Jump to content
Arkivverket

Anna (Marie) (1758-1796) og Inger Marie (1760-1798) Sølfestsdøtrer (Lystrup) frå Ottum i Luster - gifte i Danmark - detaljar om ektemakar og lagnadane til borni deira? - ei norsk/dansk utfordring!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Nei, eg hadde ikkje sett denne innførsli i FT1850.  Då budde han med andre ord framleis i Øster Hassing...  Eg har søkt etter dødsfallet hans i Øster Hassing (via FamilySearch), men har ikkje so langt lukkast finna spor etter mannen...

 

Elles kan det sjå ut til at «kandidaten» din frå Rennesøy likevel ikkje gjorde danske av seg.  1801-teljingi seier noko om «Broe fra Ranneberg Tunge», og dette dødsfallet i Stavanger kan vel vera same mann...?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001326330

 

Eller kva meiner du, Grethe...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hjå DIS-Danmark er det i går komme inn to nye innlegg, som eg ønskjer å attgje:

 

~~~~~~~~~~ Frå Inger Toudal:

 

Aalborg, Kær, Øster Hassing, Øster Hassing by, en gård, 60, FT-1834, A0339
Navn:     Alder:     Status:     Stilling i familien:     Erhverv:     
Iver Torsen     59     Gift            Inderste og Snedker.       
Ane Grube Herfougt     63     Gift            hans kone.

Aalborg, Kær, Øster Hassing, Østerhassing bye, Fattighuset, 9, FT-1850, B3087
Navn:     Alder:     Status:     Stilling i familien:     Erhverv:     Fødested:
Niels Andersen Hald     66     Gift            Tærsker      dette Sogn  
Ane Kirstine Larsdatter     75     Gift            hans Kone.Nyder Understøttelse af Fattigkassen      Gislum S. Viborg A.  
Ivar Thorsen     77     Enke(mand)            Forsørges af Fattigvæsenet      Norge  
Maren Christensdatter     76     Enke(mand)            Forsørges af Fattigvæsenet      Mosberg S. Hjørring A  
Johanne Nielsdatter     58     Enke(mand)            Forsørges af Fattigvæsenet      Ulsted S. Aalborg A.  

Måske er det ham, der er noteret død 27. sept. 1852 som Peter Thørsen, Fattiglem i Øster Hassing, 70 år:

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17128784#174055,29282161 - nr. 10

Kan ikke finde nogen person i FT-1850 for Ålborg amt eller Hjørring amt, der passer på ovenstående afdøde.

Venlig hilsen
Inger

 

~~~~~~~~~~ Frå Judith Olsen:

 

Fandt lige dette fra en ældre tråd - https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php?topic=4590.0:

"Madame Rosenkilde, eller Anne Grubbe Herfordts videre skæbne startede med, at hun som præsteenke var berettiget til at modtage enkepension. I protokollen for Viborg stifts gejstlige enkekasse findes følgende: i 1801 får Madam Rosenkilde 1 rd. 3 mk. og 10 sk, i 1802 får hun 6 rd., hvilket hun også får i 1803, men nu ses det at hun var flyttet til Ulstrup i Aars herred. I Ulstrup blev hun gift med en mand der hed Iver Thorsen, som var ansat som kusk hos den derværende sognepræst. Hvor lang tid de blev boende i Ulstrup vides ikke, men i folketællingen i 1834 var de flyttet til Øster Hassing i Vendsyssel. Her boede de resten af deres dage. Ved folketællingen i 1834 er Iver Thorsen snedker, men i folketællingen i 1845 er Iver Thorsen og Anne Grubbe Herfordt inderste og fattiglem. Unægteligt et socialt fald for Anne Grubbe Herfordt. Hun blev født i en præstegård, blev gift til en præstegård og sluttede af med en fattig fhv. præstegårdskusk.
Anne Grubbe Herfordt døde d. 12. november 1847 i Øster Hassing sogn i Aalborg amt, og blev begravet på Øster Hassing kirkegård d. 21 november."


