Gå til innhold
Arkivverket

Anders Asbjørnson Lingjerde, fødd i Luster 1818 - til Nordland i 1850 - til Amerika i 1861 - kvar vart det av han? - kva med søsteri Gjertrud og son hennar? - kva med broren John og kona hans? - kva med mori Anna Marie Davidsdotter (Svabo)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Desse tre søskeni frå Lingjerde i Luster, som òg er del av følgjande tema frå 2018, men aldri fekk noko svar: https://forum.arkivverket.no/topic/220706-øyanes-påskenøtt-2018-2-asbjørnsfolket-på-lingjerde-i-luster-som-delvis-forsvinn-i-amerika-kan-henda-nokon-av-dei-døydde-av-kolera-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1865652

er ein del av ein søskenflokk som alle hamna i Amerika med unntak av ei søster i Luster og ein bror i Tromsø.

 

Det er ein (no avliden) etterkomar etter Kari Thomasdotter Lingjerde sin bror Jørgen, som er ganske so sikker på at Kari og mann hennar døydde i ein koleraepidemi i Wisconsin i 1854, og eg har ein mistanke om at ogso Gjertrud og son hennar KAN ha litt same lagnad...(?).  Kanskje ogso mor deira, Anna Marie Davidsdotter (Svabo), døypt 25.8.1793, som utvandra i lag med dei i 1854, døydde òg.

 

Derimot veit me sikkert at den eldste av desse søskeni, Anders Asbjørnson, fødd 1818, utvandra som ungkar til Amerika i 1861, og voni mi er no at i alle fall han kan finnast att i Amerika?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei tre søskeni:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Anders Asbjørnson, f. {i Luster} 23.5.1818,

I 1850 fekk Anders attest for å flytta til Nordland.  Det vart då sagt om han at han var middels høg og hadde blondt hår og blå auge.  Kor lenge han var i Nordland, veit me ikkje, for i 1861 fekk han ny presteattest for å utvandra til Amerika.

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

 5. Gjertrud Asbjørnsdotter, f. {i Luster} 21.11.1821,

Gertrude Asbjornson utvandra til Amerika med mori og broren John i 1854, men vart kan henda òg offer for den koleraepidemien som knekte broren og kona hans.  Me ser i alle høve ikkje noko meir til ho der borte. 

 

##### (sjekka dette?)

 

Ho hadde ein son:

a. Andreas Knutson, son av Gjertrud og hus­mannssonen Knut Olson frå Bakken under La i Joranger sokn, Hafslo (1820-    ), var f. i Hafslo 27.2.1852.  Andreas utvandra truleg med mori til Amerika i 1854, men vert likeins borte for oss.

 

     ##### (sjekka dette?)

 

 6. John Asbjørnson, f. {i Luster} 7.8.1824, gifte seg 10.4.1854 med Kari Thomasdotter frå Lingjerde øvre, Lingjerde (bnr. 4), f. 28.2.1835.­

John og Kari Asbjornson utvandra til Amerika i 1854, men Kari var avlidi før 1860; ho og John skal som før nemnt ha sett livet til i det nordlege Wisconsin i ein koleraepidemi sommaren eller hausten 1854. 

 

##### (sjekka dette?)

 

Dei fekk ikkje born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld - utflyttingen i 1854 - nr. 17, 18 og 19. Litt lenger oppe, nr. 14, ser det ut som det er mor og en datter på 2 1/2 år som utvandrer sammen. Hvis Anders Knudsen, født 1852, utvandret samme med moren Gjertrud, burde han vel kanskje vært nevnt?

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 7 (1849-1859), Inn- og utflyttede 1854-1855, Side 229
https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Berre kort, når det gjelød den mogelege utvandringi til Andreas Knutson i lag med mor si, so har eg sett fleire døme frå 1850-talet på at born fødde i Hafslo IKKJE er nemnde i lag med foreldri om desse utvandra frå Luster!  Og det er born som med 100% tryggleik verkeleg utvandra!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.