Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ingeborg Rasmusdotter (1798-1847) frå Hafslo, barnemor i Solund 1823 - so «stikke av» til Bergen og stifta familie der - ei kjempeutfordring!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8

 

image.thumb.png.c8b8c16c15dc7d9bee3ab53cbc99002b.png

 

Den Anders Pederson Storøen av Utvær som her er omskriven, må vera han som er fødd «uekte» på Oddekalv i Gulen 4.3.1823 og døypt 18.3.1823 av foreldri Peder Axelson og Ingeborg Rasmusdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11450/66

 

Kven var so denne Ingeborg?

 

I hitt emnet har eg skrive følgjande: (som i ettertid har synt seg vera feil!)

 

«Eg er ikkje 100% sikker, men eg trur at Ingeborg Rasmusdotter må vera ei som var fødd på plassen Grøt under garden Nes i Sogndal og døypt der 20.9.1789.  Ho var dotter av husmann Rasmus Andersson og kona Ingeborg Jørgensdotter, båe barnefødde på Hafslo, men utflytte til Sogndal i 1785.  Denne Ingeborg gifte seg første gongen i Bergen med Peder Olson frå plassen Stegen under Bøtun i Leikanger (1779-1834) og sidan med Mikkel Iverson frå Fosse i Hamre (1793-1866).  Ingeborg døydde i 1866.

 

Men denne delen av manuskriptet mitt har eg ikkje med meg der eg er no, so eg lyt få komma attende til denne saki når eg er heime att...»

 

Men ved nærare sjekking av originalkjeldene kan eg ikkje sjå at dette parfolket hadde nokon son Anders, og dessutan ville dei andre søskeni ha vore ervingar etter Anders Pederson i 1861!

 

Då har eg derimot ein annan «kandidat» som eg tykkjer kanskje høver betre, denne Ingeborg Rasmusdotter frå Solvorn i Hafslo, som attpåtil hadde eit søskenbarn Jonas Jacobson (1784-1831) som budde nettopp på Stendal i Solund:

