Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Eli Ingebrigtsdotter (1730-1812) frå Havelden i Luster med son Johannes Janson til Ikjefjorden i Lavik - men kvar vert det av huslydane deira? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Etter at eg no er komen til ein so høg grad av truverde når det gjeld ei løysing på dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207995-elielen-ingebrigtsdotter-havelden-fødd-i-luster-kring-1730-flytte-kring-1750-til-eikefjorden-i-kinn-vart-gift-med-ein-peder-men-var-enkje-i-1771-hadde-med-seg-ein-son-johannes-janson-fødd-i-luster-1747-lagnadane-til-mor-og-son/

har eg i kveld omskrive heile manuskriptet mitt for denne huslyden som eg gjerne vil få syna fram i eit nytt tema:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eli Ingebrigtsdotter {Havelden}, f. {i Luster} kring 1730,

Eli Ingebrigtsdotter flytte truleg i 1750-åri til Lavik der ho 11.6.1764 gifte seg med Peder Josephson frå

 

##### (opphavet hans? – kalla Myren 1764)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – ein Peder Josephson døypt på Kjelby i Gulen 27.6.1700 – kan det vera han: https://media.digitalarkivet.no/view/11433/38

 

Peder og Eli busette seg som gardbrukarar på Myri i Lavik der Peder d. kring 1770. 

 

##### (nøyaktig dato?)

 

Eli vart gravlagd som legdelem frå Myri 24.4.1812.

Før Eli flytte til Lavik fekk ho ein son i Luster:

a. Johannes Janson, son av Eli og husmann Jan Ingebrigtson på Havelden 3 under Flahammar (1731-1806), vart døypt i Luster 30.8.1747.

Johannes Janson flytte med mor si på 1750-talet til Lavik der han 4.11.1775 gifte seg første gongen med Anna Lassesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Rå eller Båsdal? – f. kring 1748? - finn ikkje døypt i Gulen!)

 

Johannes og Anna budde visstnok som gardbrukarar på Rå og sidan på Ringereide i Lavik. Og derifrå vart Anna gravlagd 10.4.1786.  Som enkjemann vart Johannes 9.12.1786 trulova på ny med Kari Philipsdotter frå Instefjord i Brekke,

 

##### (sjekka opphavet hennar?)

 

##### (Johannes og Kari ser ut til å forsvinna frå området kort etter – kvar vart det av dei??)

 

Me kjenner til to søner etter Johannes Janson, båe frå første ekteskapet:

a. Ole Johannesson, døypt i Lavik 23.6.1771,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Ingebrigt Johannesson, døypt i Lavik 16.4.1779, vart gravlagd frå Rå 28.1.1780.

 

##### (fleire born? – oppl.?)

 

Dette var altso sonen som Eli hadde frå Luster.

Men Eli og Peder fekk òg tre born i lag:

b. Ingebrigt Pederson, døypt i Lavik 10.3.1765,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Inger Pedersdotter, døypt i Lavik 8.6.1767,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Pernille Pedersdotter, døypt i Lavik 8.1.1770,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det er merkeleg kor «flinke» desse folki ser ut til å vera med å «gøyma» seg for oss, eller er kjeldematerialet for Lavik verkeleg so «tunt»?  Kanskje bygdeboki har eitt og anna svar å ny på?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svenn Ruskedal

Hei Lars!

 

I "Brekke" bygdebok b. 2 under gnr. 51 "Instefjord" finner jeg en "Kari Philippusdtr." f. 1740 bst. "Ringereide" der hun 1786 blev gm. bnd. enkm. "Johannes Jonson Ringereide".

 

Det merkelige er att dette paret ikke er nevnt under "Rå", "Ringereide" eller "Bosdal" i "Lavik" bygdebok, og ikke heller finner jeg "Eli Ingebrigtsdtr." eller "Peder Josephson" nevnde under "Österbö", "Årnes", "Kroken", "Brekken", "Myren" og "I. & Y. Trädal" i "Ikjefjorden" i samme bygdebok.

 

Hennes foreldre  var "Philippus Gullaksen Assem" (1698 - 1755) g. 1730 m. "Eli Ellingsdtr. Dale (Kyrkjebö)" (1696 - 1778).

 

Hans foreldre var "Gullak Johannesen I. Torvund" (1667 - 1743) g. 1697 m. "Sigrid Rognaldsdtr. Verkeland" (1670 - 1740).

 

I "Gulen" bygdebok under gnr. 35 "Kjellby" er en "Per Josefson" f. 1700 nevnt som gift 1724 m. "Ingeborg Olsdtr.", 5 barn. "Per" og kona var gravlagde samtidig med to av barna den 26/3 1742, da de döde på grunn av en sykdom i familien.

