Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Emilie Olsdotter Knutson - fødd i Christiania 2.5.1852 - var det ho som gifte seg i Goodhue Co., MN i 1873 med Christopher Haium frå Luster? - opphavet og utvandringi hennar? - kven kan andre kona hans ha vore?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Det vart 21.9.1873 feira eit bryllaup i Goodhue Co., MN.  Brudgomen var Christopher Hansson Haium, fødd i Luster 15.3.1848

 

Bruri var Emilie Olsdotter, òg kjend som Amelia Mabel Knutson.

 

Dette parfolket flytte i 1879 til ein farm i Parnell township, Brookings Co., SD og FT1900 syner dei slik:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XHLQ-3Z1

 

Amelia er oppgjevi fødd i Noreg i mai 1852 og utvandra i 1867, og far hennar, Ole Knutson, budde der i lag med dei, fødd i Noreg i mai 1821.

 

FT1905 oppgjev utvandringsåret hennar til 1868:

 

Name: Amelia Haium
Gender: Female
Race: White
Marital Status: Married
Age: 53
Birth Date: 1852
Birth Place: Norway
Years in State: 26
Arrival Year in State (Estimated): 1879
Residence Place: South Dakota, United States
Years in United States: 37
Arrival Year in the United States (Estimated): 1868
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
FHL Film Number: 2281586

 

Og her er gravstøtta hennar i Elkton cemetery, som syner fødselsdato 2.5.1852 og dødsdato 28.1.1909: https://www.findagrave.com/memorial/112565896

 

Eg finn berre eitt godt alternativ for denne Amelia Olsdotter med far Ole Knutson og fødselsdato 2.5.1852,

nemlig fødd på Lyse nedre i Aker: https://media.digitalarkivet.no/view/570/395?indexing=

 

attgjeve hjå FamilySearch:

 

Name Emilie Olesdatter
Gender Female
Birth Date 02 May 1852
Christening Date 06 Jun 1852
Christening Place Oslo, Oslo, Norway
Father's Name Ole Knudsen
Mother's Name Karen Larsdatter

 

Og her er vel vigsli til foreldri hennar i Aker 19.9.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/570/464

 

attgjeve hjå FamilySearch:

 

Name Ole Knudsen
Birth Date 1821
Age 24
Spouse's Name Karen Larsdatter
Spouse's Birth Date 1820
Spouse's Age 25
Event Date 19 Sep 1845
Event Place Oslo, Oslo, Norway
Father's Name Knud Olsen
Spouse's Father's Name Lars Iversen

 

Men her er vel huslyden i FT1865 som gardbrukarar på Lyse nedre i Aker:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0218&kenr=003&bnr=0047&lnr=000

 

Ut ifrå desse opplysningane, er det nokon som kan hjelpa meg med følgjande:

 

** Frå kva gard/plass hadde Ole Knutson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass hadde Karen Larsdotter opphavet sitt (utifrå vigsli skulle ein tru ho var frå Lyse nedre...?)?

 

** Kan utvandringsåret for denne huslyden stadfestast, 1867 eller 1868?

 

Andre del av denne utfordringi gjeld Christopher Hansson Haium.  Det vert nemlig fortalt at han som enkjemann etter Amelia skal ha flytt til Spokane, WA og der gift seg att, men ingen kjenner namnet til denne andre kona og heller ikkje kvar det vart av ho!

 

Her er Christopher i Spokane, WA i 1910 som enkjemann hjå dotteri Clara Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-832

 

Eg finn han ikkje i FT1920, men i 1930 er han som enkjemann attende i Vance Creek township, Barron Co., WI (eg får ikkje òpna fili hjå FamilySearch, men her er ein utskrift frå ancestry):

 

Name: Chris H Hanson
[Chris H Haium] 
Birth Year: abt 1848
Gender: Male
Race: White
Birthplace: Norway
Marital Status: Widowed
Relation to Head of House: Father
Home in 1930: Vance Creek, Barron, Wisconsin, USA
Map of Home: View Map
Dwelling Number: 133
Family Number: 134
Attended School: No
Able to Read and Write: Yes
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Language Spoken: Norwegian
Immigration Year: 1861
Naturalization: Naturalized
Able to Speak English: Yes
Household Members:
Name Age
Grant C Hanson 35
Ella Hanson 32
Bernice Hanson 9
Chris H Hanson 82

