tidsrommet, medan Hr. Otto var kapellan der.

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang. Elen og Cathrina Riverts og brødrene Ole(Oluf) og Lorentz Frantzen Brun:

 

Ole og  Elen fikk datteren Olava Magrete, dpt. 28/2 og grl. 22/3 1737 i Orkdal.

Elen døde visstnok 70 1/4 år gml. i Trondheim i 1786 og Ole Steen 71 år 1 mnd. gml. i Trondheim i 1791.

 

Lorentz og Cathrina fikk sønnen Lorentz, dpt. 9/5 1748 i Orkdal. Cathrinas første leiermål.

Endret av Berit Knudsen
Retting
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk. Eg hadde ikkje fått med meg at Olava Margrete døyde så ung.

 

Elen og Ole har eg no funne begravd i Vår Frue kyrkje i Trondheim:

25. 24de Mart: Røyert Ole Larsen Steens kone Elen Rivertsdr. Sponich i 1ds Jord, Død af Tæring. 70 1/4 år. 

25. 13de Febr: Røyert Enkemand Ole Larsen Steen i 1des jord.  Død af Obstruction. 71 år og 10 mnd.
 

Dette skulle plassere Elen sin fødsel kring des. 1715 og Ole sin kring apr. 1719.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nytt for meg at Elen står oppført som Elen Rivertsdatter Sponich da hun ble gravlagt. Om hun var ektefødt må vel hennes far vært en Rivert Sponich.  Eller kan Sponich være morens etternavn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som nemnt over er òg Johan Albrigt og hans etterslekt benemnt med både Rivert og Sponnich som etternamn til ulike tider. I tillegg har vi Catharina si dotter Riverte Sponnech Helm.  Dersom konjekturen stemmer og desse er sysken må det ha kome gjennom ein av foreldra.

 

Faren Rivert Jansen kan godt ha hatt Sponnich som slektsnamn, lite er kjent om hans bakgrunn.

 

Ein ting eg fann er saksa frå tråden om våpena i Veøy kyrkje linka over: "Hei i boka Norske slektsvåpen av Hans A.K.T.Cappelen nevnes det et lignende våpen bare det at det ikke er liljer.'Tre firbladinger med blad og sammenvokste stengler'(Tinktur ukjent).tilhørte Rivert Jansen(-1729) fra Trondheim tok navnet Rivertz og sønnesønnen Iver førte seglet med initilaer i skjoldet og blomster på hjelmen." Så spørs det om det går an å kople dette våpenet til noko...

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det. Nå er ikke Riverts egentlig så interessant for meg. Det kommer an på om Catrinas uekte sønn, Lorentz Lorentzen (Brun) vokste opp. Men hvis han også døde så er det ingen forbindelse mellom Riverts og Brun.

 

Ang. kilden din Dis-forum Sponneck-slekten (2003). I siste innlegg der står det flere faddere. Jeg vet ikke om det er av interesse eller om du allerde vet det men, Madame Hanna M. Brinchmanns pikenavn er Johansdt. Hammer og hun var gift med sogneprest til Orkdal

Christopher Brinchmann.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nok berre perifer kjennskap til dei ulike Orkdalsprestane utover 1700-talet, diverre, men samanhengen her er notert... :)

 

 

Slektsnamnet Sponnich/Sponick i Norge

Når det gjeld slektsnamnet Sponnich er det ikkje unaturleg å sjekke ut andre med same namn på denne tida. Det fyrste som da kjem opp er den tyske grevelege, etter kvart m.a. i Danmark naturaliserte adelsslekta, von Sponeck. Denne skal stamme frå fire sysken von Hedwiger frå Schlesien, tre brør og ei syster, som fekk tilkjent tittelen av Reichgraf von Sponeck av keisaren i 1701 i samband med systera sitt giftermål med hertugen av Württemberg-Mömpelgard (fr. Montbéliard), Leopold Eberhard. Den eine av desse brørne var  Georg Wilhelm, f. 1672, som kom i dansk teneste kring 1710 og avanserte i 1715 til generalmajor. Han vart i 1716 sendt til Norge kor han hadde ulike komandoar fram til 1720. Etter freden returnerte han til Danmark som kommandant i København, fram til sin død i 1740. Han etablerte den Dansk-Norske greina av familien som vart annerkjent som dansk adel i 1889.

