Gå til innhold
Arkivverket

Kari Sørensdotter Lingjerde, fødd i Luster 1834 - fekk son Zakarias Johan Pedersen i Bergen 1859 - kvar vart det av mor og son - hadde Kari ei moster i Tromsø? - ei skikkeleg utfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei nøtt som eg aldri har greidd å løysa, trass i iherdige freistnadar.  Kanskje nokon kan «sjå» kva som skjedde?

 

Kari Sørensdotter, dotter av Søren Davidson (1796-1889) og Gjertrud Pedersdotter (1794-1866), husmannsfolk i Dulsviki under garden Lingjerde i Luster, var fødd i Luster 17.12.1834.  Ho fekk flytteattest til Nordland i 1852, men dukkar opp i Bergen som mor til ein gut Zakarias Johan Pederson, fødd i Bergen 20.2.1859.  Ho budde på Lungegården i Bergen då denne dåpen skjedde, so kanskje var ho sjuk(?):

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007436626

 

Eg finn ein Zakarias Johan, utan farsnamn, som døydde i Bergen 3.11.1859, eitt år gamal, son av almisselem Karen Johannesdotter i Sandviken:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000689711

 

Eg har ein sterk mistanke om at dette må vera same guten, men at farsnamnet til mori er feilskrive...

 

Og dette vert forsovidt stadfest gjdennom dette heimstamnsforhøyret frå 1859:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/58926/17

 

I dette forhøyret meiner eg det mellom anna står at ho budde ei tid i Tromsø hjå ei moster Martha gift med skippar Ole Jacobsen.  Det er berre det at ho rett nok hadde ei moster Martha, men ho budde og døydde i Luster!

 

Dette er einaste gongen eg finn Kari nemnd i fattigvesenet sine kjelder i Bergen.  Kvar kan ho so ha vorte av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 9.10.2019 den 22.34, Lars E. Øyane skrev:

Og dette vert forsovidt stadfest gjdennom dette heimstamnsforhøyret frå 1859:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/58926/17

 

Det står i forhøret at hun først reiste til Finnmark, hvor hun tjente hos ???, og deretter hos Gabriel Andersen Fagerlien og deretter 3 1/2 år hos Johannes Olsen Hollendernes til påske 1857. 

 

Dette har du vel fra før, men her finner jeg Kari Sørensdatter i innflytterlistene til Lenvik - se nr. 9 - oppholdssted: Hollendernes:

Troms fylke, Lenvik, Hillesøy, Målselv i Lenvik, Ministerialbok nr. 6 (1845-1854), Inn- og utflyttede 1854, Side 348
https://media.digitalarkivet.no/view/2893/286

 

Her er Johannes Olsen på Hollendernes i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01052448000227

 

I folketellingen 1865 for Tromsø finner jeg en skipskaptein Ole Andreas Jacobsen, men han er ikke gift med noen Marthe Olsdatter:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387003022

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1902&kenr=000&bnr=0264&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Tromsø
  • Kommunenummer: 1902
  • Gatenavn: Vestre Gade
  • Gatenr: 311, 435
  • Bydel:
  • Gårdeier:
  • Antall leiligheter: 3
Antall personer registrert på bostedet: 17
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
tidslinje.gif Sivert Brændjord hf g Maskinist paa Dampskibet Nordrup?? 1835 Lesjø Prg. Gudbrandsdalen  
  Johanne Barbra Brændjord hans Kone g   1841 Bergen  
tidslinje.gif Berntine Brændjord Deres Datter ug   1863 Lesje Prg.  
tidslinje.gif Carl Didrik Brændjord Deres Søn ug   1865 Trondhjem  
  Caroline Johanne Sampleben   ug Tjenestepige 1843 Trondhjem  
tidslinje.gif Ole Andreas Jacobsen hf g Skibscaptain 1820 Arendal  
tidslinje.gif Marie Ambrosia Jacobsen hans Kone g   1817 Arendal  
tidslinje.gif Jacob Martin Jacobsen Deres Søn ug Uhrmagersvend 1843 Arendal  
tidslinje.gif Ole Ambrosius Jacobsen Deres Søn ug Søfarende 1847 Tromsø  
  Anne Marie Jacobsen d ug   1851 Tromsø  
  Andreas Lovin Jacobsen s ug Tvillinger 1855 Tromsø  
  Theodor Claudius Jacobsen s ug Tvillinger 1855 Tromsø  
tidslinje.gif Christine Wilhelmine Jacobsen d ug   1857 Tromsø  
tidslinje.gif Christoffer Lund hf g Arbeidsmand 1818 Qvikne Prg.  
tidslinje.gif Zara Lund hans Kone g   1835 Buksnæs Prg. Lofoten  
  Johan Petter Fos Deres Søn ug   1853 Tromsø  
  Martin Nilsen   e Arbeider paa Vandledningen 1829 Trondhjem  
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg hadde ikkje sett innflyttingi til Lenvik frå 1854, men den høver jo godt med kva me veit om «flyttemønsteret» hennar Kari Sørensdotter.  Og dette med mopstermannen i Tromsø er fortsatt like «ubegripeleg»...

 

Eg ser at ho ikkje henta posten sin i november 1858, men då veit me at ho levde, for sonen var jo ikkje fødd før i februar året etter...

 

Det er framleis eit kjempemysterium kvar det vart av Kari etter 1859, men kanskje finst det ei von der ute,,,?

 

Kan Kari ha utvandra til Amerika slik me veit fleire av søskeni hennar gjorde?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.