 

Berre ei utfordring ligg her «i lufti»:

 

** Er det mogeleg å finna ut kven andre kona til Christopher var og detaljopplysningar om ho?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men her er vel huslyden i FT1865 som gardbrukarar på Lyse nedre i Aker:

 

Ole Knudsen er vel leilending:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038011002777

 

Se til høyre her, Lars, er ikke dette Emilie og familien, som emigrerer i 1867?

Akershus, Oslo fylke, Vestre Aker, Aker i Vestre Aker, Aker, Ministerialbok nr. 5 (1859-1877), Inn- og utflyttede 1867, Side 345
Permanent bilde-ID: kb20060921010239
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060921010239
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20060921010239.jpg 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nyttig innlegg.

 

Me var vel forsovidt ganske so sikre på at dette var «rette folki», men utvandringi er ei ekstra stadfesting!

 

Dette med differensiering mellom gardbrukar og leiglending er nok ikkje like markert i Sogn som på Austlandet.  I Aker var det vel fleire større godseigarar som sat med fleire gardar og som so sette inn leiglendingar på dei ulike bruki, nesten som «sjølvstendige husmenn».  Mange av leiglendingane i Sogn dreiv gardar som var gamalt kyrkjegods e.l., og statusforskjellen var ikkje den same...

 

No sit me att med spørsmåli om opphavi til Ole og Karen samt utfordringane kring andre vigsli til Christopher Haium...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ved giftermålet i 1845 står det brudgommens far heter Knud Olsen og brudens far er Lars Iversen. Jeg synes det står Aamodt på brudgommen. 

 

14.05.1821 fikk Knud Olsen og Ingeborg Johnsdatter Aamodt Eje i Sørkedalen en sønn, som ble døpt Ole:

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 12 (1819-1828), Fødte og døpte 1821, Side 82-83
Permanent bilde-ID: kb20061110010043
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061110010043
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061110010043.jpg 

 

Her er konfirmasjonen til Ole Knudsen Aamodt - se nr. 15:

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 17 (1829-1852), Konfirmerte 1835, Side 204
Permanent bilde-ID: kb20061110020468
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061110020468
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061110020468.jpg 
 

 

En av døtrene til Ole Knudsen og Karen het Ingeborg Martine - oppkalling?

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 20 (1853-1857), Fødte og døpte 1855, Side 130
Permanent bilde-ID: kb20060301050805
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060301050805
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060301050805.jpg 
 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ved vielsen synes jeg det står F og O Lyse på bruden Karen Larsdatter. Det betyr vel fødested og oppholdssted Lyse. 

 

Finner disse slektssidene, men jeg vil vel ikke bruke Gamle Aker ved konfirmasjonen: 

http://www.hobbygutta.no/MAYA/webtrees/family.php?famid=F376&ged=MayaLillemoen

http://sonslekt.com/uploads/marie/000/001/703.htm

 

Karen - til høyre, datter av Lars Iversen og Kari Jensdatter: 

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 11 (1810-1819), Fødte og døpte 1819, Side 120
Permanent bilde-ID: kb20060208040919
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060208040919
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060208040919.jpg 

 

Nr. 60

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 13 (1828-1837), Konfirmerte 1833, Side 360
Permanent bilde-ID: kb20061110020082
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061110020082
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061110020082.jpg 

 


 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ved dåpen til Ole og Karens eldste datter, Caroline Dorthea, er Ole Larsen og Gunhild Larsdatter blant fadderne. På slektsoversiktene i forrige innlegg ser jeg at Karen har en yngre bror som heter Ole Larsen:

 

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 19 (1842-1852), Fødte og døpte 1847, Side 168
Permanent bilde-ID: kb20060301050192
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060301050192
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060301050192.jpg 

 


 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Lars Iversen Lyse døde allerede i 1822 - 