Desværre er der ingen kirkebøger fra Ulstrup sogn før 1813 (præstegården brændte i 1829).

Her er Iver i FT 1801:

Aalborg, Aars, Ulstrup, Ulstrup Bye, , 6, FT-1801, B8528
Navn:     Alder:     Status:     Stilling i familien:     Erhverv:     Fødested:
Niels Engelstoft Henriksen Lemvig     36     Gift      Huusbonde      Sognepræst        
Christiane Poulsen     35     Gift      Hans Kone              
Nicoline Marie Poulsen     11           Hendes broderdatter              
Peder Pedersen Huus     45     Ugift      Avlskarl      Udtient Soldat        
Iver Thorsen     24           Kudsk              
Søren Christensen     15           Tienestedreng              
Sophie Christensdatter     19           Tienestepige              
Johanne Jensdatter     15           Tienestepige              
Anne Lemvig fød Nysom     30     Enke      Mandens broderenke      Præsteenke paa Ulstrup Kald, lever af sin Pension        
Charlotte Amalie Lemvig     5           Hendes datter              
Johanne Søndergaard     35     Ugift      Enkens Syster              
Karen Larsdatter     14           Tienestepige        

Tilføjet:

Se denne historie af Kurt Dahl - hvorfra ovenstående citat stammer:

