Gå til innhold
Arkivverket

Ove Johanson Treubler - fødd Bergen 1663 - premierlieutenant i Lysterske kompani og busett på Feigesagi i Luster - huslyden hans med kobling til Sveio, Strandebarm, Bergen, Falster og Schleswig i Danmark?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til denne premierlieutenanten Ove Treubler, som i mange år var busett på Feigum i Luster, låg alt på 1980-talet på teiknebrettet hjå meg, og ein del greidde eg den gongen å finna ut av, men fleire detaljar vart ståande att, særleg om dei to sønesønene som hamna i Danmark.

 

No vonar eg på hjelp til å finna svar på nokre av dei detaljane som framleis står òpne, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ove Johanson Treubler, opphavleg frå Bergen, var son av stadsfysikus Johan Fredrik Treubler i Bergen, opphavleg frå Schweinfurt i Bayern, Tyskland, og kona Gjertrud Ovesdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og f. i Bergen kring 1663.  Han gifte seg kring 1691

 

     ##### (meir nøyaktig?)

 

     med enkja Kari Hansdotter,

 

     ##### (opphavet hennar? – f. kring 1654)

 

Kari Hansdotter gifte seg første gongen kring 1680

 

##### (meir nøyaktig?)

 

med Johannes Olson Sveen frå Sveio i Sunnhordland.  Han var son av gardbrukar Ole Nilsson Sveen på Drange i Sveio og kona NN Johannesdotter frå Stokka i Vats, Ryfylke og f. i Sveio kring 1658.  Johannes og Kari var gardbrukarar på Drange i Sveio etter foreldri hans, og der d. Johannes kring 1690.  Han lét då etter seg fire born.  Ove Treubler var sersjant og budde på Drange i Sveio dei første åri etter at han og Kari vart gifte, men 10.4.1700 vart han utnemnd til sekondløytnant ved Nordhordlandske og Hardangerske reservekompani av Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment.  Han miste tittelen i 1701, men kom attende til same kompaniet i 1702 som sersjant.  24.2.1703 vart han så fenrik og i 1704 sekond­løytnant ved Hardangerske kompani av same regimentet.  Til Sogn kom huslyden då Ove 5.11.1709 vart tilsett som premierløytnant ved ytre og indre Sognske reservekompani.

Endeleg vart Ove Treubler ved den nye hærordningi frå 15.8.1718 utnemnd til premierløytnant ved Lysterske kompani av andre Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment.  Han og Kari flytte hit på same tidi, men nett kvar i bygdi dei budde den første tidi, veit me ikkje noko sikkert om.  So ser me at Ove 30.6.1727 fekk avskil frå hæren grunna høg alder, og 6.1.1732 fekk han skøyte på stova og sjøbui her ved Feigesagi og den eine helfti av sjølve sagi.  Han og Kari flytte nok hit på same tidi, og herifrå vart Kari Hansdotter gravlagd 29.12.1735.  Ove budde framleis på sagi i 1737.  Han selde helfti si i sagi til sokneprest Christopher Ludvigson Munthe i Hafslo som 18.1.1743 òg fekk skøyte på hi helfti hjå Karen Frimann, enkja etter tollforvaltar Johan Garmann.  Sagi gjekk sidan til sonen Jens Munthe, som den gongen budde på Kvale.  So kom det ei tid der eigarane av sagi skifte ofte; Jens Munthe selde 4.5.1757 til Petter Rumohr på Talle, som dagen etter selde att til Erik Rasmusson Bisgaard, handelsmannen i Amla i Sogndal.  Erik Bisgaard selde 30.4.1763 vidare til Sjur Wilkenson på Fuhr.  Ingen av desse ser ut til å ha butt på sagi, men då Sjur Wilkenson selde att i 1767, var det til ein mann som sette bu her (sjå nedanfor).

Ove Treubler flytte frå bygdi kring 1740 eller kanskje noko før, truleg til Bergen,

 

##### (den seinare lagnaden til Ove Treubler? – dødsfallet hans?)

 

Ove Treubler og Karen fekk to born i lag:

 1. Johan Fredrik Oveson Treubler, f. i Sveio kring 1692,­

Johan Fredrik Treubler flytte i ung alder til Bergen der han kring 1713

 

##### (meir nøyaktig?)

 

gifte seg med enkja Arnille Margrethe Jacobsdotter, f. Reimers.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

Jacob Clausson Reimers i Bergen og kona Trina Nilsdotter

 

##### (opphavi deira?)

 

og f. i Bergen kring 1680.  Ho gifte seg første gongen kring 1704

 