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 12 (1819-1828), Døde og begravede 1822, Side 602-603
Permanent bilde-ID: kb20061110010307
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061110010307
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061110010307.jpg 

 

I Aker manntallet 1843, Sørkedalsfjerdingen, ser jeg at Karen Larsdatter bor på Lyse nedre sammen med moren og stefaren Gulbrand Olsen:

Akershus, Oslo fylke, Lokal folketelling nr. 2.4 (1843-1843), Side 15
Permanent bilde-ID: of19011843000015
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/of19011843000015
URN:NBN:no-a1450-of19011843000015.jpg 

 

Og som tjenestegutt på Aamodt søndre finner jeg Ole Knudsen:

 

Akershus, Oslo fylke, Lokal folketelling nr. 2.4 (1843-1843), Side 16
Permanent bilde-ID: of19011843000016
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/of19011843000016
URN:NBN:no-a1450-of19011843000016.jpg 
 

Nr. 65

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Ministerialbok nr. 12 (1819-1828), Viede 1822, Side 468-469
Permanent bilde-ID: kb20061110010240
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061110010240
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061110010240.jpg 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande innlegg om opphavet til denne huslyden frå Aker!  Eg er nok ein gong imponert over alt du greier å henta fram frå kjeldene våre...!

 

Det kan vel då ikkje vera mykje tvil om at Karen Larsdotter var fødd og oppvaksi på leiglendingsbruket Lyse nedre i Aker, men Ole Knutson er nok erin verre «negl» å slipa...

 

Medan teljingi frå 1843 ikkje syner husmannsplassar under nokon av bruki på Aamodt i Aker, var det i 1801 to bruk, Aamodt nordre utan husmenn og Aamodt søndre med minst fem husmannsplassar: https://www.digitalarkivet.no/census/search/1801/58216?fornavn=&etternavn=&kjonn=&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&bosted=aam*+søn*&bydel=&gaardsnummer=&sort=rel

 

Knut Olson var husmann under Aamodt alt då han 26.2.1820 gifte seg i Norderhov med Ingeborg Johannesdotter Dybendal: https://media.digitalarkivet.no/view/8528/218

 

Men eg er redd for at det vert svært vanskeleg å finna ut kva for ein plass under Aamodt denne huslyden budde på.  Ole var einaste barnet dei fekk!  Eller kanskje du Grethe (eller andre) har fleire hemmelege våpen på lager...?

 

Elles står framleis spørsmålet om det andre ekteskapet til Christopher Haium i Spokane, WA òpe...  Hadde me endå greidd å finna denne karen i FT1920, kunne me kanskje ha finne svaret der...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit fantastisk og imponerande innlegg!

 

Du har greidd å finna den andre vigsli til Christopher, og det berre få veker etter at FT1910 vart teken opp!

 

No har eg greve litt etter denne andre svenske kona, og eg ser at dette må ha vore ei litt «spesiell» dame...

 

Her er Emma i FT1910 i Spokane, WA.  Ho var skild, men hadde hatt sju born, av dei ein son Arthur i live busett med mor si:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-8W4

 

Her er Emma i FT1920 i Spokane, WA.  Då var ho enkje og hadde framleis sonen Arthur busett «next door» med kone og born:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNJ-ZX9

 

Og året etter har me dødsfallet hennar, ogso det i Spokane, WA, då oppgjeven som «married» med Oscar Peterson:

 

Name Emma F. Peterson
Event Date 10 Oct 1921
Event Place Spokane, Spokane, Washington
Gender Female
Age (Formatted) 67 years 21 days
Birth Year (Estimated) 1854
Marital Status Married
Spouse's Name Oscar Peterson
Father's Name Frank E. Peterson
Mother's Name Eva C. Nelson

 

Her har me so Emma med første mannen C. O. Peterson og sonen Arthur, einaste attlevande av i alt sju born, i St. Paul, MN i FT1900:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6W36-BJ

 

Etter desse funni vil eg gissa på at Emma og Christopher Haium vart skilde att etter kort tid.  Kva tid skilsmåle skjedde, kan vel verta vanskeleg å finna ut av, men kanskje det no er mogeleg å finna:

 

** Det svenske opphavet til Emma F. Peterson?  Fullt namn, dato og stad for fødsli hennar og fulle namn på foreldri med opphav og bustad?  Utvandringsåret?