https://www.slaegtogdata.dk/disapps/kilder/Aalborg_praestens_storhed_og_fald.pdf

 

~~~~~~~~~~

 

Her kjem det fleire interessante opplysningar, mellom anna:

 

** Iver Thorsen var alt i 1801 komen til Danmark som kusk hjå soknepresten i Ulstrup.  Alderen er då oppgjeven til 24 år,

 

** Iver Thorsen og Ane Grube f. Heerfordt må ha gift seg i Ulstrup, men kyrkjebøkene er borte...

 

** Soga som Kurt Dahl er svært interessant og fortel svært mykje om livet til Bolle Rosenkilde og kona Inger Marie - som til dømes at Bolle tok til som sokneprest til Ellidshøj i 1789.

 

** Denne Peter Thørsen som i 1852 døydde som fattiglem i Øster Hassing kan godt vera «vår» Iver!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #54 under!

 

Etter dette sit me att med følgjande «hovudutfordringar» i «bolken» om Inger Marie Rosenkilde:

 

*** Opphavet til Iver Thorsen.  Kvar i all verdi kan han ha vore ifrå??  Kvar er Rønne sokn i Noreg?

 

*** Lagnaden til Niels Jacob Rosenkilde, fødd 1788 og hattemakarsvein i Fredricia i 1811?

 

*** Opphav og detaljar om amtsfullmektig Hans Peder Olsen i Maribo?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

So er dødsfallet til amtsfullmektig Hans Peder Olsen dukka opp hjå DIS-Danmark.  Han hadde skift yrke til vertshushaldar og døydde i Maribo 24.4.1836, 51 1/2 år gamal:

 

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?bsid=153581#153581,25590396

 

Søker me FamilySearch, finn me faktisk berre ein danske som høver:

 

Name Hans Peter Olsen
Gender Male
Christening Date 29 Aug 1783
Christening Place FRUE KIRKE OR VOR FRUE KIRKE, KOBENHAVN, KOBENHAVN, DENMARK
Father's Name Ole Hansen
Mother's Name Juliane Hobroe

 

men det skal vel mykje til om dette er «vår» mann!

 

Her er ogso skiftet etter Sylvia dukka opp, og her vert fem av dei seks borni nemnde; berre Bollentine er borte...:

 

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=133193#133193,33395903

 

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=133194#133194,33395915

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=133194#133194,33395965

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=134094#134094,33546006

 

Men lagnaden til Niels Jacob fødd 1788 er framleis eit «mysterium»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Eg tok kontakt med St. Ansgar katolske kyrkje i København for å høyra om dei kunne finna fødsli eller dåpen til Ane Sophie Fleron som gifte seg med Henrik Erpecom Schiøtt, og i dag kom svaret:

 

Anna Sophia Flerong vart døypt i Sankt Ansgar kyrkje 31.3.1800 - so då er ein ny «puslespelbrikke» på plass!

 

Soleis set me no att med følgjande «hovudutfordringar» i dette emnet:

 

** Oppvekststaden til Engel Christine Augustinusdotter Paasche/Bustaden til Augustinus Jacob Paasche?

 

** Oppvekststaden til Augustinus Jacob Dancquartson Paasche/Bustaden til Dancquart Paasche?

 

** Dødsfallet til Henrica Juditha Schiøtt i København etter 1784 og opplysningar om eventuelt fleire born etter Abraham og Anne (Marie) fødde i København?

 

** Opphavet til Iver Thorsen.  Kvar i all verdi kan han ha vore ifrå??  Kvar er Rønne sokn i Noreg?

 

** Lagnaden til Niels Jacob Rosenkilde, fødd 1788 og hattemakarsvein i Fredricia i 1811?

 

** Opphavet til amtsfullmektig Hans Peder Olsen i Maribo, fødd kring 1783-1785?

 

Og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #52 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

11. Anna Sølfestsdotter {Ottum}, døypt {i Luster} 14.4.1758,

Anne Marie Lystrup gifte seg i København i Danmark 23.8.1782 med Abraham von Erpecom Henrikson Schiøtt frå Bergen.  Han var son av skipper Henrik Magnusson Schiøtt og kona Juditha Abrahamsdotter von Erpecom og f. i Bergen 19.6.1753.  Abraham Schiøtt var handelsmann og gjestgjevar på Nytappen i Sogndalsfjøra, Sogndal, og derifrå vart Anne Marie gravlagd 7.6.1796.  Abraham gifte seg att i Sogndal 10.5.1799 med Engel Christine Augustinsdotter Paasche frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi?)

 

Ho var dotter av premierløytnant Augustin Jacob Dancquartson Paasche i

 

##### (bustaden hans?)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Barbara Cathrine Hermansdotter van der Burg frå Halden og vart døypt i Vang i Valdres 30.5.1773.  Først på 1800‑talet flytte Abraham og Engel Christine Schiøtt attende til Bergen der Abraham heldt fram som handelsmann til han d. 21.11.1812.  Engel Schiøtt d. i Bergen 19.1.1840.  Dei budde visstnok i Knøsesmuget i Bergen.  Abraham fekk i alt tolv born; av dei var tre born frå første ekteskapet:

 

##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire born? - dei hadde «god tid» til det!)

 

