Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gjertrud Bottolfsdotter - fødd i Luster 1749 - gift i Arnafjorden, Vik 1774 med Knut Størkson og busette på Lilleøyri i Vik - kven var Knut og kvar vart det av borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg arbeidde med tidleg på 1980-talet, men som eg aldri greidde å få heilt «tak» på.  Fleire av borni til husmann Bottoløf LØarsson på Myri under Dale prestegard forsvinn frå bygdi i ung alder, og det er ikkje urimeleg å tru dei kan ha hamna i ytre Sogn eller kanskje i Bergen?

 

Sonen Søren Bottolfson kan vera flytt til Frønningen - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/237649-søren-bottolfson-frønningen-1742-1824-gift-med-christi-olsdotter-1751-1827-skal-ha-vore-plassfolk-på-sagi-ytre-under-ytre-frønningen-i-den-gongen-leikanger-kven-var-desse-folki/

 

Men sikkert er det at dotteri Gjertrud gifte seg i Arnafjorden i 1774 med ein Knut Størkson, og dette parfolket er no utgongspunktet for dette emnet.  Eg har likevel valgt å ta med foreldri og alle søskeni, dersom dei skulle «dukka opp» einkorstaden.....

 

Manuskriptet mitt ser i kveld slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar er dukka opp, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Om Jon Sværen skulle oppdaga dette emnet, kan han kanskje bidra med noko frå Vik?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Knut og Gjetrud busette seg som strandsitjarar på Lilleøyri under Seimsøyri i Vik, og derifrå vart Knut gravlagd 19.12.1795.  Gjertrud vart gravlagd frå Lilleøyri 31.5.1820.

 

Knut Størksen står med bosted Vikøren ved dødsfallet i 1795 og oppgitt alder er 55 år, født (beregnet) 1740:

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Døde og begravede 1793-1795, Side 326-327
https://media.digitalarkivet.no/view/11756/153

 

Det står Knut Størksen Vange på brudgommen ved giftermålet i 1774, mens bruden står med Limmesand:

https://media.digitalarkivet.no/view/11755/20

 

Her er skiftet 1771 for Størk Anbjørnsen Vange. Han etterlot seg enken Marit Knutsdatter og fire sønner og en datter. Blant sønnene finner jeg en Knut, 21 år. 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 8b (1766-1772), Skifteprotokollside, Side 735b-736a
https://media.digitalarkivet.no/view/24166/354

 

Oppgitt alder på denne Knut gir da fødselsår 1750 og ikke 1740 som ved dødsfallet. Men i bygdebok for Vik i Sogn, bind 2, side 354 finner jeg dette: 

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014091106083

 

 

Styrk Anbjørnsen.jpg

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessante og utfordrande innlegg!

 

Då er altso ætti til Knut Størkson komi til rette, men at han vart gift til Limmesand, kan jo ikkje stemma...

 

Elles har eg ein sterk mistanke om at Knut og Gjertrud må ha butt ein eller annan stad utanfor bygdi og fått born der, for det var då merkverdig at det ikkje skulle finnast born fødde mellom 1775 og 1787!?

 

Døtrene kan eg ikkje sjå noko meir til i Vik, men kanskje er det Ragnhild som i 1801 var tenestejente i Gulen?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Bottolf Larsson Myren, frå Myri 1 under Dale, var f. kring 1704 og vart gravlagd frå Myri 31.3.1787.  Han gifte seg kring 1730 med Ragnhild Olsdotter frå Kvalsøyri under Kvale.  Ho var f. kring 1708 og vart gravlagd frå Myri 27.3.1792.  Bottolf og Ragnhild fekk nok hand om mesteparten av jordi som før hadde lege til heimeplassen hans på Myri 1 under Dale då dei busette seg her kring 1730.  Bottolf fekk 20.1.1752 formell festesetel på plassen hjå Jens Borchsenius, men alt kring 1759 lét han mesteparten av jordi til sonen Christen som då busette seg i stova på Myri 1 under Dale.  I 1762 vart Bottolf og Ragnhild nemnde innerstfolk på Myri, men dei vart buande her levetidi ut.  Etter dei var borte, vart plassen nedlagd, og resten av jordi vart truleg tillagd plassen på Myri 1 (s.d.).  Me veit om ti born etter Bottolf og Ragnhild på Myri:

 1. Unemnd barn, f. kring 1729,

dette barnet, som me ikkje ein gong kjenner namnet til, må, om det voks opp, vera flytt frå Luster i ung alder.