##### (meir nøyaktig?)

 

med Ole Gunderson Ravn

 

##### (opplysningar om han? - miste livet som soldat i «store nordiske» i 1711!).

 

##### (lagnaden til Arnille?)

 

medan Johan Fredrik Treubler d. i Bergen ?.1.1751.  Arnille fekk i alt åtte born; desse fem var frå andre ekteskapet med Johan Treubler:

a. Karen Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 7.1.1714, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Bergen 2.8.1744 med Jan Paulson Drage

 

     ##### (oppl. om han? – tømmermann!)

 

     ##### (lagnaden deira? – budde visstnok i Bergen?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst fire!)

 

b. Ove Johanson Treubler, døypt i Bergen 1.3.1716,

 

     ##### (1752: gift og busett i Nybøbing på Falster i Danmark – lagnaden hans?)

 

c. Lorents Jacob Johanson Treubler, døypt i Bergen 12.11.1717,

 

     ##### (1752: offiser ved Schleswigske gevorbne regiment i Flensburg – gift! – lagnaden hans?)

 

d. Anne Margrethe Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 17.12.1718, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Bergen 14.7.1751 med Jens Pederson Duberg,

 

     ##### (oppl. om han? – f. i Bergen kring 1726?)

 

     Jens Duberg var kjøpmann i Bergen

 

     ##### (lagnaden deira?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

e. Johan Fredrik Johanson Treubler, døypt i Bergen 13.2.1720, d. i Bergen våren 1772. 

 

     ##### (meir nøyaktig?)

 

     Han gifte seg i Bergen 23.4.1749 med Karen Jensdotter Splidsen.  Ho vart døypt i Bergen 26.9.1721 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1772!)

 

     Johan Treubler, Jr. tok 27.2.1749 borgarskap i Bergen som koparsmed, og han og Karen vart buande der levetidi ut.  Dei fekk ein son i lag.

 2. Gjertrud Ovesdotter Treubler, f. i Sveio kring 1694,­

Gjertrud Treubler flytte i ung alder til Strandebarm der ho 9.4.1739 gifte seg første gongen med Ove Erik Danielson Orning frå Håbrekke i Strandebarm.  Han var son av

 

##### (foreldri? – yrke og opphav?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1691?)

 

Ove var

 

##### (yrke?)

 

og han og Gjertrud budde på Litlafosse i Strandebarm, men Ove d. der alt sommaren 1748, og 31.5.1749 gifte Gjertrud seg att i Strande­barm med enkjemannen Ole Engel Samuelson Brygman frå

 

##### (opphavet hyans i Danmark? – foreldri?)

 

Han var f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? - Danmark kring 1721)

 

Ove vart 16.7.1748 utnemnd til klokkar i Strandebarm.  Han og Gjertrud vart buande på Litlafosse til dei i 1762 fekk setja seg opp eit hus på prestegarden i Strandebarm.  Gjertrud vart gravlagd i Strandebarm 9.2.1772, medan Ole Brygman, som sidan gifte seg nok ein gong, d. same staden 2.11.1802.  Gjertrud fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Karen Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 7.1.1714, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Bergen 2.8.1744 med Jan Paulson Drage

 

     ##### (oppl. om han? – tømmermann!)

 

     ##### (lagnaden deira? – budde visstnok i Bergen?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst fire!)

 

 

Birthe Cathrine, 1745

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006042221

 

Johan Friederich, 1747

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006045205

 

Karen Christence, 1749

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006047201

Gift 1790 i DK i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000994289

Mor 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009218689

 

Andreas Poul, 1750

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006049724

Konfirmert 1768 i DK: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000437147

Gift 1783: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000624798

Far 1785: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009217045

 

Arnele Margrethe, 1754

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006054202

 

Claus Reimers, 1756

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006056814

Matroser i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000086728

 

Bergen fylke, Bergen, Annen skifteprotokoll nr. 10.2 (1740-1759), Protokollside, Side 550
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk50002180800550
URN:NBN:no-a1450-sk50002180800550.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ove var

##### (yrke?)

og han og Gjertrud budde på Litlafosse i Strandebarm, men Ove d. der alt sommaren 1748,

 

Dette har du vel fra før, men her er vel skiftet etter Ove:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000723829

Hordaland fylke, Sunnhordland, Skifteprotokoll nr. Aa 6a (1743-1749), Skifteprotokollside, Side 270b-271a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081112650465 

Så vidt jeg kan se, er to søsken av avdøde nevnt som arvinger. 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.