Endret av Svenn Ruskedal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svenn for eit interessant, men svært so utfordrande innlegg!

 

Det høyrest jo ut som om denne ætti med opphav i Luster er fullstendig IGNORERT i bygdeboki?  At forfattaren ikkje kunne vita at Eli og Johannes kom frå Luster, kan ein jo forstå; den oppdagingi låg jo «langt inne», men resten av huslyden, og at dei ikkje er omskrivne i det heile?  For meg er dette uforståeleg.  Kva kjelder har forfattaren nytta?

 

Her fann eg til dømes skiftet etter Anna Lassesdotter på Ringereide frå 1786 som syner at ho vart etterlevd av enkjemannen Johannes og ein son Ole: https://media.digitalarkivet.no/view/24169/58?indexing=

 

Elles ser eg at då Johannes og Anna døypt sonen Ingebrigt 16.4.1779, finn me Lasse Andersson, Lasse Lasseson og Eli Lassesdotter Raa mellom fadrane: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/28

 

Ein skulle neste tru at nokon av desse fadrane var av same ætt som Anna, og eg ser at:

 

Endre Olson Raa og Eli Lassesdotter Raa gifte seg i Lavik 2.7.1774: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/172

 

I 1792 vart det halde skifte etter Endre Olson Raa, som var forulukka på sjøen,  Han let etter seg enkja Eli Lassesdotter og dessutan mor og seks søsken: https://media.digitalarkivet.no/view/24171/39?indexing=

 

MEN ogso denne Eli Lassesdotter forsvinn totalt frå alle kjelder etter 1792!

 

Dette er verkeleg ein «merkeleg» huslyd, men eg har tru på Brukarforum og takkar på ny for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no søkt litt meir i ymse kjelder og oppdaga nettopp dette:

 

Sjelemanntalet frå Gulen prestegjeld, Lavik sokn syner under garden Mollisdalen desse Lassesborni som godt kan vera søsken: https://media.digitalarkivet.no/view/4649/20

 

* Lasse Lasseson

* Anna Lassesdotter

* Kari Lassesdotter

Alle var ukonfirmerte på det tidspunktet og var soleis rimelegvis fødde etter kring 1745.  Alderen høver svært so godt på «vår» Anna Lassesdotter gift med Johannes Janson!

 

Dette er den EINASTE Anna Lassesdotter i heile Lavik sokn i 1760 og so i lag med Lasse Lasseson!  Men ingen av dei er døypte i Gulen prestegjeld!

 

So kjem eg i hug at både Eli Ingebrigtsdotter med mannen Peder Josephson og likeins Ingebrigt Janson med kona Anna Lassesdotter hadde hug til å døypa born i Kyrkjebø sokn i dåverande Vik, og ved søk i basen for fødde i Vik finn eg ei:

 

* Anna Lassesdotter Sørebø, døypt i Kyrkjebø 22.2.1749: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18487&merk=18487#ovre

 

og eit oppslag i Ætteboki for Kyrkjebø under garden Sørbø syner denne huslyden:

 

Lasse Østenson Sørbø, fødd 1723, død 1795, gifte seg i Kyrkjebø 1748 med Anna Iversdotter Osland, fødd 1720.  Opplista er seks born:

* Anna 1749 - utan lagnad

* Gitlaug 1750-1750

* Brita 1751 - til Oppedal ytre

* Iver 1754-1754

* Ragnhild 1755 - til Østerbø i Ikjefjorden

* Iver 1759 - til Hola i Ikjefjorden

So følgjande merknad: «flytte til Hola i Ikjefjorden 1760»

 

MEN, so lenge var «Adam in Paradis».  Det vart i 1793 halde skifte etter husmann Lasse Østenson på plassen Holen under Kroken i Lavik, og då LEVDE framleis dotteri Anna som ugift: https://media.digitalarkivet.no/view/24171/213?indexing=

 

No hadde ikkje denne Anna søsken med namn korkje Lasse eller Eli, so me bør vel ikkje vera so overraska over utfallet, men likevel...

 

Andre alternativ finn eg ikkje i databasen for Vik prestegjeld, so me lyt nok likevel attende til dei sannsynlege søskeni som i 1760 budde på Mollisdalen i Lavik, men KVEN VAR DEI?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av ei «gamal» kjempeutfordring!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette heller «frustrerande» emnet som eg fryktar er på veg til å gå i «gløymeboki»...

 

Eg tykkjer det er so synd at ætteboki for Lavik er so «tunn» når det gjeld opplysningar om denne huslyden i Ikjefjorden, men eg vil tru at det MÅ vera mogeleg å grava fram fleire detaljar om desse folki frå kjeldene våre!?