 

I Orkanger-boka frå 1945 skriv Håkon Hoff om "lensmann Johan Rivertz Sponnich", far til skomakaren Jørgen Sponnich  (s. 238): "Sin utnevnelse til lensmann hadde han mottatt i 1805, og utnevnelsen skjedde etter forslag av stiftamtmann Erik Must Angell. Sponnich'enes norske stamfar var generalløytnant Georg Wilhelm Zedewiger von Sponnich, som kom i dansk krigstjeneste og ble sjef for den norske generalstab i 1716. Lensmannen var sønnesønn av ham og hadde vært på kontoret til hos stiftamtmannen Angell før sin utnevnelse til lensmann".

 

Her blander nok Hoff korta litt, for den Johan Albrigt Rivertsson som var far til Jørgen skomakar var født kring i 1789 og vart neppe utnemnt til lensmann som 16-åring. Hans far Rivert Johansson Sponnich var født i 1759 og vart utnemnt til lensmann i 1804 eller 1805 mot å betale pensjon til føremannen, Ole Jacobsson Mæhlum. Han søkte avskjed i 1818, og ba da om at sonen Johan Albrigt skulle få ta over, men det skjedde ikkje. (ref: Orkdalsboka II, s. 145).

 

Eit anna Sponeck-spor er sjef for det Nærøeske kompani av 1. Trondheimske regiment, major Leopold Wilhelm Ludwig Graf von Sponeck, som m.a. er rulleført i 1748. Han er da oppgitt å vere 48 år gamal og født i "Mympelgart"? (dvs. Mömpelgart/Montbéliard?), og skal ha vore i teneste i 31 år (dvs. sidan om lag 1718), 13 av desse ved 1. Trondheimske regiment. Tittel, namn og fødestad skulle tilseie at dette er ein son av ein av Hedewid/Sponeck-syskena nemnt over. Kring 1700 var Leopold Eberhardt i besittelse av sine landområder i Montbéliard, og hadde i alle fall svogeren Georg Wilhelm i si teneste.  I Personalhistorisk Tidsskrift II (1881) finn vi i artikkelen  "Stifts Relationer" om Adelige i Danmark og Norge, Indsendte 1747-49 til Terkel Klevenfeldt. (s. 49-50): "Udi Næroe-Gjeld afindes ingen som meere tydeligen kand beviise sit Adelskab end: 1. Høybaame Leopold Ludwig Wilhelm Greve af Sponeck, som nu er Major af Infanteriet og Cheff for Næroens Compagnie. Hans Fader var den fordum berømmelige Greve von Sponeck, Ridder af Elephanten og Commendant udi Kiøbenhafn. (...) Næroe Præstegaard d. 13 Maji 1748, P. Høyer". Dette skulle bety at Majoren her er ein son av Georg Wilhelm. I tillegg har Geni ein bror Andreas Eberhart (1713-1766)


Skal det vere noko her vil det seie at Johan Albrigt Riverts/Sponnich (1729-1812) skal vere son av riksgreven Georg Wilhelm, født i Kjøbenhavn om lag 30 år etter majoren nemnt over. Georg Wilhelm var etter det eg kjenner til gift ein gong, siden 1698, med Anna Sophie Bojanowa som i 1729 skal ha vore godt oppe i 50-åra. Det er heller ikkje nokon god forklaring på kor Riverts-namnet kjem frå her. Hoff oppgir ingen kjelder, og når han roter såpass med lensmennene i nærområdet er det vanskeleg å sett lit til resten utan anna informasjon. Inntil det foreligg nokon god oversikt over Georg Wilhelm sine born trur eg nok vi kan legge denne linken på is... Eg har prøvd å finne noko informasjon på nett om etterslekta, men det har vore vanskeleg.