 

~~~~~~~~~~~ (manuskriptutdrag gnr. 88, Rønnei i Luster - NB: Etter mange interessante oppdagingar i kveld er dette manuskriptet no omarbeidt or erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eg er sjølvsagt svært interessert i oppfølgjande opplysningar om denne huslyden, men det som i utgongspunktet gjer meg litt «skeptisk», er at desse jentene skulle ha vore ervingar etter Anders Pedersn Storøen i 1861?  Kan det tenkjast at ingen i Utvær visste om at Ingeborg hadde vore gift og fekk dei tre døtrene??

 

Eit anna spørsmål som bidreg til ytterlegare spekulasjonar, er dei tre «sidelinjeervingane»

 

* Bernt Olson Hagen, i teneste på Sætre i Askvoll

 

* Britha Olsdotter Hagen, i teneste i Dalsfjorden i Holmedal

 

* Martinus Andersson Trevaag i Bø i Vesterålen

 

Kven var dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bringa oss nærare ei løysing på denne erveutfordringi og likeins nærare ei komplettering av biografien til Aamund Einerson og Ingeborg Rasmusdotter.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har studert litt meir på denne utfordringi og ser no at Lars Haasted, yngste svigersonen av Aamund og Ingeborg, i 1900 var busett på Engesund i Fitjar som tidlegare fyrvoktar:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037304000534

 

Finst det noko samla oversyn over fyrvoktarar?  Eg vil ta opp dette spørsmålet som eit eige tema...

 

So har eg søkt etter desse «sidelinjeervingane», og eg ser at ein Bernt Olson, fødd i Askvoll 1845, i 1865 var tenestedreng på Sætre i Askvoll:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1428&kenr=006&bnr=0018&lnr=000

 

Denne Bernt er fødd i Askvoll 5.10.1845 og døypt 12.10.1845 - foreldri var gardbrukar Ole Torstenson og Trina Rasmusdotter på Vaagø:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8372/12

 

Går me so eit steg vidare, ser me at Ole Torstenson Grytøre, fødd 1798 som son av Torsten Sivertson, og Trine Rasmusdotter Sellevold, fødd 1811 som dotter av Rasmus Torkildson, gifte seg i Askvoll 1.1.1831:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8598/182

 

Men eg er ikkje sikker på om eg har finne den «rette» Bernt Olson...  Eg ser ikkje noko samband mellom t..d. Trine Rasmusdotter og «vår» Ingeborg Rasmusdotter!

 

Og korleis denne skyldskapen skal kunne tolkast, er eit anna spørsmål...?  Kan bygdeboki for Askvoll ha tips å komma med?

 

Elles er de jo eit godt spørsmål kven denne Anders Pederson Storøen var erving etter i 1861?  Det får me ikkje greie på...  Alt me høyrer er at han var ein «fråverande erving»!

 

Neste utfordring er so spørsmålet om kven Martínus Andersson Trevaag i Bø kan ha vore, men det spørsmålet vil eg òg leggja ut som eige tema!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men eg er ikkje sikker på om eg har finne den «rette» Bernt Olson...  Eg ser ikkje noko samband mellom t..d. Trine Rasmusdotter og «vår» Ingeborg Rasmusdotter!

 

Og korleis denne skyldskapen skal kunne tolkast, er eit anna spørsmål...?  Kan bygdeboki for Askvoll ha tips å komma med?

 

Her er det som står i Askvoll bygdebok 2B:

 

251930755_Skjermbilde2018-09-01kl_22_02_10.png.2005d8b2d81d5690949b942dfb04e0da.png

1640872681_Skjermbilde2018-09-01kl_22_02_21.png.286d96b0f548d56682200af4a3f984fb.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit spennande og interessant innlegg!

 

Etter at Sven no har greidd å identifisera den tredje «sidelinjeervingen», Martinus Andersson som ein dotterson av Jonas Jacobson på Stendal, sjå https://forum.arkivverket.no/topic/225240-løyst-martinus-andersson-trevaag-1880-busett-i-bø-i-vesterålen-kven-var-denne-mannen-og-kvar-kom-han-ifrå/

 

har eg oppdaga at me nok hadde feil Bernt Olson.  Det syner seg nemlig at ei anna dotter av Jonas Jacobson Stendal, Nille, gifte seg i Gulen i 1848 med ein Ole Hansson:

 

Name Ole Hansen
Spouse's Name Nille Jonasdr
Event Date 28 Dec 1848
Event Place Gulen,Sogn Og Fjordane,Norway
Father's Name Hans Jensen
Spouse's Father's Name Jonas Jacobsen

 

og desse hadde fleire born, mellom anna:

 