 

Kanskje det òg kan lukkast å få ei avklaring på kven C. O. Peterson var?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Utskrift fra EmiWeb/Emigranter registrert i svenske kirkebøker

Fornavn: Emma Fredrika   Utflyttingsdato: 1872-04-10
Etternavn: Fransdotter   Utflyttingssted: Skärsjöhult Ngd. Torp
Fødselsdato: 1854-09-19   Utflyttingssogn: Älmeboda
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Kronoberg
Født sted:     Destinasjon sted:  
Født sogn: Älmeboda   Destinasjon land: Nordamerika
Født län: Kronoberg   Landskode:  
Født sted (utenfor Sverige):     Enslig/Familie: F
Født land (utenfor Sverige):     Filnr: 4
Yrke: Dotter   Kilde:  
Alder: 18   Side i Husforhør/Församlingsbok: 502
Kjønn: K   Nr. i utflyttingsliste:  
Sivilstatus: O  
 
Innflyttingsår:     Husforhørsbind:  
Innflyttingssted:     Utflyttingsbind:  
Innflyttingssogn:     Merknader i utflyttingsliste:  
Innflyttingslän:     Merknad om gjeninnvandring:  
Innflyttingsland:     Gjeninnvandringsdato:  
Fars navn:     Merknad om arbeidsattest:  
Fars yrke:  
Mors navn:  
Mors yrke:  
Ektemakes navn:  
Ektemakes yrke:  
 
Sist oppdatert: 2008-07-23 00:00:00.0
Arkiveiere: Svenska Emigrantinstitutet
E-post: emigrationsforskning@kulturparkensmaland.se
Telefon: +46 470 70 42 00

 

Familie

Etternavn: Fornavn: Født: Født sogn: Utfl.: Utfl. sogn: Utfl. län: Destinasjon:
Petersson Frans 1829-05-05 Södra Sandsjö 1872-04-10 Älmeboda Kronoberg Nordamerika
Nilsdotter Eva Christina 1814-09-17 Älmeboda 1872-04-10 Älmeboda Kronoberg Nordamerika
Fransson Carl Algot 1858-08-09 Älmeboda 1872-04-10 Älmeboda Kronoberg Nordamerika

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Dåpen til Emma Fredrika, f. 19.9.1854 i Älmeboda: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026528_00214

 

Husförhör 1851-1855: Bosatt på Kållebo Wästre: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026512_00326

Husförhör 1856-1860. Bodde først på Kållebo Wästre. Flyttet til Skärsjöhult i 1856: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026513_00335

Husförhör 1871-1875. Bosatt på Skärsjöhult: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026516_00490

Utflyttingen fra Älmeboda i 1872 (nr. 7): https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0009203_00060

 

Dåpen til faren, Frans Petersson, f. 5.5.1829 i Södra Sandsjö: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0025789_00140

Dåpen til moren, Eva (Chri)stina Nilsdotter, f. 17.9.1814 i Älmeboda: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026527_00368

Vielsen til foreldrene, 19.8.1853 i Älmeboda (øverst til venstre): https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026532_00064

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for kjempeflotte innlegg!  Det er berre til å ta av seg hatten...!

 

Eg har studert opplysningane om Emma og opphavet hennar i Sverige, og so vidt eg kan sjå, er alt «på plass».  Det einaste eg stussa litt på, var yrkesnemningi til Frans Petersson.  Kan det vera «backstugesittar» det står?  Kanskje me kan samanlikna med husmann?  Bustaden er jo klart definert som «Smedstugan»...

 

Elles greier eg ikkje å finna ut noko meir om første mann hennar Emma, C O Peterson eller Oscar Peterson.  Derimot finn eg foreldri til Emma i FT1875 og FT1880, båe gonger i Chisago Co., MN - her er dei i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBX-JRF

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for «innleiingsdelen» av denne huslyden.  Eg vil gjerne få komma attende til soga om dei ni bnorni deira, for der er det òg litt av kvart å «bryna» seg på...:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Eg har i dag gjort ferdig eit krevande manuskript for dei ni borni i denne huslyden og har erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #15 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke ein kopi av dødsattesten til Emma Peterson frå Spokane, WA (sjå vedlegg), men ser ikkje at denne fortel oss noko nytt om første mannen og livet deira...