 

Ellers kan nemnast om Rivert Johansson Sponnich (1759-1829): Han er 1782-1786 nemnt som tenar for "Hr. Oberst og Greve av Schmettau" (dvs. Oberst Carl Jacob Waldemar, greve av Schmettau, som 1776-87 var sjef for det 3. Trondhj. nasj. inf.regt), seinare kommanderande general norenfjeldsk og kommandant i Trondheim (Ovenstad II, s. 369)). Han er i 1786 omtalt som "fulmægtg hos Grev Smittau, Rivert Johans." ved dåpen av ei uekte dotter Karen i Klæbu. Ho er seinare konfirmert i Orkdal 1802, "Karen Rivertsdatter Sponnich, 16 år".

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.1.2018 den 0.49, Håvard Moe skrev:

Ser ein bort frå desse er det enkelte andre lause trådar,  mellom anna Rivert Helm (f. c.1752), handelsmann og gjestgjevar på Mo i Rana. Han skal visstnok ha vore i nær slekt med Rødøypresten Morten Ottesen Helm, men eg har ikkje funne korleis, eller kven som kan vere Rivert sine foreldre.

http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Handelsstedet_Meyer_i_Mo_i_Rana

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058471002357

 

Eg ser Per Nermo har han som syster av Johanne Helm (link) som av Erlandsen er oppgitt som syster av Morten Ottesen Helm og dermed dotter av Dverberg-presten Otte Mortensen Helm. Erlandsen har ingen son Rivert av Otto Mortensen. Det er heller ingen slik son døypt i Bjørnør i dette tidsrommet, medan Hr. Otto var kapellan der.

 

Eg har prøvd å finne noko meir på denne Rivert Helm. I følgje Axel Coldevin i boka 'Hemnes og Mo prestegjeld til 1850' (1965) heitte han "Rivert Sponech Helm" og var sønn av en feltskjær i Trøndelag og fetter av Ivar Rivertz i Korgen. Dette skulle bety at han var ein son av Christian (von) Helm og Chatarina Riverts. Det er imidlertid problem med kronologien her: Dei vart trulova i august, og gift i desember 1754, medan Rivert i følgje FT1801 var født kring 1752. Det er vel same Rivert som er nemnt i ein notis i Bergens adressekontors etterretning 29. okt. 1823: "At Rivert Helm, der henved 8te Aar har beboet min Gaard Lochøen i Sartors Skibrede, den 14de d. M. afgik ved Døde, undlader jeg icke at gjøre bekjendt for hans Beslægtede og Venner. Han var født i Nordlandene den 20de December 1752, og blev jordet ved Fjelds Kirke den 22de October 1823.   Dankert D. Krohn." (I kyrkjeboka for Sund er døds- og begravingsdato oppgitt to dagar tidlegare).

 

Her sitt vi med nokre motstridande opplysningar:

  • Dersom faren var feltskjær i Trøndelag er han neppe født i Nordlandene (at Christian Helm var feltskjær går fram m.a. ved begravelse etter enkja i 1803: "Enke Madame Chatarina Sl: Feldskier Helm")
  • Dersom han er født i ekteskap mellom Christian Helm og Catharina Riverts er datoen oppgitt nesten to år før foreldra vart gift
  • Ingen dåp funne nemnt i Orkdal (Orkdal/Svorkmo) eller Trondheim (DK/VF) som skulle samsvare med fødsel mellom desember 1752 og 1755.
  • I eit par av trådane på DIS-forum nemnt over er nemnt dottera Reiverte Sponnich f. 1757, døypt 2. juledag, men etter det eg kan sjå er vel dette ein son (d. barn) Rivert?

Basert på dette tyder vel ting på at Rivert Helm i Mo, død på Stord i 1823, er denne sonen f. 1757, sjølv om årstaler er fem år feil...? Diverre ingen skifter å finne etter foreldra (far Christian d. på Svorkmo 1768, der verkets skifteprotokoller er tapt; mor Catharina ikkje funne ved skifter i Stjør- og Verdal sorenskriveri).

