Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Asbjørnson Lingjerde, fødd i Luster 1818 - til Nordland i 1850 - til Amerika i 1861 - kvar vart det av han? - kva med søsteri Gjertrud og son hennar? - kva med broren John og kona hans? - kva med mori Anna Marie Davidsdotter (Svabo)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Desse tre søskeni frå Lingjerde i Luster, som òg er del av følgjande tema frå 2018, men aldri fekk noko svar: https://forum.arkivverket.no/topic/220706-øyanes-påskenøtt-2018-2-asbjørnsfolket-på-lingjerde-i-luster-som-delvis-forsvinn-i-amerika-kan-henda-nokon-av-dei-døydde-av-kolera-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1865652

er ein del av ein søskenflokk som alle hamna i Amerika med unntak av ei søster i Luster og ein bror i Tromsø.

 

Det er ein (no avliden) etterkomar etter Kari Thomasdotter Lingjerde sin bror Jørgen, som er ganske so sikker på at Kari og mann hennar døydde i ein koleraepidemi i Wisconsin i 1854, og eg har ein mistanke om at ogso Gjertrud og son hennar KAN ha litt same lagnad...(?).  Kanskje ogso mor deira, Anna Marie Davidsdotter (Svabo), døypt 25.8.1793, som utvandra i lag med dei i 1854, døydde òg.

 

Derimot veit me sikkert at den eldste av desse søskeni, Anders Asbjørnson, fødd 1818, utvandra som ungkar til Amerika i 1861, og voni mi er no at i alle fall han kan finnast att i Amerika?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei tre søskeni:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Anders Asbjørnson, f. {i Luster} 23.5.1818,

I 1850 fekk Anders attest for å flytta til Nordland.  Det vart då sagt om han at han var middels høg og hadde blondt hår og blå auge.  Kor lenge han var i Nordland, veit me ikkje, for i 1861 fekk han ny presteattest for å utvandra til Amerika.

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

 5. Gjertrud Asbjørnsdotter, f. {i Luster} 21.11.1821,

Gertrude Asbjornson utvandra til Amerika med mori og broren John i 1854, men vart kan henda òg offer for den koleraepidemien som knekte broren og kona hans.  Me ser i alle høve ikkje noko meir til ho der borte. 

 

##### (sjekka dette?)

 

Ho hadde ein son:

a. Andreas Knutson, son av Gjertrud og hus­mannssonen Knut Olson frå Bakken under La i Joranger sokn, Hafslo (1820-    ), var f. i Hafslo 27.2.1852.  Andreas utvandra truleg med mori til Amerika i 1854, men vert likeins borte for oss.

 

     ##### (sjekka dette?)

 

 6. John Asbjørnson, f. {i Luster} 7.8.1824, gifte seg 10.4.1854 med Kari Thomasdotter frå Lingjerde øvre, Lingjerde (bnr. 4), f. 28.2.1835.­

John og Kari Asbjornson utvandra til Amerika i 1854, men Kari var avlidi før 1860; ho og John skal som før nemnt ha sett livet til i det nordlege Wisconsin i ein koleraepidemi sommaren eller hausten 1854. 

 

##### (sjekka dette?)

 

Dei fekk ikkje born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.