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eli Ingebrigtsdotter {Havelden}, f. {i Luster} kring 1730,

Eli Ingebrigtsdotter flytte truleg i 1750-åri til Lavik der ho 11.6.1764 gifte seg med Peder Josephson frå

 

##### (opphavet hans? – kalla Myren 1764)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

Peder og Eli busette seg som gardbrukarar på Myri i Lavik der Peder d. kring 1770. 

 

##### (nøyaktig dato?)

 

Eli vart gravlagd som legdelem frå Myri 24.4.1812.

Før Eli flytte til Lavik fekk ho ein son i Luster:

a. Johannes Janson, son av Eli og husmann Jan Ingebrigtson på Havelden 3 under Flahammar (1731-1806), vart døypt i Luster 30.8.1747.

Johannes Janson flytte med mor si på 1750-talet til Lavik der han 4.11.1775 gifte seg første gongen med Anna Lassesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Rå eller Båsdal? – f. kring 1748? – kven var foreldri hennar? - finn ikkje døypt i Gulen!)

 

Johannes og Anna budde visstnok som gardbrukarar på Rå og sidan på Ringereide i Lavik, og derifrå vart Anna gravlagd 10.4.1786.  Som enkjemann vart Johannes 9.12.1786 trulova på ny med Kari Philipsdotter frå Instefjord i Brekke.  Ho var dotter av gardbrukar Philip Gullakson på Instefjord, opphavleg frå Asheim, og kona Eli Ellingsdotter frå Dale i Kyrkjebø og f. i Brekke kring 1740. 

 

##### (finst ikkje døypt i kyrkjeboki!)

 

##### (Johannes og Kari ser ut til å forsvinna frå området kort etter – kvar vart det av dei??)

 

Me kjenner til to søner etter Johannes Janson, båe frå første ekteskapet:

a. Ole Johannesson, døypt i Lavik 23.6.1771,

 

     ##### (n. 1786 – lagnaden hans?)

 

b. Ingebrigt Johannesson, døypt i Lavik 16.4.1779, vart gravlagd frå Rå 28.1.1780.

 

##### (fleire born? – oppl.?)

 

Dette var altso sonen som Eli hadde frå Luster.

Men Eli og Peder fekk òg tre born i lag:

b. Ingebrigt Pederson, døypt i Lavik 10.3.1765,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Inger Pedersdotter, døypt i Lavik 8.6.1767,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Pernille Pedersdotter, døypt i Lavik 8.1.1770,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til å freista komplettera denne biografien og lever i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Pernille Pedersdotter, døypt i Lavik 8.1.1770,

     ##### (lagnaden hennar?)

 

Skudd i blinde: 

Sogn og Fjordane fylke, Selje (Hove), Vågsøy i Selje, Ministerialbok nr. A 6 (1782-1806), Viede 1796-1797, Side 124 - venstre side, gift 1. januar 1797:
Permanent bilde-ID: kb20070515640288
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640288
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515640288.jpg

 

F.t. 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058406000673

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen
På 12.6.2018 den 0.55, Lars E. Øyane skrev:

##### (dato og stad for fødsli hans? – ein Peder Josephson døypt på Kjelby i Gulen 27.6.1700 – kan det vera han: https://media.digitalarkivet.no/view/11433/38

Det er en Per Josefson f. 1700 på Kjellsby nevnt i bygdeboka for Gulen bd I, s. 583. Han var gift med Ingeborg Olsdtr. Kjellsby og begge døde samtidig i 1742. Så jeg tror du kan utelukke denne?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for nye spennande innlegg.

 

Eg har ogso sett på denne Pernille Pedersdotter som gifte seg og budde i Selje, men eg ser det var ei anna Pernille Pedersdotter som vart døypt i Selje 9.4.1769, og det er vel eit spørsmål om ikkje denne siste ligg nærare når det gjeld identifikasjonen av Pernille i Selje?

 

Name Pernille Pedersen
Gender Female
Christening Date 09 Apr 1769
Christening Place SELJE,SOGN OG FJORDANE,NORWAY
Father's Name Peder Yttre Barmen
Mother's Name Effi

 

So eg er nok lite vetta skeptisk til denne «kandidaten»...

 

Når det gjeld Peder Josephson fødd på Kjelby i Gulen i 1700, har Svenn i innlegg #2 synt at han ikkje er aktuell som ektemann til Eli Ingebrigtsdotter, men eg har ikkje greidd å finna andre «kandidatar», so opphavet hans er framleis ei kjempeutfordring...