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Funn fra militære ruller:

 

Innrullet 9. aug. 1725:

Skipper Rivert Janssen, født på Amron, Holstein. Bosted Trondheim. 45 år og gift. Skipper og styrmann i 21 år.

Merknad om at han forulykket i 1728 på vei til Irland påført i etterkant.

Sjøfarende skippere fra Trondheim, Sjøinnrulleringen - Trondhjemske distrikt, Sør-Trøndelag fylke, Eldre rulle nr. 3.2 (1725-1725)

 

Rivert Jansen var i Trondheim allerede i 1708:

«Trundhiems Bye.

Oluf Bendsen Röraas.

Aº 1708 dn 6 Martji med skipper Rifvert

Jansen her fra til Amsterdam og der

fra ham gaaen, siden ingen under-

retning.»

Sjøinnrulleringen - Trondhjemske distrikt, Utskrivningsvesenet, Sjøutskrivningen, nr. 4: Ruller over sjøfolk i Trondhjem by og distrikt, 1704-1710, Protokollside, Side 56

 

Tar også med en annen Rivert funnet i rullen fra Trondheim:

«Trundhiems Bye.

Rivert Boyssen Fridrich

Aº 1707 dn 17 Martji gaaen herfra med

skipper Svend Nielsen til K.hafn, og dn 20de

aug samme aar med dito skipper hidkommen

siden ingen underretning.»

Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Sør-Trøndelag fylke, Eldre rulle nr. 4 (1704-1710), Protokollside, Side 140

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra kirkeregnskapet i Trondheim:

- Vor Frue 15. juli 1709. Rivert Jansen betalt for vielse i huset.

- Vor Frue 1. mai 1719. Skipper Riwert Jansen betalt for barnedåp; lys på alteret og nevnt i bønnen.

Trøndersk personalhistorie. 2, s. 15 og s. 18

 

- Vor Frue 18. okt. 1712. Skipper Riwert Jansens barn, jord.

- Vor Frue 8. nov. 1712. Skipper Riwert Jansens barn, jord.

Trøndersk personalhistorie. 1, s. 81

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Merkelig at Rivert Janssen ikke lar seg finne i tollregisteret - Soundtoll registers online

 

Skipper Boye Riverssen derimot finner jeg (her står det at han er fra Nieuwendam):

Endret av Grete Singstad
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 27.2.2021 den 11.06, Grete Singstad skrev:

Funn fra militære ruller:

 

Innrullet 9. aug. 1725:

 

Skipper Rivert Janssen, født på Amron, Holstein. Bosted Trondheim. 45 år og gift. Skipper og styrmann i 21 år.

Merknad om at han forulykket i 1728 på vei til Irland påført i etterkant.

 

Sjøfarende skippere fra Trondheim, Sjøinnrulleringen - Trondhjemske distrikt, Sør-Trøndelag fylke, Eldre rulle nr. 3.2 (1725-1725)

 

Rivert Jansen var i Trondheim allerede i 1708:

«Trundhiems Bye.

 

Oluf Bendsen Röraas.

 

Aº 1708 dn 6 Martji med skipper Rifvert

 

Jansen her fra til Amsterdam og der

 

fra ham gaaen, siden ingen under-

 

retning.»

 

Sjøinnrulleringen - Trondhjemske distrikt, Utskrivningsvesenet, Sjøutskrivningen, nr. 4: Ruller over sjøfolk i Trondhjem by og distrikt, 1704-1710, Protokollside, Side 56

 

I følgje Henry Berg (Trondhjems sjøfart under eneveldet 1660-1814, s. 65) fikk Rivert Jansson august 1707 kommandoen på byssen "Den forgyldte Hjort" på 30 læster. Denne skulle egentlig ha blitt overtatt etter skipper Tay Nommesen av Rasmus Lesche, men han satt i fangenskap i Frankrike etter å ha blitt oppbragt av en kaper med skipet "de Frede". Om det var dette som brakt ham til Trondheim, eller om han allerede var knytta til byen kjenner eg nok ikkje til.

