Gå til innhold
Arkivverket

Gunvor Jørgensdotter (fødd 1768) og Lars Jørgenson (fødd 1777) - halvsøsken frå Hafslo som forsvinn i Bergen - kvar i all verdi vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld henta fram to av «hovudutfordringane» frå dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/218864-jørgen-pederson-haugen-kinserdal-1729-1789-frå-hafslo-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-hans-gunvor-lars-og-gjøri-samt-stesonen-johannes-kan-då-vel-ikkje-berre-«forsvinna»-ei-utfordring-av-dimensjonar/?tab=comments#comment-1848000

 

** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785

 

** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792

 

Far deira var Jørgen Pederson (Haugen) (1729-1789) som kring 1782 flytte frå Hafslo til Bergen med kone og to fellesborn og eitt born kvar seg frå tidlegare ekteskap, men Gunvor og Lars er som sokke i jordi etter dei vart konfirmerte i Bergen!

 

Eg ville vorte kjempeglad om nokon greier å finna spor etter dei og takkar so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gravlagde i Bergen 1816-86, Gamle DA.

 

Kornmaler Lars Jørgensen, d 29.6.1834, 66 5/6 år gamal.  Født ca 1768. Ein diff på 9 år.

Sygehuuslem Lars Jørgens, d 20.4.1846, 61 år gamal. Født ca 1785. Ein diff på 8 år.

 

Det skal ikkje være einkelt, Lars ..................

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jon for eit interessant innlegg i denne debatten, som diverre har lege utan svar alt for lenge!

 

Ser me på undersøkjingskommisjonen 1804 for Bergen, finn me ein:

 

* Lars Jørgenson Follesvaag som er fødd i Askvoll 10.10.1767, sjauar.  Han er tydeleg gift og har to born: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=5991&merk=5991#ovre

 

Dette er IKKJE vår mann, men han KAN vera identisk med den kornmålaren som døydde i 1834.  Alderen høver i alle fall godt!  Truleg er det same mann me finn som sjømann i 1801 gift med Karen Rasmusdotter: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390003518

 

Og her er utan tvil same mann i FT1815 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079001883

 

Og her er vigsli hans frå 1799: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16102&merk=16102#ovre

 

Og her er han attgift i Bergen i 1818, og då er han kornmålar: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1816&gardpostnr=4915&merk=4915#ovre

 

Men kven er so sjukehuslemmet som døydde i 1846?

 

Han skulle vera fødd kring 1785.  Då har eg ein mistanke om at det KAN vera Lars Ulrik Jørgensen, fødd i Bergen 1787:

 

Name Lars Ulric Jorgensen
Gender Male
Birth Date 28 Jul 1787
Christening Date 03 Aug 1787
Christening Place Bergen, Bergen, Norway
Father's Name Jorgen Olsen
Mother's Name Anne Margarethe Olsdr

 

Han vart konfirmert på Askøy i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000693053

 

og er soleis ikkje med korkje i FT1801 eller undersøkjingskommisjonen for Bergen 1804.

 

Men han gifte seg to gongar i Bergen:

 

* i 1819: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001192842

 

* i 1837: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000726224

 

Etter den tid ser me ikkje noko meir til han!

 

Dødsmelødingi seier heller ikkje noko: https://media.digitalarkivet.no/view/23995/367

 

Eg er meir eller mindre sikker på at Lars Ulrik Jørgensen er mannen som døydde som sjukehuslem i Bergen i 1846.

 

Eg er etter dette ganske so sikker i mi sak når eg hevdar at «vår» Lars Jørgenson forsvinn frå Bergen etter 1792 og FØR 1801.  Og det same gjeld søsteri Gunvor, men ho kan ha flytt frå Bergen noko før!?

 

Det hadde vore skikkeleg moro om me kunne greia spora opp desse søskeni, kvar det vart av dei, og eg takkar på ny for alle gode tips i so måte!  Ein eller annan stad MÅ dei jo vera!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki.  Eg sit tross alt med ei aldri so liti von om at kanskje ein eller annan kjem på ei mogeleg løysing.  Desse søskeni kan då ikke berre forsvinna heilt sporlaust!?

 

Alle gode tips vert mottekne med òpne armar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne freista endå ein gong å henta fram dette emnet som eg er so fortvila over at ikkje skal vera mogeleg å finna ei løysing på!

 

Kvar i all verdi kan Gunvor Jørgensdotter og Lars Jørgenson ha gjort av seg etter at dei vart konfirmerte i Bergen i 1785 og 1792 (jmf. innlegg #1)??  Dei kan jo ikkje berre forsvinna «i lause lufti»!?

 

Ein ny kjempetakk for alle freistnadar på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Guri Jørgensdtr døyr på Flesland 13.7.1837, 66 og eit halv år gamal. Fødd: 1771. Diff: 3 år.

Dette er nesten på heimebane, Lars ! Det burde væra einkelt for deg å avgjera om ho er «den rette».

 

Ho vart gift 11.7.1802 og har fleire ongar. FT 1801: Ugift, bustad: Fana, Flesland, fødd 1769, diff 1 - eit år.

Også i FT 1801: Guri til fornavn.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Jon Sværen skrev:

Guri Jørgensdtr døyr på Flesland 13.7.1837, 66 og eit halv år gamal. Fødd: 1771. Diff: 3 år.

Dette er nesten på heimebane, Lars ! Det burde væra einkelt for deg å avgjera om ho er «den rette».

 

Ho vart gift 11.7.1802 og har fleire ongar. FT 1801: Ugift, bustad: Fana, Flesland, fødd 1769, diff 1 - eit år.

Også i FT 1801: Guri til fornavn.

 

Fra bygdeboka

image.png.3d2f932fec5e376bca8e35bdfa3799fe.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Lars J. for nye utfordrande innlegg!

 

Eg trudde ein augneblink at Jon var komen på sporet av noko gigantisk, men det synte seg altso at dette ikkje kunne vera «vår» Gunvor likevel....

 

Det er ikkje umogeleg at Gunvor har nytta eit anna namn etter ho voks opp i Bergen, sidan Gunvor-namnet på den tidi var svært so uvanleg på Bergens-kanten, og Guri ligg sjølvsagt nær, men me har kanskje andre alternativ...(?)

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp desse ungdomane frå Hafslo!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Ein ganske so fortvila bygdebokskrivar frå Luster freister på ny å leggja fram denne «kjempeutfordringi» frå Bergen!  Mellom borni etter Jørgen Pederson (Haugen) (1729-1789) frå Hafslo og andre kona Britha «Bertha» Rasmusdotter (1738-1804) frå Årdal finn me mellom anna desse:

 

** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 (var frå første ekteskapet til faren..) - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785

 

** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792

 

Eg har so langt ikkje greidd å finna so mykje som eit støvkorn av spor etter nokon av dei etter dei vart konfirmerte i 1785/1792.

 

Ein eller annan stad MÅ dei jo ha gjort av seg, og eg ville vorte den gladaste personen innan brukarane i Digitalarkivet om nokon kunne finna ein aldri so liten peikepinn...

 

Ville det hjelpa å finna att mor deira i FT1801?  Siste bustaden til faren var i Knøsesmuget, medan mori var fattiglem då ho døydde 4.2.1804 i 9. rode 58:  https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000136475

 

I 1801 budde desse folki i 9-58: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390005531

 

Kvar var mori i 1801???

 

Var det ei av desse frå fattigmanntalet 1800?:

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000073565

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000073641

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.