 

##### (lagnad??)

 

 2. Christen Bottolfson (1731‑1805), vart husmann på Myri 1 under Dale.

 3. Ole Bottolfson, døypt 4.9.1733,

Ole Bottolfson ser ut å vera faren frå Luster i ung alder,

 

##### (lagnad?)

 

 4. Erik Bottolfson, døypt 14.4.1736,

Erik Bottolfson må likeins vera flytt herifrå i ung alder,

 

##### (lagnad? - det skulle vel aldri vera denne mannen som i 1801 dukkar opp på Voss: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378006085

 

 5. Søren Bottolfson, døypt 17.2.1739,

Søren Bottolfson er nok liksom dei to eldre brørne faren frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnad?)

 

 6. Hans Bottolfson (1741‑1804), vart husmann på Øygarden under Dalsøyri.

 7. Lars Bottolfson (1744‑1756).

 8. Gjertrud Bottolfsdotter (1747‑1749).

 9. Gjertrud Bottolfsdotter, døypt 11.12.1749, vart konfirmert frå Myri i 1767.

Gjertrud Bottolfsdotter flytte kring 1770 til Vik og gifte seg i Arnafjorden, Vik 7.1.1774 med Knut Størkson frå Vange i Vik.  Han var son av gardbrukar Størk Ambjørnson på Vange, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Knutsdotter frå Stadheim og vart døypt i Vik 17.6.1750.  Knut og Gjertrud busette seg som strandsitjarar på Lilleøyri under Seimsøyri i Vik, og Knut vart gravlagd frå Vikøyri 19.12.1795.  Gjertrud vart gravlagd frå Lilleøyri 31.5.1820.  Dei fekk fire born i lag:

 

##### (har truleg hatt fleire? - oppl.?)

 

a. Britha Knutsdotter, f. i Vik 29.8.1773,

 

     ##### (lagnad?)

 

b. Ragnhild Knutsdotter, f. i Vik 21.9.1775,

 

     ##### (lagnad? - tente ho 1801 på Viko søndre i Gulen? - kan det vera ho som i 1801 gifte seg i Gulen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000617412)

 

c. Bottolf Knutson, døypt i Vik 2.3.1787, d. på Lilleøyri i Vik 1.12.1837.  Han gifte seg i Vik 29.4.1810 med Christi Johnsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Bottolf og Christi var plassfolk på Lilleøyri under Seimsøyri i Vik og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - minst seks!)

 

     born i lag.

d. Størk Knutson, f.

 

     ##### (kring 1794)

 

     vart gravlagd frå Lilleøyri i Vik 7.2.1802.

10. Christenca Bottolfsdotter (1752‑1822), vart gift med husmann Torkild Andersson i Lindalen under Skildeim (1756‑1816).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars ! 

 

Eg er komen heimatt frå turen til Aust-Europa. Men desse helvetes ventilasjon annlegga og eg er diverre ikkje GODE vener.

Så eg fekk lungebetennelse og innleggelse på HS. Vart utskriven no i ettermiddag.

 

Gje meg derfor eit par dagar, så skal eg sjå litt på dette, Lars !

 

Men sjå på det Grethe har skreve i # 2: Bruden er frå Limmesand, men brudgommen er registret på Vange. Her må du ha misforstått, Lars,  i ditt # 4. 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
On ‎9‎/‎9‎/‎2019 at 7:50 PM, Lars E. Øyane said:

b. Ragnhild Knutsdotter, f. i Vik 21.9.1775,

 

     ##### (lagnad? - tente ho 1801 på Viko søndre i Gulen? - kan det vera ho som i 1801 gifte seg i Gulen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000617412

 

 

Ifølge Bygdeboka for Gulen, Gnr. 28 Nese, så skal Ragnhild Knutsdtr. vere f. i Underdal, Aurland og døypt der 2.7.1780. Ho d. 3.1.1840. 8 barn er lista opp.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Gisle for nye spennande innlegg!

 

Det var trist å høyra om kampen din, Jon, mot ventilasjonsanleggi.  Diverre er det ofte ei utfordring at desse anleggi frå hotelli si side vert skrudde opp slik at det vert altfor kaldt i rommi.  Det har eg sjølv opplevd talrike gongar.  Men det er bra at du er på betringens veg!  Helsa er det viktigaste me har!  Utan helse er me hjelpelause og utan skikkelege gleder i livet!  Eg talar utifrå erfaring...