  

På 27.2.2021 den 11.06, Grete Singstad skrev:

Tar også med en annen Rivert funnet i rullen fra Trondheim:

 

 

«Trundhiems Bye.

 

Rivert Boyssen Fridrich

 

Aº 1707 dn 17 Martji gaaen herfra med

 

skipper Svend Nielsen til K.hafn, og dn 20de

 

aug samme aar med dito skipper hidkommen

 

siden ingen underretning.»

 

Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Sør-Trøndelag fylke, Eldre rulle nr. 4 (1704-1710), Protokollside, Side 140

 

 

Interessant. Eg kjenner til Boye Rivertsson, òg frå Amrum, som tok borgarskap i Trondheim 1710. Kan dette vere faren? Det er mulig det er noko slektskap her med Rivert Jansson, med same førenamn som går att og same opphav på Amrum, men eg kjenner ikkje til korleis dette skal henge saman. Dette er så langt eg har registrert dei einaste med Rivert-namnet i Trondheimsområdet på denne tida.

 

Sjekk for øvrig ut podcasten "Den triste fortellingen om Boye Rivertsen" av Snorre Valen i serien "Trønderhistorier med Terje Bratberg":

https://open.spotify.com/episode/6fNUHuzbQPnqi4V4oTvXcX?si=S2yoKE5WQy6RxkEjXmgmfA

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 27.2.2021 den 11.36, Grete Singstad skrev:

Merkelig at Rivert Janssen ikke lar seg finne i tollregisteret - Soundtoll registers online

 

 

Kan det vere at Rivert Jansson utelukkande har segla Nordsjøen mot Nederlanda og dei Britiske øyene, og ikkje har vore i Østersjøen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Håvard Moe skrev:

Sjekk for øvrig ut podcasten "Den triste fortellingen om Boye Rivertsen" av Snorre Valen i serien "Trønderhistorier med Terje Bratberg":

https://open.spotify.com/episode/6fNUHuzbQPnqi4V4oTvXcX?si=S2yoKE5WQy6RxkEjXmgmfA

 

Da har jeg hørt podcasten. Takk for tipset, den likte jeg godt! Her fikk man et levende bilde av Boye Rivertsen og hans spennende liv, samt tips til gode kilder.

Hvis man vil lese istedet for å høre kan det gjøres her: https://www.tronderdebatt.no/den-triste-fortellingen-om-boye-rivertsen/f/5-122-5675

I artikkelen av Snorre Valen kan man også se flere bilder/illustrasjoner, bl.a. kista til Boye Rivertsen og kona Anna Elisabeth Omeyer - den var feiende flott!

 

Kiste+pa%25CC%258A+hvit+bakgrunn+Nidaros

 

 

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Håvard Moe skrev:

I følgje Henry Berg (Trondhjems sjøfart under eneveldet 1660-1814, s. 65) fikk Rivert Jansson august 1707 kommandoen på byssen "Den forgyldte Hjort" på 30 læster. Denne skulle egentlig ha blitt overtatt etter skipper Tay Nommesen av Rasmus Lesche, men han satt i fangenskap i Frankrike etter å ha blitt oppbragt av en kaper med skipet "de Frede". Om det var dette som brakt ham til Trondheim, eller om han allerede var knytta til byen kjenner eg nok ikkje til.

 

Skipper Rivert Jansson avla borgerlig troskapsed som skipper og fikk sitt borgerbrev 15. aug. 1707.

Sør-Trøndelag fylke, Trondheim rådstuerett, Rådstuerettsprotokoll nr. 9 (1707-1710), Rettsprotokollside, Side 7

Endret av Grete Singstad
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 27.2.2021 den 11.06, Grete Singstad skrev:

Tar også med en annen Rivert funnet i rullen fra Trondheim:

 

«Trundhiems Bye.

Rivert Boyssen Fridrich

Aº 1707 dn 17 Martji gaaen herfra med

skipper Svend Nielsen til K.hafn, og dn 20de

aug samme aar med dito skipper hidkommen

siden ingen underretning.»