a. Henrica Juditha Abrahamsdotter Schiøtt, døypt i København 15.10.1784,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Henrik Erpecom Abrahamson Schiøtt, f. i Bergen 11.2.1788, vart gravlagd frå Nytappen i Sogndal 5.12.1793.

b. Henrik Erpecom Abrahamson Schiøtt, f. i Sogndal 18.5.1796, d. i Sakskøbing, Maribo amt i Danmark 21.3.1870.  Henrik Schiøtt gifte seg i Helsingør, Frederiksborg amt på Sjælland i Danmark 4.8.1822 med Ane Sophie Servaisdotter Fleron frå Helsingør, døypt i København 31.3.1800.  Ho d. i Sakskøbing i Danmark 26.10.1862.  Henrik var ei tid fyrverkar i forsvaret, og han og Ane Sophie budde først i Helsingør, Frederiksborg amt på Sjælland, men flytte på 1830-talet til Nakskov, Maribo amt på Lolland og sidan vidare til Sakskøbing i Maribo amt på Lolland der Henrik var løytnant og tollforvaltar.  Dei fekk fire born i lag.

12. Inger Maria Sølfestsdotter {Ottum}, døypt {i Luster} 29.1.1760,

Inger Marie Lystrup gifte seg i St. Nikolajkyrkja i København 27.10.1784 med Bolle Nielssen Rosenkilde frå Brøndum store på Jylland.  Han var son av prost Niels Jacob Hansson Rosenkilde i Brøndum store og kona Elisabeth Dorothea Bollesdotter Mørch frå Gerding og var f. i Brøndum store 29.3.1762.  Bolle var først skulehaldar, og han og Inger budde ei tid på Ammindrup i Helsinge, Frederiksborg amt på Sjælland, men vart i 1789 sokneprest til Svenstrup og Ellidshøj i Aalborg amt på Jylland, og han og Inger busette seg i Ellidshøj der Inger d. 23.2.1798.  Bolle gifte seg att i Ellidshøj 23.8.1799 med Ane Grube Johannesdatter Heerfordt frå Ferslev i Aalborg amt på Jylland.  Ho var dotter av sokneprest Johannes Jacobson Heerfordt til Ferslev, Dal og Volsted i Aalborg amt og busett i Ferslev, opphavleg frå Boeslunde i Sorø amt på Sjælland og kona Bodil Marie Stampe Jensdotter Clementin frå Nørtorp i Ræhr, Tisted amt og f. i Ferslev 6.5.1771.  So d. Bolle Rosenkilde sjølv i Ellidshøj alt 25.3.1800.  Ane flytte som enkje til Ulstrup i Aalborg amt der ho kring 1805 gifte seg att med Iver Thorsen frå

 

##### (opphavet hans? – fødd Rønne sokn i Noreg kring 1774-1777?)

 

Iver var før 1801 komen til prestegarden i Ulstrup som kusk, men livnærte seg sidan som snikkar.  Han og Ane flytte til Øster Hassing i Aalborg amt der Ane d. 12.11.1847.  Iver Thorsen d. visstnok som fattiglem same staden 27.9.1852. 

 

##### (sjekka at det var han?)

 

Bolle fekk seks born, som alle var frå første ekteskapet:

a. Niels Jacob Bolleson Rosenkilde, døypt i København 14.11.1784, d. truleg i Helsinge kring 1786.

b. Niels Jacob Bolleson Rosenkilde, f. i Brøndum store 7.9.1788,

 

     ##### (hattemakarsvein i Fredericia 1811 – lagnaden hans?)

 

c. Sylvia Lovise Birgitte Bollesdotter Rosenkilde, døypt i Ellidshøj 27.2.1792, d. som fullmektigenkje i Maribo 30.4.1857.  Sylvia flytte i ung alder til København, men gifte seg i Maglebrænde i Maribo amt, Danmark 5.2.1819 med Hans Peder, kjend som Peder

 

     ##### (farsnamnet hans?)

 

     Olsen frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – 1783/1784 )

 

     Han d. som vertshushaldar i Maribo 24.4.1836.  Peder var amtsfullmektig, men livnørte seg siste leveåret som vertshushaldar, medan Sylvia som enkje livnærte seg som syerske.  Dei budde i Maribo, Maribo amt på Lolland og fekk seks born i lag.

d. Sylvester Bolleson Rosenkilde, døypt i Ellidshøj 12.5.1793, d. i Kolding 20.8.1837.  Han gifte seg i Kolding 16.5.1818 med Ane Dorthea Rasmusdotter Johnsen frå Kolding, f. i Kolding 14.4.1795.  Ho d. i Kolding 14.11.1866.  Sylvester Rosenkilde var hattemakar, og han og Ane Dorte budde i Kolding, Jylland.  Dei fekk seks born i lag.

e. Niels Bang Bolleson Rosenkilde, døypt i Ellidshøj 20.8.1794, d. i Kolding på Jylland 28.5.1837.  Han gifte seg i Kolding 26.10.1820 med Anne Margrethe, kjend som Ane Grete Jørgensdotter Waltersdorff frå Kolding, f. i Kolding 12.5.1796.  Ho d. som enkje i Kolding 18.6.1869.  Niels Rosenkilde var bokhandlar og krigssekretær i Kolding, og han og Ane Grete fekk sju born i lag.

f. Børge Risbreck Bolleson Rosenkilde, døypt i Ellidshøj 27.2.1797, vart gravlagd som skreddardreng i Aalborg 29.7.1811.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.