 

Elles ser eg ikkje heilt korleis eg har misforstått noko her.  Knut Størkson vart definitivt IKKJE gift til Limmesand, og når Gjertrud er kalla Limmesand ved vigsli, må det vera fordi ho tente der på den tidi.  Det kan ikkje vera mykje tvil om at ho var kommi frå Luster..!

 

Når det gjeld Ragnhild Knutsdotter i Gulen, var det TO jenter med dette namnet i 1801:

 

* på Viko søndre: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391003590

 

* På Haveland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391000206

 

Denne siste var tydeleg fødd i Aurland, jmf. innflytteprotokollen for Gulen: https://www.digitalarkivet.no/view/152/pc00000001179307

 

Det kan godt tenkjast at det var den siste som gifte seg til Nese, men kvar vart det i so fall av hi Ragnhild Knutsdotter?

 

Me får vona at den nye bygdeboki frå Vik, som Jon har kontroll over, kan avklara dette...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

På side 246 i Ættabokji for Vik, av G. Balvoll (GB), utg 2008 ser eg:

Knut Styrkson Vange 1750-95, gift 1774 m/ Gjertrud Botolvsdtr «Limmesand» 1747-1820.

Dei budde på Vetleøyri.

1.  Brita f 1773 d 1847. Gift 1810 m/ Mikkel Olason «Vellene» f 1787 d 1846.  Dei budde på Vetleøyri. GB trur at Mikael er fødd på plassen Vedledn, Skjeldestad i Sogndal.  5 ongar. 3 stk vaks opp. Dei hadde stove, naust og smidde.  Mikkel Lilleørens enke fekk fattighjelp før ho døydde.

2. Ragnhild f  1775-75 ?

3. Marta 1778-78

4. Marta 1780-1780 ?

5. Styrk 1783-83 ?

6. Botolf f 1787 d 1837. Gift 1810 m/ Kristi Jonsdtr Naustvoll f 1782 d 1879. Ho er husmannsdtr under Engum, Kvamsøy.

     Dei budde på Vetleøyri etter 1830. Ca 1820-30 busett på plass på Engum.  5 ongar.  Kirsti overlete huset på Vetleøyri i 1846.

    Ho budde på Ytre Nesse, Kvamsøy, då ho døydde 97 år gamal.

7. Styrk 1794-1802

Vær merksam på at 3 stk er døde v/ ?.  TRULIG har ikkje GB funne noko om at dei levde vidare.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Hadde du venta noko andre «ting», Lars, sidan du ikkje har kommentert noko av det eg kom med 30 september ??

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Hjarteleg takk til Jon for kjempespennande innlegg frå 30.9. og for påminningi frå i kveld.  Du må ha meg unnskyldt, Jon, men eg har hatt mykje om øyri dei siste dagane, og dessutan, no som databasane for Sogn er borte frå nettet, er det SO MYKJE MEIRARBEID å sjekka opp dei originale kyrkjebøkene for nøyaktige datoar!

 

Eg ser nemlig av meldingi di frå 30.9. at Knut og Gjertrud hadde fleire born enn dei fire eg visste om, og eg ville so gjerne leita fram dåpsdatoane deira før eg la inn ein kommentar...

 

Eg vil komma med eit oppdatert manuskript, truleg i morgon, men eg har eit par svært konkrete kommentarar som du kanskje kan sjå på i mellomtidi:

 

* Står det noko hjå deg om opphavet til gardbrukar Størk Ambjørnson på Vange?

 

* So vidt eg tolkar lista over borni til Knut og Gjertrud, er det TO som forfattaren ikkje kan finna att, Ragnhild (1775) og Martha (1780).  At Martha frå 1778 og Størk frå 1783 må vera avlidne, synes klart.  Men eg trur ganske sterkt at Ragnhild tente i Gulen i 1801, og eg vil òg leita etter alternativ for Martha...

 

* Kan du kort remsa opp namni på borni som Britha fekk med Mikkel Olson?

 

* Og likeins borni som Bottolf fekk med Christi Johnsdotter?  Eg har notert at dei minst fekk seks born, men du seier dei ikkje hadde meir enn fem...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

No har eg fått reinskrive manuskriptet mitt for denne huslyden og samstundes henta ut dei detaljane som tydeleg ligg føre i kyrkjebøkene for Vik.  Som eg nemnde i innlegg #10, ser eg ingen grunn til at Ragnhild (1775) og Martha (1780) skal vera avlidne i ung alder.  Eg har alt ein «kandidat» for Ragnhild i Gulen i 1801, og no fann eg òg ei Martha Knutsdotter som i 1801 tente på Nummedal i Vik.  Ho høver godt i alder med «vår» Martha.

