Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Andrea «Andrena» Peterson (1852- ) - frå Luster til Wisconsin og vidare til Minnesota og North Dakota - gift med Andrew O. Rasmussen frå Gudvangen - kvar vart det av denne huslyden etter 1880? - totalt «borte vekk»!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Med utgongspunkt i dette emnet frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/205585-peder-aamundson-kilen-fødd-i-luster-1822-utvandra-1861-til-mcfarland-dane-co-wi-ei-dotter-er-finni-men-kvar-vart-det-av-dei-andre-seks-borni/?tab=comments#comment-1866912

ønskjer eg i kveld å ta opp til drøfting lagnaden til tredje dotteri i denne huslyden, Andrea alias Andrena Rasmussen, som på eit merkeleg vis har gøymt seg svært godt i Amerika.  Det er ikkje stort som er komme til av opplysningar om denne jenta sidan hitt emnet var opp til drøfting, men eg vonar at me kanskje har lesarar av Brukarforum som kan «sjå» ei mogeleg betring av dette manuskriptet?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for Andrea «Andrena» Rasmussen:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Pedersdotter, f. 27.5.1852,

Andrena Peterson utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.10.1872 med Anders Olson frå Gudvangen i Aurland, i Amerika kjend som Andrew O. Rasmussen.  Han var son av husmann Ole Rasmusson på ein plass under Gudvangen, opphavleg frå Gurvin i Sogndal, og kona Anna Nilsdotter frå Nyborg i Fresvik, Leikanger og f. i Aurland 17.2.1849, men utvandra til Amerika i

 

##### (year of his emigration? – 1862?)

 

Andrew og Andrena budde ei kort tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn.

 

##### (also lived elsewhere?)

 

men flytte våren 1880 til Fargo, Cass Co, N.D. der Andrew livnærte seg som skomakar («shoemaker»). 

 

##### (what happened later? – one Andrew Rasmuson aged 44, died in Fargo, ND May 16, 1881 and was buried in Riverside cemetery – there is also buried one Eddie Rasmuson aged 4, who died in Fargo, ND May 5, 1881 – Andrew and son Edward with wrong ages? – Andrew’s mother Anna still lived in Fargo, ND in 1890!)

 

Me kjenner til fem born etter Andrew og Andrena:

 

##### (were there more children?)

 

a. Angelina Malena, kjend som Lena Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 27.11.1872,

 

     ##### (listed 1880 – her destiny?)

 

b. Olaus Bernhard Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 10.7.1874, d. i Freeborn Co., Minn.

 

     ##### (date of his death? – shortly after birth! – christened Clarks Grove!)

 

c. Bernt Olaus, kjend som Bennie Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 5.8.1875,

 

     ##### (listed 1880 – lived Fargo, ND 1891 – later destiny?)

 

d. Albert

 

     ##### (middle name?)

 

     Rasmussen, f.

 

     ##### (exact date and place of his birth? – MN 1877)

 

     ##### (listed 1880 – his destiny?)

 

e. Edward

 

     ##### (middle name?)

 

     Rasmussen, f.

 

     ##### (exact date and place of his birth? – MN Sep. 1879)

 

     ##### (listed 1880 – his destiny?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Alle gode tips vil gjera meg til ein lykkeleg person, og eg takkar so mykje på førehand!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Ein tilleggskommentar om denne huslyden:

 

Då eg i aftes la inn dette emnet, gløym,de eg å nemna at Andrea «Andrena» Rasmussen hadde ei eldre søster Anna Peterson alias Annie Taylor, fødd i Luster 7.1.1848.  Ho reiste visstnok i 1880-åri til Montana og døydde ugift i Ft. Benton, MT 14.10.1935.  Då det kort tid etter vart halde skifte etter ho, er Andrena «Andrena» IKKJE nemnd i det heile.  Dette KAN tyda på at ho var avlidi før, og at det ikkje levde att nokon etter ho!?

 

Det er mykje truleg at det var mann hennar og eine sonen som døydde i Fargo i 1881, men ein eller annan stad må det jo finnast opplysningar om Andrea «Andrena» og dei andre borni hennar!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.