 

I mellomtidi har eg leitt fram dåpen til Ole, einaste sonen til Johannes Janson og Anna Lassesdotter som voks opp.  Dåpen er innført i Gulen 20.7.1771 med ein merknad om at dåpen fann stad på Kyrkjebø 20.6.1771:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/152

 

Ole var født på Baasdalen før vigsli til foreldri, og fadrane er opplista som: Ole Amundson Baasdalen, Lasse D(ito?), Johannes Avedal, Ane Olsdtr. Dito og Ane Olsdtr. Dito!  Men er nokon av desse av same ætt som Anna?  Kan Lasse D(ito?) vera far hennar?

 

Denne huslyden er ei skikkeleg kjempeutfordring, men eg gjev ikkje opp og takkar på ny for framifrå bistand i freistadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg kan berre ikkje forstå at denne huslyden so fullstendig skal «forsvinna» frå Noregskartet og freistar i dag eit «langskòt»

 

Ingebrigt Pederson, 37 år, gardbrukar på Grimstad i Ulstein 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058413000840

 

Dødsfallet hans på Grimstad i Ulstein 1844, 80 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000748339

 

Ei tilleggsutfordring her er sjølvsagt det faktum at me manglar kyrkjebøker for Ulstein for 1700-talet, men kanskje finst det ei bygdebok som kan hjelpa oss vidare?

 

Når det gjeld Pernille Pedersdotter, ser eg ei Pernille Pedersdotter Sæter som døydde i Bø sokn i Gulen (Hyllestad) i 1786, 16 år gamal, men bustaden er vel litt «feil»...: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001734204

 

Ei anna Pernille Pedersdotter som døydde i Nykyrkja i Bergen i 1812, 41 år gamal..., er vel ein annan «kandidat»:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000449398

 

Eg ville vorte «hoppande glad» om det var mogeleg å finna lagnadane til nokre av denne huslyden og takkar på ny for framifrå bistand i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
På 10.9.2018 den 14.30, Lars E. Øyane skrev:

Johannes og Anna budde visstnok som gardbrukarar på Rå og sidan på Ringereide i Lavik, og derifrå vart Anna gravlagd 10.4.1786.  Som enkjemann vart Johannes 9.12.1786 trulova på ny med Kari Philipsdotter frå Instefjord i Brekke.  Ho var dotter av gardbrukar Philip Gullakson på Instefjord, opphavleg frå Asheim, og kona Eli Ellingsdotter frå Dale i Kyrkjebø og f. i Brekke kring 1740. 

 

????

Folketellingen 1815 for Lavik: 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096000726

 

????

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001304859

 

Dette har du vel fra før, men her er skiftet etter Filipus Gullovsen/Gulliksen Instefjord i 1755. Han etterlot seg enka Eli og døtrene Eli Filippusdatter, 23 år, Sigrid Filippusdatter, 21 år, Ingeborg Filippusdatter, 18 år, Kari Filippusdatter, 15 år og Brite Filippusdatter, 13 år:

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 7a (1750-1756), Skifteprotokollside, Side 248b-249a
https://media.digitalarkivet.no/view/24163/249

 

Det er vel herfra du har omtrentlig fødselsår 1740 på Kari? 


Til venstre her, under tjeneste 20. januar 1787 i Lavik, er vel giftermålet mellom Kari og Johannes:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 13 (1776-1787), Kronologisk liste 1787, Side 128
https://media.digitalarkivet.no/view/11444/128

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for ei første julegåve!  Det kan ikkje vera mykje tvil om at du har oppdaga Kari Philippusdotter både i FT1815 og under avlidne i 1821, båe gongar på Ringereide i Lavik, og  WOOPS, no fann eg dødsfallet til Johannes Johnson(?) pån Ringereide i Lavik med gravferd 6.3.1814: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001304563

 

Men like merkeleg er det at Johannes og Kari ikkje er å sjå nokon stad i FT1801, korkje på Ringereide eller andre stadar i Lavik!  Eg børjar å tru at dei rett og slett må vera uteletne!  Me finn jo heller ikkje mori Eli Ingebrigtsdotter i FT1801, endå me veit ho døydde so seint som i 1812!

 

Dei store utfordringane som framleis ståt att her no, er:

 

** Kven var Peder Josephson på Myri i Lavik?

 

** Kvar vart det av dei tre borni etter Eli og Peder på Myri, Ingebrigt, Inger og Pernille?  Eg er inne på eit par «kandidatar» i innlegg #9 over, men det er truleg svært vanskeleg å prova noko...

 

** Og kvar vart det av Ole, sonen til Johannes Janson på Ringereide, fødd 1771 og framleis i live i 1786?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien og fortsatt God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.