 

Elles har eg i dag etter beste evne oppdatert manuskriptet mitt for dei ni borni etter Christopher og Amelia Haium.

 

Fleire av borni har ei ganske so utfordrande soge, t.d.:

 

* Edith Haium som skal ha vore gift fleire gongar og som hamna på «state hospital» i Imola, Napa Co., CA

 

* Louise Haium som i alle fall var gift to gongar, og truleg ein tredje gong mellom dei to andre, med ein filmprodusent i Los Angeles (Hollywood), CA med namn Collins...?  Det er slektningar av ho som fortel meg at første mannen hennar, «Mr. Sherman», var filmprodusenten, men det var han jo tydeleg ikkje, og Louise hadde namnet Collins då ho i 1931 gifte seg att som skild i Chicago, IL!

 

Her følgjer so manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Hansson {Høyeim}, f. {i Luster} 15.3.1848,

Christopher Haium utvandra med foreldri til Amerika i 1862 og gifte seg første gongen i Goodhue Co., Minn. 21.9.1873 med Emilia Olsdotter frå Lyse nedre i Aker, i Amerika kjend som Amelia Mabel Knutson.  Ho var dotter av gardbrukar (leiglending) Ole Knutson på Lyse nedre, opphavleg frå ein plass under Åmodt søndre i Sørkedalen, Aker,

 

 

##### (kva for ein plass?)

 

 

og kona Karen Larsdotter frå Lyse nedre og f. i Aker 2.5.1852.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867.  Etter nokre år i Goodhue Co., Minn. flytte Christopher og Amelia kring 1879 til ein «homestead» i Parnell township, Brookings Co., S.D. der Amelia d. 28.1.1909.  Christopher selde farmen og flytte alt same året til Spokane, Spokane Co., Wash. der han 24.8.1910 gifte seg att med Emma Fredrika Fransdotter Petersson, opphavleg frå Skärsjöhult i Älmeboda i Kronobergs län i Sverige, i Amerika kjend som Emma F. Peterson.  Ho var dotter av

 

 

##### (yrkestitel? – backstugesitjar?)

 

 

Frans Petersson i Smedstugan under Skärsjöhult i Älmeboda, opphavleg frå Bubbemäla i Södra Sandsjö, Kronobergs län, og kona Eva Christina Nilsdotter frå Strångand i Älmeboda og f. i Älmeboda 19.9.1854, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1872. 

 

 

##### (gift 1ste gongen kring 1883 med C. Oscar Peterson, f. Sverige mai 1853 – skilde!)

 

 

Men dette andre ekteskapet varte ikkje so lenge før dei vart skilde att, og Christopher flytte attende til Wisconsin.  Han busette seg som pensjonist i Vance Creek township, Barron Co., Wis. der han d. 29.8.1943.  Christopher Haium fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet:

a. Hansina Marie, kjend som Sina Haium, f. i Goodhue Co., Minn. 20.12.1874, d. i Los Angeles, Cal. 6.11.1973.  Ho gifte seg

 

 

     ##### (date and place of their marriage? – 1899!?)

 

 

     med Fred William Heintz, f. i Columbia Co., Wis. 3.9.1874.  Han d. i Los Angeles, Cal. 12.12.1948.  Fred var i mange år jarnvarehandlar («hardware merchant»), dels i Towner, McHenry Co., N.D. og i Brookings, Brokings Co., S.D., men flytte på 1920-talet til Los Angeles, Los Angheles Co., Cal. der han var butikkmann («machine store salesman»).  Fred og Sina fekk ei dotter i lag.

b. Caroline, kjend som Clara Haium, f. i Goodhue Co., Minn. 5.2.1877, d. i Fargo, N.D. 24.3.1970.  Clara gifte seg i Brookings, S.D. 10.1.1900 med Martin E.