 

Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Sør-Trøndelag fylke, Eldre rulle nr. 4 (1704-1710), Protokollside, Side 14

 

15. mars 1707:

«Rivert Bojssen Fridrich». Født på «Eiland Föer» (Föhr er naboøya til Amrum). Bor i Trondheim, 34 år og ugift. Da vet vi mer om han. Det er vel helst snakk om vanlige navn i Nordfriesland, men man vet jo ikke om det likevel er slektskap mellom brukerne av navnet Rivert/Rivertsen i Trondheim.

 

På samme side finner man forresten en fra Amrum; Johan Friderichssen Finck fra «Eiland Ammeron», 23 år og ugift, død 13. juli 1707. Det var altså flere i byen fra denne lille øya.

Hovedrulle, Trondheim by, Eldre rulle nr. 3.1 (1704-1707), Protokollside, Side 186

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da er det vel rimeleg å konkludere med at dette ikkje er far til Boye Rivertsson, tenkjer eg. Han var etter det eg har notert f. kring 1680, altså berre om lag sju år yngre enn Rivert Bojssen Fridrich.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hyggelig at podkasten blir satt pris på - takk! Boye er en morsom type, men det må understrekes at spekulasjonene på slutten er nettopp det, spekulasjoner. Jeg tviler på at de stemmer, men det blir en morsom historie av å ha det med.

 

Jeg har klødd meg mye i hodet over mye ved Boyes familie. Én ting er at det er vanskelig å finne fram i danske kirkebøker på denne tiden, synes jeg. Jeg har forsøkt å lete litt etter fødselsen hans i tidsrommet 1680 - 1685, men ikke greid å finne noe, og jeg er ikke sikker på at jeg har lett på rett sted.

 

En annen ting er noe jeg har mast litt om her tidligere, hans svigersønn. Boyes datter Bolette giftet seg med Rasmus Andersen Falch, som seinere dro til Kristiansund. Det er en vanlig oppfatning at dette er en etterkommer av Adrian Falkener, men det tror jeg som tidligere nevnt ikke særlig på. Hvor han og Bolette ble av før de døde er heller ikke lett å finne ut. Sønnen Christian Rogart endte opp på Smøla, men foreldrene ble ikke med dit.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjenner du til om det er kjelder for Amrum tilgjengeleg på nett, eller må ein ned til området for å finne noko? Øya er vel i dag tysk, men var vel dansk fram til 1864...

 

Når det gjeld repslageren i Kristiansund, har du sett (og ev. sjekka ut) informasjonen om repslager-slekta Falch på Strømsø nemnt m.a. i denne gamle tråden?

Ein kandidat til foreldre der kan vel vere repslager Anders Sørensen Falch (1680-1724) gift 1710 m. Anne Olsdotter Dorph (1685-1763). Det hadde jo vore interessant å funne skifte etter Anders Sørensen død 1724... Rasmus Andersen i Kristiansund har eg registrert som f. ca. 1719.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, jeg kjenner til den tråden, men etter å ha kommet over Rasmus Falch og navnet på hans mor (og tante) i tingbøkene for Trondheim, tror jeg heller ikke det stemmer. Der vises det til at Rasmus' mor bor på Christiansø, Bornholm: 

 

https://forum.arkivverket.no/topic/244279-rasmus-andersen-falch-f-1719/?tab=comments#comment-2083683

 

Grete Singstad fant en god kandidat i denne tråden, men jeg har ikke fått undersøkt det videre. Uansett tror jeg opplysningene om Rasmus' mor og tante i tingboka tilsier at en for godt kan gravlegge teorien om at Falch skal være etterkommer av Falch-familien fra Tjøtta. Personlig tror jeg han bare tok navnet selv, og at denne Falch-familien dermed oppsto med ham. Mindre glamorøst, men langt mer sannsynlig etter min mening.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor navnet Sponnich kommer fra, er et godt spørsmål som familien har lurt på lenge. Jeg er takknemlig hvis noen finner det ut.