Britha Olsdotter, fødd i Gulen 11.5.1849

 

Bernt Martinus Olson, fødd i Askvoll 29.2. eller 29.3.1860

 

Dette tyder samstundes at me har identifisert Ingeborg Rasmusdotter som fødd i Solvorn og døypt der 18.2.1798!  Ho er i ung alder flytt til skyldfolki sine i Solund, og etter at ho fekk sonen Anders med Peder Axelson i 1823, har ho «stikke av» til Bergen, og me lyt tru at det ikkje har vore nokon kontakt attende til Sogn etter ho reiste dit!  Difor visste heller ikkje skifteretten om halvsøskeni til Anders Pederson eller at Ingeborg var avlidi so tidleg som i 1847!

 

Ei utfordring no vert å finna:

 

* Lagnaden til Anders Pederson?

 

* Kvar voks Anders opp?

 

* Kven var faren Peder Axelson?

 

* Dessutan saknar me fleire opplysningar om halvsøsteri Anna Margrethe fødd i Bergen 10.1.1826 - kvar vart det av ho?

 

Her følgjer eit omarbeidt og oppdatert manuskript for denne utfordrande huslyden, til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Einerson {Rønnei}, døypt {i Luster} 9.5.1790,

Amund Einersen flytte i ung alder til Bergen, kan henda som soldat, og gifte seg i Nykyrkja 31.12.1826 med Ingeborg Rasmusdotter frå Solvornstrondi under Solvorn i Hafslo, døypt i Hafslo 18.2.1798.  Amund Einersen vart murarbeidar i Bergen, og han og Ingeborg budde visstnok i Tydskesmuget, men Amund vart sjuk og d. på sjukehuset i Bergen 7.5.1836.  Ingeborg d. som almisselem i Bergen 23.5.1847.  Dei fekk tre born i lag, men Ingeborg hadde òg ein son frå før:

a. Anders Pederson, son av Ingeborg og

 

     ##### (barnefar Peder Axelson – kven var han? – båe tente på Oddekalv i 1823!)

 

     var f. i Solund, Gulen 4.3.1823,

 

     ##### (lagnaden hans? – var tenestedreng på Storøen i Utvær, men vart etterlyst som «fråverande erving» i 1861 – er truleg oppvaksen i ein fosterhuslyd i Solund??)

 

b. Anne Margrethe Amundsen, f. i Bergen 10.1.1826,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Johanne Karine Amundsen, tvilling, f. i Bergen 22.1.1830, d. i Bergen 13.3.1868.  Johanne Amundsen gifte seg i Bergen 24.3.1861 med Iver Olai Olaison Torstensen frå Bergen, f. i Bergen 12.7.1835.  Han d. i Bergen 19.9.1910.  Iver Olai Torstensen var snikkarmeister, og han og Johanne budde i Pundersmuget i Bergen.  Dei fekk ein son i lag.

d. Elen Dorthea Amundsen, likeins tvilling og f. i Bergen 22.1.1830, d. i Bergen 10.6.1867.  Elen gifte seg i Nykyrkja i Bergen 7.9.1862 med Lars Nilsson Haasted frå Flekkefjord.  Han var son av kaptein Nils Haasted og kona Dorthea Olsen og f. i Flekkefjord 25.6.1834.  Han d. som tidlegare fyrvoktar på Engesund på Fitjar 31.1.1903.  Lars Haasted var styrmann, og han og Elen budde òg i Bergen, men 11.9.1885 vart Lars Haasted utnemnd til assisterande fyrvoktar på Utsira fyr, og der budde han sidan til han sist på 1890-talet som pensjonist flytte til Engesund på Fitjar.  Han og Elen fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne utfordrande biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

??

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009683461

 

Nummer 16

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 21 (1848-1858), Døde og begravede 1854, Side 265
Permanent bilde-ID: kb20070305620309
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305620309
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305620309.jpg
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Ved dødsfallet til Peder Axelsen som Sven har funnet i #5 står Peder med navnet "Lundøen". Samme navn står som fødested ved konfirmasjonen til Anders Pedersen (konfirmant nr. 33):

 

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 20, 1837-1847, s. 131
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305350579
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Litt "tynt" med opplysninger om Peder Akselsen i bygdeboken for Solund:

 

244767423_Skjermbilde2018-09-02kl_12_39_31.png.f1fc77bb88466ed2663442fe95277af0.png

1346524050_Skjermbilde2018-09-02kl_12_40_32.png.38f4c9535f8eb0381cebf27251ca74e2.png