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Anderson, f.

 

 

     ##### (place of his birth? – MN!? – but apparently grew up in SD? – birth year 1879?)

 

 

     4.10.1878.  Han d. i Fargo, N.D. 22.1.1936.  Martin og Clara farma først nokre år i Parnell township, Brookings Co., S.D., men flytte visstnok i 1909 til Spokane, Spokane Co., Wash. der Martin livnærte seg s0m snikkar («carpenter») til han og Clara kring 1915 slo seg ned som farmarar i Wano township, LaMoure Co., N.D.  På 1920-talet flytte dei so til Fargo, Cass Co., N.D. der Martin arbeidde som vaktmeistar («janitor»).  Han og Clara fekk fire born i lag.

c. Oscar Haium, f. i Goodhue Co., Minn. 8.8.1878, d. i Minot, N.D. 16.8.1976.  Oscar gifte seg i Brookings Co., S.D. 4.3.1904 med Martha Elisabeth Nilsdotter frå Halseid i Skåre, i Amerika kjend som Elizabeth M. Halseid.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Johan Endreson på Halseid og kona Gunvor Aseline Tjærandsdotter frå Lindøy i Sveio og f. i Sveio 29.7.1883, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1887. 

 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – NB: Nils er kalla gardbrukar Halseid ved vigsli i Sveio 1884, men skomakar då dotteri vart døypt i Sveio same år! – må ha utvandra via Stavanger)

 

 

     Elizabeth d. i Minot, N.D. 12.6.1934.  Oscar og Elizabeth tok først ein «homestead» i Ivanhoe township, Ward Co., N.D., men i 1916 flytte dei til Saskatchewan

 

 

     ##### (where?? – son Elmore O. Haium born Canada June 18, 1917)

 

 

     og tok opp ein ny «homestead» der.  Først på 1920-talet flytte dei so attende til Minot, Ward Co., N.D. der Oscar livnærte seg som bilmekanikar og arbeidar («auto garage mechanic and laborer»).  Dei fekk ein son i lag.

d. Magnus Haium, f. i Brookings Co., S.D.

 

 

     ##### (baptism recorded in Lincoln Co., MN!)

 

 

     3.6.1883, d. i Brookings Co., S.D.

 

 

     ##### (date of his death? - ahout 1900!?)

 

 

e. Clarence Frederick Haium, f. i Brookings Co., S.D. 22.2.1885, d. i Prairie Farm, Wis. 26.10.1981.  Clarence gifte seg i Hamlin Co., S.D. 30.9.1917 med Bertha Mildena Thompson, f. i Hamlin Co., S.D. 4.12.1895.  Ho d. i Amery, Wis. 7.1.1972.  Clarence og Bertha farma i Vance Creek township, Barron Co., Wis. og fekk ein son i lag.

f. Edith Esther Haium, f. i Brookings Co., S.D. 20.10.1886, d. i Imola, Cal. 18.3.1963.  Edith gifte seg første gongen i Spokane, Wash. 23.5.1907 med Myron Eugene Kleespie, f. i Grundy Co., Ia. 19.11.1883.  Han d. i Los Angeles, Cal. 26.8.1949.  Myron var bokhaldar («bookkeeper»), og han og Edith budde i Spokane, Spokane Co., Wash., men vart skilde kring 1920.  Myron vart buiande ei tid i Spokane, Wash., men flytte sidan til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Edith flytte til San Francisco, San Francisco Co., Cal. der ho livnærte seg som fabrikkarbeidar («machine operator»). 

 

 

     ##### (Edith remarried (and divorced?) several times – but died as Edith Kleespie! – info?)

 

 

     Edith fekk ein son, som var frå første ekteskapet med Myron Kleespie.

g. Mabel Louella Haium, f. i Brookings Co., S.D. 16.7.1888, d. i Lakewood, Wash. 25.4.1973.  Ho gifte seg første gongen i Brookings, S.D. 27.10.1909 med Orvell William Marshall, f.

 

 

     ##### (place of his birth? – where in MN?)

 

 

     Minn. 24.12.1884.  Han d. i Elkton, S.D.

