Jump to content
Arkivverket

Martinus Bottolfson alias Martin Botelson (1859-1896) - utvandra til Amerika i 1881 og hamna i Chicago, IL, men kva lagnad fekk første kona hans og dotter deira, og kven vart andre kona til Martin?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dear Julie!

 

Thanks a million for writing, and welcome to the Norwegian Digital Archives Discussion site - one of the very best Norwegian research sites!

 

Also thanks to Sven who has provided great additional information about Anna Mathilda and her husband Walter Molis!

 

I need to study this information a little further, but I can say at once that the person who stayed in contact with Anna Mathilda, while she was in Colorado, was someone in Luster Co., Norway; I believe it was a cousin on her mother's side, but it must be at least 35 years ago that I got this informaton, and I cannot remember exacty who it was....

 

I will come back with an update of my manuscript and more questions, but wanted today to confirm the receipt of your message!

 

Thanks again for writing!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
På 29.8.2019 den 0.47, Lars E. Øyane skrev:

Men so d. Martin Botelson i Chicago, Ill. alt 23.2.1896, og Dorthea gifte seg att

 

##### (date and place of her 2nd marriage? - Chicago, IL 1898?(

 

med enkjemannen Klas Jakob Magnussson Bergengren frå Knätte i Älvsborgs län, Sverige, i Amerika kjend som Claus J. Bergengren.  Han var son av

 

##### (foreldri - fulle namn, yrke og opphav?)

 

og f. i Knätte, Älvsborgs län i Sverige 6.8.1858, men utvandra til Amerika i 1884. 

 

##### (emigration year to be verified?)

 

Claes Jacob, f. 6.8.1858 i Knätte:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0045125_00061

 

Bosatt på Kyrkeslätt 1858-1860:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0045120_00070

Kyrkeslätt 1861-1866:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0045121_00078

Skogsberg 1867-1870:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0045122_00064

Kullen 1870-1876:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0045122_00027

Kullen 1877-1884:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0045123_00028

 

245485649_Skjermbilde2019-10-27kl_19_33_41.png.af1c8eda0cd2b9ca233f1fc8b98e4922.png

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
På 29.8.2019 den 0.47, Lars E. Øyane skrev:

Furuset øvre i Ullensaker, i Amerika kjend som Dorthea Amundson.  Ho var dotter av gardbrukar og skomakar Amund Christenson i Furusetbråten, Furuset øvre, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Karine Jensdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Vielsen til Amund Christensen og Karine Jensdatter, 10.8.1855 i Ullensaker:  https://www.digitalarkivet.no/kb20060303010551

 

Amund Christensen, født 14.2.1827 på Algrimseie:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061103010643

Karine Jensdatter, f. 13.7.1828 på Onserudeie:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061103010697

 

Jeg kan bare finne dette i bygdebøkene for Ullensaker:  https://www.nb.no/items/1f52e0fad3a6995b70b8c9bcdf2e5e5f?page=59

 

1230313965_Skjermbilde2019-10-27kl_20_03_55.png.dd2ed9e23eb2bc4b48259e15b58e92ec.png

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for nye interessante og nyttige innlegg!

 

Eg ser eg kom i skade for å kalla dotteri for Anna Mathilde i staden for Inga Mathilde, medan eg var undervegs i Frankrike, men Inga Mathilde er det rette!

 

Eg har no oppdatert dette manuskriptet etter beste evne.  Eg ser me manglar framleis utvandringsåret for Dorothea Amundsdotter frå Ullensaker, og også eit par detaljar frå Värmland,  Vigsli til Dora og Claus Bergengren er ei gåte...  Elles vert det nok heller ikkje so lett å finna ut av detaljane som manglar om dei to konene hans Bernard i Chicago, IL, men kven veit...; kanskje dukkar dei opp einkorsinne...!?

 

Her følgjer det oppdaterte manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Martinus, kjend som Martin Bottolfson {Flikki}, f. {i Luster} 16.9.1859,

Martin Botelson utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Fargo, N.D. 21.10.1885 med Ingeborg Nilsdotter frå Møllarhaugen under Kvale, i Amerika kjend som Inga Nelson.  Ho var f. i Hafslo 3.9.1859 og utvandra til Amerika i 1880.  Martin var skomakar («shoemaker»), og han og Inga busette seg i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men Inga Botelson d. i Elgin, Ill. 23.12.1891.  Martin flytte som enkjemann til Chicago, Ill. der han 24.11.1894 gifte seg att med Dorthea Amundsdotter frå Furuset øvre i Ullensaker, i Amerika kjend som Dora Amundson.  Ho var dotter av gardbrukar og skomakar Amund Christenson i Furusetbråten, Furuset øvre, og kona Karine Jensdotter frå Onsrudhaugen nordre under Onsrud og f. i Ullensaker 23.10.1860, men utvandra til Amerika i

 

##### (year of her emigration? - 1882?)

 

Men so d. Martin Botelson i Chicago, Ill. alt 23.2.1896, og Dora gifte seg att

 

##### (date and place of her 2nd marriage? - Chicago, IL 1898?)

 

med enkjemannen Claes Jacob Johannesson Magnussson frå Knätte i Älvsborgs län, Sverige, i Amerika kjend som Claus J. Bergengren.  Han var son av kyrkjevoktar Johannes Magnusson på Hägnakroken i Knätte, Värmlands län, opphavleg frå

 

##### (Hellstad)

 

og kona Maria Jacobsdotter frå

 

##### (Knätte)

 

og f. i Knätte, Älvsborgs län i Sverige 6.8.1858, men utvandra til Amerika i 1884.  Claus var skreddar («tailor»), og han og Dora vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Claus d. 27.7.1901.  Dora Bergengren d. same staden 16.7.1925.  Claus og Dora fekk ein son i lag, og Claus hadde dessutan ein son frå første ekteskapet sitt.  Martin Botelson fekk to born, som båe var frå første ekteskapet hans med Inga Nelson:

a. Bernard Martin Botelson, f. i Ramsey Co., Minn. 30.6.1886, d. i Chicago, Ill. 30.8.1960.  Han gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 31.12.1909 med Emma R.

 

     ##### (middle name?)

 

     Hill, f. i Chicago, Ill. 12.1.1890.  Ho d. i Chicago, Ill. 1.5.1948, og Bernard gifte seg att i Chicago, Ill. 25.11.1950 med Hilda M.

 

     ##### (middle name? - father John Hanson)

 

     Larson, f. Hanson, f. i Hannabill, Mo. 24.9.1890.  Ho d. i Chicago, Ill. 15.10.1962.  Bernard Botelson var fasadebyggjar («ornamental ironbuilder») og budde i Chicago, Cook Co., Ill.  Bernard fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Emma.

b. Inga Mathilda, kjend som Tillie Botelson Nelson, f. i Ramsey Co., Minn. 12.6.1890, d. i Muscatine, Ia. 26.3.1951.  Etter at far hennar d. i 1896, vart Tillie adoptert av August og Caroline Nelson i Chicago, Ill.  Caroline var ei søster av stemori Dora.  Sidan var Tillie ei tid busett i Denver, Colo. der ho utdanna seg til sjukepleiar («nurse»), men ho gifte seg i Chicago, Ill. 22.12.1919 med Walter William Molis, f. i Muscatine Co., Ia. 30.11.1887.  Han d. i Muscatine, Ia. 15.7.1973.  Walter var vassverksinspektør («water works superintendant»), og han og Tillie budde levetidi ut i Muscatine, Muscatine Co., Ia.  Dei fekk tre døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.