 

Elles har eg vanskar med å definera barneborni i denne huslyden.  Eg finn no berre tre born etter Bottolf og Christi, men det ville jo vera «logisk» at dei òg hadde born mellom 1810 og 1820...?

 

Her følgjer so det oppdaterte manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bottolf Larsson Myren, frå Myri 1 under Dale, var f. kring 1704 og vart gravlagd frå Myri 31.3.1787.  Han gifte seg kring 1730 med Ragnhild Olsdotter frå Kvalsøyri under Kvale.  Ho var f. kring 1708 og vart gravlagd frå Myri 27.3.1792.  Bottolf og Ragnhild fekk nok hand om mesteparten av jordi som før hadde lege til heimeplassen hans på Myri 1 under Dale då dei busette seg her kring 1730.  Bottolf fekk 20.1.1752 formell festesetel på plassen hjå Jens Borchsenius, men alt kring 1759 lét han mesteparten av jordi til sonen Christen som då busette seg i stova på Myri 1 under Dale.  I 1762 vart Bottolf og Ragnhild nemnde innerstfolk på Myri, men dei vart buande her levetidi ut.  Etter dei var borte, vart plassen nedlagd, og resten av jordi vart truleg tillagd plassen på Myri 1 (s.d.).  Me veit om ti born etter Bottolf og Ragnhild på Myri:

 1. Unemnd barn, f. kring 1729,

dette barnet, som me ikkje ein gong kjenner namnet til, må, om det voks opp, vera flytt frå Luster i ung alder.

 

##### (lagnad??)

 

 2. Christen Bottolfson (1731‑1805), vart husmann på Myri 1 under Dale.

 3. Ole Bottolfson, døypt 4.9.1733,

Ole Bottolfson ser ut å vera faren frå Luster i ung alder,

 

##### (lagnad?)

 

 4. Erik Bottolfson, døypt 14.4.1736,

Erik Bottolfson må likeins vera flytt herifrå i ung alder,

 

##### (lagnad? - det skulle vel aldri vera denne mannen som i 1801 dukkar opp på Voss: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378006085

 

 5. Søren Bottolfson, døypt 17.2.1739,

Søren Bottolfson er nok liksom dei to eldre brørne faren frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnad?)

 

 6. Hans Bottolfson (1741‑1804), vart husmann på Øygarden under Dalsøyri.

 7. Lars Bottolfson (1744‑1756).

 8. Gjertrud Bottolfsdotter (1747‑1749).

 9. Gjertrud Bottolfsdotter, døypt 11.12.1749, vart konfirmert frå Myri i 1767.

Gjertrud Bottolfsdotter flytte kring 1770 til Vik og gifte seg i Arnafjorden, Vik 7.1.1774 med Knut Størkson frå Vange i Vik.  Han var son av gardbrukar Størk Ambjørnson på Vange, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Knutsdotter frå Stadheim og vart døypt i Vik 17.6.1750.  Knut og Gjertrud busette seg som strandsitjarar på Vetleøyri under Seimsøyri i Vik, og Knut vart gravlagd frå Vikøyri 19.12.1795.  Gjertrud vart gravlagd frå Vetleøyri 31.5.1820.  Me kjenner til sju born etter dei:

a. Britha Knutsdotter, f. i Vik 29.8.1773, d. som strandsitjarenkje på Vetleøyri 25.2.1847.  Ho gifte seg i Kvamsøy, Vik 1.7.1810 med Mikkel Olson frå Vellene under Skjeldestad i Sogndal, døypt i Sogndal 7.3.1787.  Han d. som husmann på Vetleøyri 1.9.1846.  Mikkel og Britha var strandsitjarar på Vetleøyri under Seimsøyri i Vik og fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka borni? - inkl.:

            * Ole, døypt Vik 8.6.1811

            * Synneva, døypt Vik 20.4.1816

            * Knut, døypt Vik 30.11.1817

            * Knut, døypt Vik 6.1.1818

            * Synneva, døypt Vik 3.10.1819)

 

b. Ragnhild Knutsdotter, f. i Vik 21.9.1775,

 

     ##### (lagnad? - tente ho 1801 på Viko søndre i Gulen? - ikkje ho som i 1801 gifte seg i Gulen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000617412)