 

 

     ##### (place of death to be verified – Brookings Co., SD!)

 

 

     12.3.1920.  Orville var bankfunksjonær («banker»), og dei budde i Elkton, Brookings Co., S.D.  Mabel gifte seg 31.1.1924 att i Minnehaha Co., S.D. med Gavin John McPherson, f. i Glasford, Scotland 20.7.1896.  Gavin utvandra til Amerika i 1913 og d. i Los Angeles Cal. 6.5.1958.  Gavin var mjølkekøyrar («dairyman»), og han og Mabel budde i Tracy, Lyon Co., Minn. til dei sist på 1930-talet flytte til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Mabel fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

h. Elizabeth, kjend som Louise M. Haium, f. i Brookings Co., S.D. 29.5.1890, d. i Chicago, Ill.

 

 

     ##### (exact date of her death? – obit. Oct. 5, funeral Oct. 6, 1972!)

 

 

     Louise gifte seg første gongen i Olympia, Wash. 31.3.1916 med Joseph Clayton Sherman, f. i Chicago, Ill. 17.12.1892.  Han d. i Phoenix, Az. 19.12.1944.  Joseph var sakførar («lawyer»), og han og Louise budde i Olympia, Thurston Co., Wash. og sidan i Seattle, King Co., Wash., men vart skilde kring 1922.  Joseph flytte sidan til St. Paul, Ramsey Co., Minn. og derifrå til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der han stort sett livnærte seg som kontormann («office clerk»).  Louise var syerske («milliner») og flytte òg til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der ho ei tid arbeidde som butikkdame («departmentstore saleslady»)

 

 

     ##### (Louise is said to have married a movie producer in between – perhaps a Mr. Collins in Hollywood?)

 

 

     til ho under namnet Louise Collins(!) gifte seg att i Chicago, Ill. 2.6.1931 med Sherman William Glover, f. i Spokane Co., Wash. 11.11.1887.  Han d. i Chicago, Ill. 30.6.1962.  Sherman var butikkmann («salesman»), og han og Louise budde levetidi ut i Chicago, Cook Co., Ill.  Louise fekk ein son, s0m var frå første ekteskapet, men som d. som  barn.

i. Grant Cornelius Haium, f. i Brookings Co., S.D. 4.4.1895, d. i Amery, Wis. 15.3.1953.  Grant gifte seg i Barron Co., Wis. 28.8.1919 med Ella Isabelle Barthman, f. i Barron Co., Wis. 1.1.1897.  Ho d. i Oakland, Cal. 6.4.1966.  Grant Haium var meieriarbeidar («creamery employee»), og han og Ella budde i Clear Lake, Polk Co., Wis., men som enkje flytte Ella til Oakland, Alameda Co., Cal.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles greier eg ikkje å finna ut noko meir om første mann hennar Emma, C O Peterson eller Oscar Peterson.  Derimot finn eg foreldri til Emma i FT1875 og FT1880, båe gonger i Chisago Co., MN - her er dei i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBX-JRF

 

Her er også Emma i Chisago i 1880 med ektefellen Charles O. og datteren Ida. Da kan vi antagelig gjette på at det svenske navnet hans var Carl Oscar: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZ9S-MHS

 

Og her er de antagelig med tre barn Minnesota i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQX1-YYY

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit interessant innlegg!

 

Då har Emma og Oscar lurt meg...  Eg trudde på utsegni frå 1900 om at dei hadde vore gifte i 17 år, so eg leitte ikkje etter dei i 1880...  Men det er nok dei du har finne, Lars!

 

Men framleis kan eg ikkje sjå noko til vigsli deira, og identiteten til Carl Oscar er eit «mysterium», liksom lagnaden hans...

 

Tja, det er ikkje berre nordmenn som gøymer seg i Amerika; svenskane er nok like ille...

 

Eg la forresten dødsattesten til Emma Peterson ved føre innlegget, men no har eg fått ei melding at eg har brukt opp heile kvoten min på innlagde bilete, 23 MB av i alt 93 MB!  Forstå det den som kan...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.