Broren min skriver at Iver Rivertz og Rivert Helm var fettere. Iver Rivertz kom i hvert fall til Yttern og senere til Korgen. Etter at han kom dit har jeg god oversikt over ham og familien. Han er min tipp-tipp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Snorre Valen skrev:

Ja, jeg kjenner til den tråden, men etter å ha kommet over Rasmus Falch og navnet på hans mor (og tante) i tingbøkene for Trondheim, tror jeg heller ikke det stemmer. Der vises det til at Rasmus' mor bor på Christiansø, Bornholm: 

 

https://forum.arkivverket.no/topic/244279-rasmus-andersen-falch-f-1719/?tab=comments#comment-2083683

 

Grete Singstad fant en god kandidat i denne tråden, men jeg har ikke fått undersøkt det videre. Uansett tror jeg opplysningene om Rasmus' mor og tante i tingboka tilsier at en for godt kan gravlegge teorien om at Falch skal være etterkommer av Falch-familien fra Tjøtta. Personlig tror jeg han bare tok navnet selv, og at denne Falch-familien dermed oppsto med ham. Mindre glamorøst, men langt mer sannsynlig etter min mening.

 

Denne siste tråden hadde eg ikkje fått med meg... interessant. Eg har heller ikkje noko særleg tiltru til Tjøtta-linken. Det er alltid eit dårleg teikn når det plutseleg dukkar opp ein ellers ukjent person utan kjeldebelegg i slike anerekker (I dette tilfellet faren "Andreas Jacobsen Falch"). 

 

 

6 timer siden, Sigrid Strompdal skrev:

Hvor navnet Sponnich kommer fra, er et godt spørsmål som familien har lurt på lenge. Jeg er takknemlig hvis noen finner det ut.

Broren min skriver at Iver Rivertz og Rivert Helm var fettere. Iver Rivertz kom i hvert fall til Yttern og senere til Korgen. Etter at han kom dit har jeg god oversikt over ham og familien. Han er min tipp-tipp.

 

Dersom konklusjonen i min post frå Januar 6, 2018 over stemmer vil Iver Rivertz og Rivert Helm vere syskenborn, ved at sistnemntes mor Cathrine (Trine) er syster av fyrstnemntes far Johan Albrigt. Det hadde vore interessant å funne korles Axel Coldevin har komme fram til dette. Er det kjelder i Nordland som omtaler dette, eller har han studert opphavet i Orkdal?

 

Det store mysteriet her er kor Sponnich-namnet kom frå. Eg ser det er enkelte trær rundt på nettet som påstår at det kjem frå Leopold Wilhelm Ludwig, Graf von Sponeck (1700-1769). Dersom det skal vere noko hald i dette må han ha vore far til Johan Albrigt Rivert (1729-1812) (og ikkje bror som eg nemner i mitt innlegg over). Det er fleire problem med dette:

  • Leopold Wilhelm Ludwig, Graf von Sponeck døyde i 1769, ugift. Samtidig har eg i fyrste post her skissert to-tre aktuelle sysken av Johan Albrigt i Orkdalsområdet, m.a. Ellen f. 1715
  • Johan Albrigt kan for så vidt vere født utanfor ekteskap (med sine mulige sysken), men eit anna problem er namnet: I alle kjelder eg har funne i Orkdal frå 1740-åra og fram til folketellinga i 1801 opptrer han med Rivert, Riverts eller Rivertz som etternamn/patronym. Den einaste gongen eg finn han nemnt med noko anna er når han vert gravlagt i 1812 som Johan Albrigt Sponnich. Han bør såleis vere son av ein Rivert.

Johan Albrigt sin son, Rivert Johansson (1759-1829), dukker opp med Sponnich-namnet i 1780-åra. Den andre broren Iver (1764-1847) er kalla Iver Johansen Rivert ved sin konfirmasjon i 1779 medan siste bror Hybert (1769-1831) er kalla Hybert Johansen Sponek ved konfirmasjonen i 1786. Det ser dermed ut som noko Johan Albrigt har teke på sine eldre dagar, men samtidig har vi sett at Johan Albrigt si syster Ellen (1715-1786) er kalla Elen Rivertsdatter Sponich ved gravferda i 1786 (men alltid kalla Ellen Rivert i Orkdal frå 1730-åra til 1760-åra).