2132791366_Skjermbilde2018-09-02kl_12_40_50.png.4a30d6b00504e8d44ab7843f44f2d470.png

 

1654890986_Skjermbilde2018-09-02kl_12_41_31.png.cb4bf55fd9215f9ba8ec006452538de6.png

687808975_Skjermbilde2018-09-02kl_12_42_55.png.4d6c6453991fbb0adb7150aa929db4a1.png

780106910_Skjermbilde2018-09-02kl_12_41_45.png.1dce25b4666639156c3759d231bb0e4b.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg trur det kan vera vel verdt å studera denne Peder Axelson litt  nærare.  Kanskje voks sonen Anders opp hjå far sin, og at han vart ettersøkt som erving etter Peder i 1854?

 

Eg ser at Peder gifte seg to gongar:

 

* Gulen 11.7.1824 Peder Axelson Nøtøen, ungkar og tenestedreng, 37, med Janike Hansdotter Unneland, tenestejente, 35: https://media.digitalarkivet.no/view/11450/190

 

* Gulen 19.9.1842 enkjemann Peder Axelson f. Nøtøen, opph. Lundøen, 55 1/6, med enkja Marie Gjertsdotter f. Refsøen, Førde, oph. Lundøen, 46 2/3: https://media.digitalarkivet.no/view/11452/213

 

Eg kan ikkje sjå at han fekk born i nokon av ekteskapi sine, so tanken om at Anders voks opp hjå Peder og Janike er kanskje ikkje so langt borte...?

 

Kanskje nokon har kunnskap om denne huslyden som tydeleg manglar i omtalen av Lundøen i bygdeboki for Solund?  Kanskje me kan få Gisle til å ta ein titt på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
7 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Gulen 11.7.1824 Peder Axelson Nøtøen, ungkar og tenestedreng, 37, med Janike Hansdotter Unneland, tenestejente, 35: https://media.digitalarkivet.no/view/11450/190

 

 

Fra Gulen bygebok - Ånneland(Unneland)

 

image.png.49e6477eb8f2d094b849c1cdb40291b7.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget om denne ætti frå i går.

 

Det ser ikkje ut til å vera so mange etterkomarar etter denne ætti på Ånneland heller.  Om Janike hadde hatt born før ho vart gift, ville vel dei vore nemnde i bygdeboki...

 

Me får vona at fleire detaljar vil dukka opp i Solund...  Skiftet etter Peder Axelson ville jo vore ein «highlight»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

Dette er ein heller ukjent "familie" for meg, så eg hadde ikkje så mykje info om desse. Men fekk no kobla saman nokre oppføringer slik at eg har eit bedre bilete av familien...

 

Eg vil tru, ut i frå det som er kome fram her, at Anders Pederson budde hos far sin så lenge han levde, men kvar han tok vegen etter 1854 har eg dessverre ikkje noko svar på.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Litt på sida av det du eigentlig er ute etter....

 

On ‎9‎/‎2‎/‎2018 at 12:09 AM, Lars E. Øyane said:

Bernt Martinus Olson, fødd i Askvoll 29.2. eller 29.3.1860

 

Er det han som er barnefaren her, i 1875 (nederst),  eller må det vere ein annen kar? Mora til barnet, Bernt Andreas, Anne Olsdtr var f. ca. 1837 i Hyllestad og hadde som det står nett fått sitt fjerde barn (med den tredje mannen, men ho var aldri gift). Ved FT1865 bur ho saman med ei dotter på Hugøe/Hugøy (den gang ein del av Askvoll).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
On ‎9‎/‎2‎/‎2018 at 6:37 PM, Lars E. Øyane said:

Marie Gjertsdotter f. Refsøen

 

Ho døde i Utvær 8.12.1869; https://www.digitalarkivet.no/kb20070305630054 (nr. 34)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for direkte melding og fleire interessante innlegg om huslyden til Peder Axelson.

 

Ei sak synest ganske so klar:

 

** Anders Pederson må vera oppvaksen hjå far sin på Lundøen, men har òg butt på Storøen før han «forsvann»!  Eg ser at faren er omskriven som legdelem då han døydde i 1854, so det synest underleg at det då har vore halde skifte der sonen Anders vart etterlyst.  Kanskje etterlysingi har andre òrsaker...  Uansett, i 1861 var han framleis «forsvunnen», og lagnaden hans vert truleg ei kjempeutfordring å finna ut av...

 

Elles er det merkeleg at Peder Axelson ikkje er nemnd i bygdeboki under Lundøen der han tydeleg har butt i mange år, rimelegvis som strandsitjar!  Enkja hans var i 1865 busett hjå ein enkjemann på Utværsøy: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1411&kenr=010&bnr=0002&lnr=000