 

c. Martha Knutsdotter, døypt i Vik 4.10.1778, d. på Vikøyri 15.10.1778.

d. Martha Knutsdotter, døypt i Vik 8.2.1780,

 

     ##### (lagnad? - kan henda tenestejente på Numedal i Vik 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001059)

 

e. Størk Knutson, døypt i Vik 9.12.1783,

 

     ##### (d. før 1794)

 

f. Bottolf Knutson, døypt i Vik 2.3.1787, d. som husmann på Vetleøyri i Vik 11.12.1837.  Han gifte seg i Vik 29.4.1810 med Christi Johnsdotter frå Naustvollen under Engum i Kvamsøy.  Ho vart døypt i Kvamsøy, Vik 21.3.1782 og d. som husmannsenkje og legdelem på Nesse i Kvamsøy 2.11.1879.  Bottolf og Christi var først plassfolk under Engum i Kvamsøy, truleg på heimeplassen hennar på Naustvollen, men flytte i 1830 som strandsitjarar til Vetleøyri under Seimsøyri i Vik.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka borni? - inkl.:

            * Ragnhild, døypt Engum, Vik 3.9.1820

            * Britha, f. hdb. Kvamme, Vik 17.12.1823

            * Martha, f. strsb. Vetleøyri, Vik 26.4.1830)

 

g. Størk Knutson, f. i Vik kring 1794, vart gravlagd frå Vetleøyri i Vik 7.2.1802.

10. Christenca Bottolfsdotter (1752‑1822), vart gift med husmann Torkild Andersson i Lindalen under Skildeim (1756‑1816).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i frestnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Botolv og Kristi Jonsdtr fekk 5 ongar:

a). Knut 1810-82. Gift 1844 m/ Johanna Ivarson Vikøyri 1819-45. Familien busett på Vikøyri.

       2 ongar: Kari 1842-73, ugift, var spedalsk, fekk fattighjelp. 

                       Ivar f 1845 gift 1872 m/ Johanna Hermundsdtr Vetleøyri f 1845. Foreldre til Knut f 1873. Til Amerika 1874.

b). Kari f 1813

c). Ragnhild f 1820

d). Brita f 1823 gift 1859 m/ Per Monsen Vetleøyri f 1834. Til Amerika i 1865. Nr 2.329 og 2.330 i «Ein stad skal ein væra». Adr: Svolsvik.

      Nr 23 og 24:   http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306620441.jpg

e) Marta f 1830

———————

Brita og Mikkel sine ongar, dei 5 du har ført opp sjølv, Lars.

A)  Ola 1811-92. Gift 1841 m/ Brita Guttormsdtr Vikøyri 1810-75. Bustad: Vetleøyri. Ola var smed, men laga og treblåsere og spelte fele.

       6 ongar:  1.  Mikkel 1840-40

                        2.  Mikkel f 1841. Til Amerika 1863, då nygift i Bergen

                        3.  Guttorm 1843-86. Gift 1873 i Bergen.

                        4.  Knut 1847-87. Til Amerika i 1870

                        5.  Ola f 1851. Målar i Bergen 1875. Så til Amerika

                        6. Brita 1853-89.  Gift 1882 m/ Lars Amundsen Vikøyri. Bustad: Vetleøyri.

B)  Synneva 1816-17

C). Knut 1817-17

D) Knut 1818-46. Gift 1843 m/ Brita Eliasdtr Vikøyri 1818-66. Bustad: Vetleøyri.

      Tre   ongar:  1.  Brita f 1839. I 1853 sett ut til oppfordring.

                             2.  Elias f. 1842

                             3.  Mikkel 1845-67. Sinnsvak, på legd frå barne-åra.

E) Synneva 1819-1904, gift i Bergen.

————-

Forfattaren av Ættabokji er usikker på dødsfall til 3 ongar til Knut og Gjertrud:

Ragnhild 1775-75

Marta 1780-80

Styrk 1783-83.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Opphavet til Styrk f 1723 ?

På side 124 i Ættabokji frå 2008, av G. Balvoll:

Anbjørn Johannesen Vange 1698-1767 var leiglending på bruket, Vange L.nr 8. Han gifta seg (når ?) m/ Sigrid Styrksdtr Føli 1693-1776.

1. Ingegjer f 1719. Bustad: Vetleøyri

2. Styrk f 1723

3. Johannes 1727-27

4. Johannes 1733. Bustad: Kinni L.nr 56.

5. Ingeleif 1734-63.

Huslyden var i Hovsviki 1723 fram til ca 1729

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for interessante og nyttige innlegg frå i aftes!

