Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Takk for gode ord Lars, men halve slekta er fra Luster så skulle bare mangle..

 

Her er en Sogndøling, eller Sokndal i Rogaland ?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-CSGC-1S7F-D

 

Finnes det en ala Lars i Sogndal ?  Nåværende/tilstedeværende bygdebokforfatter ? Og samme i Årdal , Vik, osv i S&F ? Finner mange fra Sogndal  og Aardal  og Sogn generelt ved søk i utlandet. 

Hvis så må de gi seg til kjenne, så lager jeg et emne for de også.

 

Dina Petra Eriksen fra Sogndal følger i neste rute som et eks. - ikke for på noen måte til etterfølgelse i denne tråden, kun som eksempel om andre ønsker sin egen tråd vedrørende sambygdinger i utlendighet.

 

Mvh

Ivar

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Agurk nyhet eller med rot i virkeligheten ???  (Midtkolonne)

 

I 1896 - 107 år gammel dame bosatt i Luster og er helt oppegående i hode og klarer seg selv ?

 

Har du kjennskap til denne dama Lars ?

 

image.thumb.png.189d5280787dd452abd392281f0a0f95.png

Endret av Ivar Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Dina Petra Eriksdotter frå Sogndal kan eg ikkje sjå noko til i Sogndal i Sogn, so kanskje ho var frå Rogaland?

 

Elles kjenner eg godt til ho Kirsti Skagen, som faktisk er litt i slekt med underteikna.  Ho døydde i ein alder av 109 1/2 år.  Her er eit manuskriptutdrag frå husmannsplassen Stein under Skagen i Fortun sokn, Luster:

 

~~~~~~~~~~~

 

Ole Sjurson Skagen, frå Kvei under Berge i Fortun, vart døypt 18.7.1802 og d. som husmann på Skagen 15.3.1875.  Han vart gift 13.11.1831 med Kirsti Ellefsdotter, dotter av føregåande.  Ho vart døypt 1.6.1788 og d. som husmannsenkje på Skagen 24.11.1897.  Kirsti i Stein vart såleis 109 1/2 år gammal, og må ha vore eitt av dei eldste menneski som har levt, ikkje berre i Luster, men i heile Noreg. Ho og Ole Sjurson fekk plassen her i Stein frå kring 1832, og Kirsti budde her so lenge ho levde.  Med Ole hadde ho ei dotter, men ho hadde og ein son frå før.  Om denne sonen vert det fortalt at han vart fødd medan Kirsti var på stølen.  Ingen visste at ho venta barn, og dei andre budeiene fatta ikkje mistanke før ein morgon Kirsti kom noko seint ut for å arbeida.  Då gjekk ei av dei inn att i selet og fann guten innpakka ved eldstaden, der Kirsti hadde lagt han for at han skulle halda seg varm, men han var kommen so nær elden at eine kjakan vart noko svidd, og han vart alltid kalla «Halvbrent'en«.  Borni til Kirsti Stein var:

 

~~~~~~~~~~~

 

Litt av ei dame, hæh!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Dina Petra Eriksdotter frå Sogndal kan eg ikkje sjå noko til i Sogndal i Sogn, so kanskje ho var frå Rogaland?

 

Elles kjenner eg godt til ho Kirsti Skagen, som faktisk er litt i slekt med underteikna.  Ho døydde i ein alder av 109 1/2 år.  Her er eit manuskriptutdrag frå husmannsplassen Stein under Skagen i Fortun sokn, Luster:

 

~~~~~~~~~~~

 

Ole Sjurson Skagen, frå Kvei under Berge i Fortun, vart døypt 18.7.1802 og d. som husmann på Skagen 15.3.1875.  Han vart gift 13.11.1831 med Kirsti Ellefsdotter, dotter av føregåande.  Ho vart døypt 1.6.1788 og d. som husmannsenkje på Skagen 24.11.1897.  Kirsti i Stein vart såleis 109 1/2 år gammal, og må ha vore eitt av dei eldste menneski som har levt, ikkje berre i Luster, men i heile Noreg. Ho og Ole Sjurson fekk plassen her i Stein frå kring 1832, og Kirsti budde her so lenge ho levde.  Med Ole hadde ho ei dotter, men ho hadde og ein son frå før.  Om denne sonen vert det fortalt at han vart fødd medan Kirsti var på stølen.  Ingen visste at ho venta barn, og dei andre budeiene fatta ikkje mistanke før ein morgon Kirsti kom noko seint ut for å arbeida.  Då gjekk ei av dei inn att i selet og fann guten innpakka ved eldstaden, der Kirsti hadde lagt han for at han skulle halda seg varm, men han var kommen so nær elden at eine kjakan vart noko svidd, og han vart alltid kalla «Halvbrent'en«.  Borni til Kirsti Stein var:

 

~~~~~~~~~~~

 

Litt av ei dame, hæh!

 

 

Ja det får en si, litt av ei dame.

 

Klippet fra Norskt folkeblad

image.png.ec366c5535b988126314c3fcbebc8ab2.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Huslyden til Martha Sjursdotter vart eg merksam på for ein del år sidan, og eg la denne utfordringi ut som eige tema i mai ifjor:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/210843-martha-sjursdotter-1833-1881-frå-luster-til-bergen-gift-med-torbjørn-hansen-frå-tysnes-lagnaden-til-denne-huslyden/

 

Men eg er takksam for at du nemner desse folki, Ivar, for eg manglar framleis ein del detaljar og har difor i kveld henta emnet opp på ny!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt  interessant innlegg!

 

Eg veit ikkje kvar denne vigselslista stod på prent, men det er ei utskrift av fleire norsk-lutherske kyrkjelyder med folk frå ulike kantar av landet.  Dei som kom frå Luster og Hafslo har eg bra oversyn over, men det er fantastisk kva teft du Ivar har til å «snusa opp» dei mest uventa kjeldene...  Eg kan berre oppfordra deg til å halda fram på same vis!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste tipset om ei spennande ætt!  Ole Trondson Kittelstad kjenner eg godt til, og eg har svart direkte i emnet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste meldingi!

 

Jau, frå tid til annan vert det synt til passasjerlistene på denne sida, og eg freista i si tid kontakta dei som driv sida for å få til ei utveksling av opplysningar, men høyrde aldri noko attende...  Det er nemlig slik at eg dreg kjensel på ganske mange av desse namni, men ein del av dei er stava feil, og eg tenkte det var mogeleg å få til eit samarbeid for «oppreinsking», men den gong ei...

 

Eg har nesten inntrykk av at lista ligg der, inaktiv...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ivar !

 

Ang ditt innlegg nr 101 den 9 juni: Ja, Tusen Takk, for innfo om Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal !

 

Eg vært noko passiv, av diverse grunnar, fram til over helga, Ivar !

 

Lev vel 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du

 

Ingebrigt Fortun  i Springdale

 

Hans J.Kinsedal fra Hafslo til Coon Prairie

 

Henrik Nilsen Talla  fra Lyster til Goodhue

 

Tøge Nilsen Talla       samme

 

Hans J. Moe fra Hafslo til Kings Co.,Seattle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Odd!

 

Det er ikkje utan grunn at bygdebokarbeidet for Luster kommune har teke so lang tid som det har!  Eg starta opp for meir enn 40 år sidan med å leita etter lagnadane til meir enn 6000 emigrahtar frå Luster berre til Amerika.  Når eg i dag hentar fram einskildlagnadar og spørsmål frå det norske Amerika, er det som regel fordi eg framleis leiter etter detaljar som manglar.

 

Dei namni som du nemner, er alle velkjende for meg, bortsett ifrå at eg ikkje har nokon Ingebrigt Fortun i Springdale.  So der må du gjerne supplera med fleire detaljar...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er henta fra Ulvestads bok om Nordmenn i Amerika ,som jeg tilfeldig gløtta i nettopp.

 

Herr Fortun var en av de første norske i Springdale County ,Wisconsin.Ingen årstall eller familie stod oppført.