 

Den mest logiske forklaringa, basert på framstillinga i starten av tråden, er at dette er eit namn Rivert Jansen eller kona Anne Cathrine Hybertsdotter har tilknytning til, men det er rart at namnet skal vere ute av bruk i nesten eit århundre for plutseleg å dukke opp...

Endret av Håvard Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.1.2018 den 0.34, Håvard Moe skrev:

Rivert Jansen el. Johansen skal òg vere født på Amrum og som Boye over vere innvandra til Norge og Trondheim som skipper. Om det er noko slektskap mellom desse er ikkje kjent. Han var gift med Anna Catharina (c.1690?- ), dotter av skipper Hybert Eriksson (f. i Stavanger, seinare borger i Trondheim busatt "i Bendallen udj Nommedals fogderie"). Han og kona Catharina Asmus hadde ei anna dotter Helena (c.1695? - ) gift med skipper Johan Michael Wibe (1697 - ). Rivert Jansen omkom som Boye over ved forlis, under ei kryssing til Irland i august 1728. Buet er fallitt (over 1000 rdl. meir ei gjeld enn verdiar), og det er ikkje namngitt nokre arvingar, berre at han etterlet seg "mange u-myndige Børn". Enkja annonserer seinare arv- og gjeldsfraskrivelse på egne og sine barns vegne. som lagverge har ho Monsr. Jens Juell.

 

Det kan sjå ut til at desse etter kvart har slege seg ned i Orkdal, og det kan vere enkja som er død på Øra i Orkdal 1778 (Enke Chatarina Riverts, 89 år).

 

 

Kirkeregnskapet over kirkestoler i Vår Frue kan fastslå at Anna Catharina flyttet til Orkdal før 1735. Regnskapet viser at hun også bodde der før 1712.

Stolebøker fra Vår Frue og Domkirken er avfotografert av Erlend E. Mæhlum og er en meget flott kilde.

 

Vår Frue stolebøker

  • 3. mai 1712: Under «Qvindfolkstolene» opplyses det Anna Catrina Rivert Janssens bor i Orkdal (stol 4).
  • Anna Cathrina Rivert Janssens kjøpte plass i stol 4 11. mai 1712.
  • Anna Catharina Rivert Janssens betaler for kirkestol 4 for årene 1728-1730.
  • I 1735 får vi vite at Anne Catharina bor i Orkdal, hun betaler derfor ikke for plass i stol 4 dette året.

-----

Legger til denne:

  • 1712, stol 12, får vi vite at en skipper Boÿ Riverts er død.
Endret av Grete Singstad
Fikset lenke
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oj, dette er eit veldig fint funn Grete! Dette tetter på mange måter det største holet i oppsettet mitt over, i at det fjerner usikkerheita i at det faktisk er enkja Anne Cathrine som er kome til Orkdal og dermed understøtter teorien om at dei mange Riverts-ane i neste generasjon er born av Rivert Jansson og Anne Cathrine Hybertsdotter.

 

Så kan ein jo lure på korleis det har seg at ho budde i Orkdal før 1712. Som vi har sett tok Rivert borgerskap i Trondheim i 1707 og vart gift med Anne Cathrine i 1709. Far hennar, Hybert Eriksson, skal i følgje skipperruller vere født i Stavanger og seinare borger i Trondeim og busatt i Namdalen. Mor hennar var Cathrine Asmus (usikker på om dette er slektsnamn eler patronym). Det kan i alle fall verke som om det har vore ei forbindelse til Orkdalen, noko som forklarer flyttinga etter ho vart enkje. 

 

Ho vart ellers truleg gift for andre gong med Michael Pedersson Krigvold i 1738 (link), død 1764 (skifte i "den velagte Matrone Anna Catharine Rivers huus")

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.