 

Då har eg oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande, men eg er likevel svært forundra over følgjande:

 

** Om du ser på lista over borni til Mikkel og Britha, so er det berre fem veker mellom dåpane til dei to Knut'ane, og det kan ikkje vera same barnet som er dobbelført, for fadrane er ulike...  Dessutan er tidsavstanden frå Ole til den første Synneva lang nok til normalt å innehalda eitt barn...!?

 

Eg har vore borti «tull» i dåpslistene frå Vik før og mistenker at noko her ikkje stemmer heilt...

 

Og leitingi etter Ragnhild og Martha Knuitsdøtrer held fram...  Veit du forresten kven den Martha Knutsdotter var som i 1801 tente på Nummedal?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Ættabokforfattaren frå 2008, G. Balvoll (GB) roste presten i Vik, Jakob Thode, opp i skyene ang si bok Jordbruket i Vik.

 

Då GB skreiv dei fyrste heftene som skulle bli til Ættabokji utg 2008, så trekte han Presten nedatt, like mykje, kanskje meir, då GB byrja å skriva om slekt og ætt i Vik.

 

Det at du har vore borti «tull» i Kyrkjebokji i Vik i presten Thode si tid, det tyder på at du enno er ein person med bra syn og fornuftig vit !

 

At det var i Vik 2 stk frå kvart Prestegjeld skulle møtast i 1814, for å bli einige kven som skulle til Eidsvoll av dei 4 frå Nordre Berhus Amt, det er meg ei STOR gåte !  Til eit Prestegjeld som ikkje hadde ført inn konfirmerte sidan 1794 !!

——-

Martha Knutsdtr tenestejenta på Nummedal i 1801, har eg ikkje kjennskap til kva som skjedde med henne.

Sorry !

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Otto Martin Christensen
På 7.10.2019 den 23.45, Jon Sværen skrev:

Botolv og Kristi Jonsdtr fekk 5 ongar:

a). Knut 1810-82. Gift 1844 m/ Johanna Ivarson Vikøyri 1819-45. Familien busett på Vikøyri.

       2 ongar: Kari 1842-73, ugift, var spedalsk, fekk fattighjelp. 

                       Ivar f 1845 gift 1872 m/ Johanna Hermundsdtr Vetleøyri f 1845. Foreldre til Knut f 1873. Til Amerika 1874.

b). Kari f 1813

c). Ragnhild f 1820

d). Brita f 1823 gift 1859 m/ Per Monsen Vetleøyri f 1834. Til Amerika i 1865. Nr 2.329 og 2.330 i «Ein stad skal ein væra». Adr: Svolsvik.

      Nr 23 og 24:   http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306620441.jpg

e) Marta f 1830

 

 

Botolv og Kristi fikk også sønnen John, døpt 27. mars 1818: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070523650116.jpg (høyre side, helt nederst).

Han er trolig identisk med den Jon Bottleson som dør i Minnesota i 1893: https://www.findagrave.com/memorial/31568861/jon-bottleson

Jon Bottlesons hustru Brita var vel datterdatter av lensmann Ola Christenson på Målsnes, med røtter i Sogndal.

 

Botolv og Kristi ser dessuten ut til å ha fått datteren Gjertrud, døpt 5. desember 1815: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070523650106.jpg (høyre side, helt nederst).

 

Mvh Otto

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Otto for spennande og nyttige opplysningar om denne huslyden.

 

Eg tykte det var «merkeleg» med det store hòlet i barneflokken, men no ser jo det heile mykje betre ut!  Eg er elles overraska og «betenkt» over at dette ikkje vart oppdaga då bygdebøkene vart skrivne, og det er jo ikkje so mange åri sidan...  Kanskje kan Jon kommentera saki?  For ein må jo då ha lov å spørja:  Kan andre liknande fakta om andre ætter òg vera uteletne?

 

Uansett, for lustrabøkene sin del er eg kjempenøgd med opplysningane!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg gløymde å nemna ovanfor:

 

No står det i hovudsak «berre» att å finna lagnadane til dei to søstrene:

 

* Ragnhild Knutsdotter, f. i Vik 21.9.1775 - var det ho som i 1801 tente på Viko søndre i Gulen?  https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000617412

 

* Martha Knutsdotter, døypt i Vik 8.2.1780 - var det ho som i 1801 tente på Nummedal i Vik?  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001059

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.