 

I sammme setning blir Enok E. Sølve , Iver Thorson Aase , og Hendrick Johanneson Skogen nevnt.

 

Dessverre var det ikke mer...

 

Leste ca. 20 sider spekka med stedsnavn fra Sogn, nevner i fleng

 

Årdal-Urland-Vik-Aurland-Sulen osv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen fler hvis du orker..

 

Thomas E. Thompson---Throndsen    Lommen,Hafslo til Skagit Co.,Washington

 

Mons Fuhr                                               Lyster til Skagit

 

Easton Jacobson                                   Holmestad,Lyster  til Skagit

 

John Dregne                                          Lyster til Barlow,Portland,Oregon

 

Sjur P. Ness                                           Lyster til Eugene,Oregon

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Har leitet litt i bøkene dine etter Anders Siursen Raum, Anders Siversen Raum (samme mann ?) og Niels Hermundsen Raum (Solvorn)uten å finne dem. De skal være født ca 1680 - 1700

Nå er det vel ikke sikker at de er beskrevet under Raum/Råum ?

 

Kjenner du navnene ? 

Fra - militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709-1719- Lite opplysninger utenom navn og fødested.

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd og Ivar for nye innlegg!

 

Eg trur me skal lata Martin Ulvestad liggja i denne omgongen.  Det er ei heil vitskap i seg sjølv å gå igjennom dei namnelistene som han syner fram, og diverre inneheld dei òg ein del feil.  No har eg ikkje kopi av Martin Ulvestad der eg no sit, men eg har alt brukt mange timar på dei listene og har liten lyst til å ta det oppatt no...  Berre kort so kjenner eg dei namni du kjem med, Erik Erikson Solvi frå Hafslo, Iver Thorson Aase frå Vik, Henrik Johannesson Skagen frå Luster samt dei som var på vestkysten og som alle var av dei seinare emigrantane.

 

Med omsyn til soldatlistene frå store nordiske krig, har eg òg studert desse, og eg trur eg har fått med meg dei fleste, men diverre ligg hendingi so langt attende i tid, at fleire av dei soldatane som er nemnde, ikkje eintydig kan identifiserast.  Namni dei nytta gjekk ofte på legden dei høyrde til og ikkje der dei var fødde eller budde...

 

* Anders Sjurson skreiv seg Raaum, men opphavet hans er usikkert,  Han var fødd kring 1685 og var ute i krigen frå 1711 til 1719.  Han døydde på ein plass i Solvornstrondi under Sjøtun (band XI) i 1762.

 

* Nils Hermundson var frå Røym på Mollandsmarki (band VII) og fødd kring 1692.  Han vart gardbrukar på Eikjaberg der han døydde kring 1750.  Eg ser no eg har gløymt å føya til kva år han var ute ikrigen...

 

Eg takkar på ny for interessante innspel!  «Gullkorn» er alltid velkomne!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å holde litt liv i denne tråden.....

 

Her fikk de ei kvige på kjøpet 🙂

 

1626, 17. februar Sogn og Fjordane, Luster skjøte

 

Gudvi Nilsdatter på Lommeim i Solvorn skipreide i Sogn kunngjør at hun med samtykke av brødrene Narve Frakstuen og Johannes Bringe har solgt sin odelspart i Frakstuen i Luster til Erik Engelbretssøn på Flahammer, hennes søster Ingeri Nilsdatters mann, for 10 riksdaler og en tre års gammel kvige i skjøtningsøre. Hennes to brødre, lensmannen, en lagrettemann og tingskriveren i Luster blir anmodet om å besegle brevet.

 

 

ubb-1647-04-20

 
1647, 20. april Sogn og Fjordane, Luster, Dale (?) salgsbrev
 

Endre Nilssøn på Rebni i Dale prestegjeld har med sin hustru Sidsel Andersdatters og hennes mors samtykke solgt til Herman Erikssøn på Hauge og hans hustru Anne Andersdatter, odelsjorden Heltne ved Dale kirke som skylder årlig en laup smør, 6 mæler korn med bygsel samt bygsel av ålgården. Herman har så med sin hustru og hennes mors samtykke solgt odelsjorden til Mads Søffrenssøn i Bergen og hans hustru Lisbeth Thomasdatter for 110 riksdaler.