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Einerson {Rønnei}, døypt {i Luster} 9.5.1790,

Amund Einersen flytte i ung alder til Bergen, kan henda som soldat, og gifte seg i Nykyrkja 31.12.1826 med Ingeborg Rasmusdotter frå Solvornstrondi under Solvorn i Hafslo, døypt i Hafslo 18.2.1798.  Amund Einersen vart murarbeidar i Bergen, og han og Ingeborg budde visstnok i Tydskesmuget, men Amund vart sjuk og d. på sjukehuset i Bergen 7.5.1836.  Ingeborg d. som almisselem i Bergen 23.5.1847.  Dei fekk tre born i lag, men Ingeborg hadde òg ein son frå før:

a. Anders Pederson, son av Ingeborg og strandsitjar Peder Axelson på Lundøen i Solund (1787-1854), var f. i Solund, Gulen 4.3.1823, men voks opp hjå far sin og ei stemor på Lundøen.

 

     ##### (lagnaden hans? – tydeleg einaste ervingen etter Peder Axelson i 1854, men då fråverande – referert til som tenestedreng på Storøen i Utvær, men etterlyst som «fråverande erving» i 1861)

 

b. Anne Margrethe Amundsen, f. i Bergen 10.1.1826,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Johanne Karine Amundsen, tvilling, f. i Bergen 22.1.1830, d. i Bergen 13.3.1868.  Johanne Amundsen gifte seg i Bergen 24.3.1861 med Iver Olai Olaison Torstensen frå Bergen, f. i Bergen 12.7.1835.  Han d. i Bergen 19.9.1910.  Iver Olai Torstensen var snikkarmeister, og han og Johanne budde i Pundersmuget i Bergen.  Dei fekk ein son i lag.

d. Elen Dorthea Amundsen, likeins tvilling og f. i Bergen 22.1.1830, d. i Bergen 10.6.1867.  Elen gifte seg i Nykyrkja i Bergen 7.9.1862 med Lars Nilsson Haasted frå Flekkefjord.  Han var son av kaptein Nils Haasted og kona Dorthea Olsen og f. i Flekkefjord 25.6.1834.  Han d. som tidlegare fyrvoktar på Engesund på Fitjar 31.1.1903.  Lars Haasted var styrmann, og han og Elen budde òg i Bergen, men 11.9.1885 vart Lars Haasted utnemnd til assisterande fyrvoktar på Utsira fyr, og der budde han sidan til han sist på 1890-talet som pensjonist flytte til Engesund på Fitjar.  Han og Elen fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Attåt utfordringi om lagnaden til Anders Pedersen er det òg ei kjempegåte kvar det er vorte av Anne Margrethe Amundsen i Bergen, fødd 1826, men kan henda er denne like «vonlaus» som spørsmålet om Anders?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ei sak som eg har gått og «grubla» på ei tid, er denne:

 

Me kjenner no opphavet til Ingeborg Rasmusdotter som (einaste) barnet som levde opp av Rasmus Jonasson i Solvorn i Hafslo (1759-1803).  Som «sidelinjeervingar» er nemnde barneborn etter søsteri Kari Jonasdotter frå Solvorn (1752-1787), som budde på Stendal i Gulen.

 

Den gongen huslyden til Kari Jonasdoitter vart drøfta i Brukarforum:

https://forum.arkivverket.no/topic/200576-kari-jonasdotter-fødd-i-hafslo-1752-var-det-ho-som-i-1780-åri-budde-på-stendal-i-solund-gulen/

var me vel i utgongspunktet litt i stuss på om denne Kari verkeleg kom frå Solvorn, men med oppdagingi av «sidelinjeervingane» etter Ingeborg er all tvil feid til side!

 

MEN, Rasmus og Kari hadde ei søster til, Anna Jonasdotter (1757-1843), som budde i Gulen og som Ivar Moe henta fram i dette emnet i Brukarforum:

https://forum.arkivverket.no/topic/200567-anna-jonasdatter-bosatt-i-gulen-i-1787-hvor-kommer-hun-fra/?tab=comments#comment-1694571

 

Kvifor er ikkje borni til Anna Jonasdotter òg nemnde som «sidelinjeervingar» i nemnde proklama??

 

Einaste forklaringi som eg har på dette, er følgjande:

 

** Alle ervingane etter Anna Jonasdotter var kjende på den tidi proklamaet vart utstedt, og difor var det ikkje naudsynt å etterlysa dei!?  Likeins hadde ganske sikkert Kari Jonasdotter på Stendal fleire ervingar enn dei tre som vart etterlyste, men som var til stades i Gulen og «kjende»!?

 

Er det mogeleg å finna slutningi av det skiftet som det vert refert til i 1880?  Då ville me få ei endeleg stadfesting av dette...  Kanskje du, Gisle, eller andre har oversyn over skifti frå Solund frå den tidi??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.