 

 

ubb-1659-11-09

 
1659, 9. november Sogn og Fjordane, Luster, Frakstuen tingstue skifte
 

Torbein Torgeirssøn på Frakstuen i Luster prestegjeld med samtykke av sin hustru Gunhild Berentsdatter makeskifter med Mads Søffrenssøn på Dalsøren og hans hustru Elisabet Tommesdatter gården Frakstuen, som var hans rette odel, mot gården Åbyrge i Gaupne anneks som hans bror Bjørn Torgeirssøn 28. juli 1658 hadde solgt til Christen Erikssøn på Holte. Dessuten overlater Mads Søffrenssøn til Torbein jordgods i nevnte Åbyrge, som han hadde kjøpt av Christen Anderssøns arvinger, samt 10 riksdaler i kontanter, 12 tylfter utskottbord og en trøye av fint rødt klede til hans hustru.

 

 

1592, 24. juni Bergen vitterliggjør ; (forlik)

 

Lauris Hanssøn, borgermester i Bergen, rådmann Niels Bjørnssøn og fem borgere i Bergen vitterliggjør, at de overvar et forlik mellom to brødresønner, Jens Samonssøn og Samson Nielssøn, om en arv etter deres godfar Jens Anderssøn. Samson Nielssøn overlater til Jens Samonssøn 2 laups leie og odelbrevet i gården Tandlå i Gaupne, Luster herred i Sogn, som han hadde arvet etter sin far Niels Jenssøn.

 

1348, 10. april. Bergen

 

Fem menn kunngjør, at Erlend Ogmundssøn stadfestet Jon Sigurdssøn og hustru salg av 3 månedsmatsbol i gården indre Høiheim i Luster i Sogn til Grim Jonssøn.

 

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Jau, eg kjenner til desse gamle skøytene frå Luster, og opplysningane derifrå skal vel stort vera medkomne i bygdebøkene våre,  Men eg ser at eg veit svært lite om huslyden til Endre Nilsson, han som i 1647 budde på Rebni i Luster, og eg fekk lyst til å leggja ut spørsmål om huslyden hans som eige tema.  Kansxkje er det nokon som sit og verper på eit «gullegg»:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223336-endre-nilsson-1602-1675-gift-med-futedotteri-cecilia-andersdotter-frå-fuhr-gardbrukarar-på-rebni-og-sidan-på-mørkrid-i-luster-men-kvar-vart-det-av-denne-greini-av-den-sokalla-«heiberg»-ætti/

 

Elles har eg i kveld òg henta fram att eit anna tema som har å gjera med flytting til Nederland.  Kanskje dette er noko som du, Ivar, kan sjå på ved høve:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/193777-morten-erlandson-1615-1677-borgar-i-bergen-og-gjestgjevar-i-solvorn-kvar-vart-det-av-borni-hans-attende-til-bergen-eller-til-holland/

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles har eg i kveld òg henta fram att eit anna tema som har å gjera med flytting til Nederland.  Kanskje dette er noko som du, Ivar, kan sjå på ved høve:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/193777-morten-erlandson-1615-1677-borgar-i-bergen-og-gjestgjevar-i-solvorn-kvar-vart-det-av-borni-hans-attende-til-bergen-eller-til-holland/

Intressant, skal kikke litt etter den karen.

 

 Legger inn disse gamle sakene fordi det nok kan ha en intresse blandt nye slektsforskere. Ser det er mange som kikker innom denne tråden. Og kanskje også Lars finner noe han har glemt oppi alle navn og land han må forholde seg til 🙂

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En straffesak fra 1830 hvor en Ole Olsen Forthun er innblandet - Den Norske Rigstidende 1830

 

image.thumb.png.482d121c308eca4fa1bfe5ac8bf1aa39.png

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.