Jump to content
Arkivverket

Anders Einerson Hagenæs frå Luster (1828-1907) - driftehandlar i Vågå og farmar i Nance Co., Nebraska - opplysningar om dotteri og svigersonen?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Huslyden til Anders Einerson Hagenæs frå Luster er ein som eg arbeidde mykje med på 1980-talet, men eg greidde aldri å få skikkeleg «tak» på dotteri hans.

 

No har eg finne fleire detaljar hjå ancestry.com, men framleis sit eg fast på ein del.  Kanskje kan liktaler (obituaries) finnast for Anders og dotteri hans?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Gus Berry flytte til Mountain Home, Baxter Co., Ark.

Hva er kilden for denne opplysningen?

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Sven for fleire nye innlegg!

 

Liktalene var svært interessante og informative.  Berre so synd at me ikkje får fleire detaljar om Gus Berry...

 

Eg ser at fleire online family trees opererer med Gus Berry som avliden i Springfield, MO i 1947, men korkje alder, yrke eller namni på foreldri stemmer, nokon av delane...

 

Eg var for om lag 40 år sidan i kontakt med ein etterkomar av denne huslyden, og han (eller ho) fortalte meg at Anna og Gus vart skilde, og at Gus flytte til Mountain Home.  Det vart den gongen sagt Mountain Home, MO, men i Missouri finst ikkje noko Mountain Home, so det må ha vore i Arkansas heilt på grensa til Missouri!  Diverre ser det ut til å mangla dødsregister for Arkansas hjå ancestry.com, so denne opplysningi vert tydeleg vanskeleg å sjekka...  Kanskje ein liktale (obituary) kan finnast?

 

Etter eg oppdaga at Gus og Anna framleis budde i lag so seint som i 1930, trudde eg denne opplysningi om skilsmålet måtte vera feil, men når Gus ikkje vert nemnd korkje i liktalen eller i skiftet etter Anna, stemmer nok dette med skilsmålet likevel...!  Påfallande er det òg at Anna i 1920 er nemnd som «married», men utan at Gus er nemnd, so kanskje var det litt «fram og attende».

 

Når me no les at den sparsame Andrew Hagness var ein heller «halden» mann, då han døydde, kan me forstå at dotteri og svigersonen alt i 1910 levde av «own income»...

 

Attåt dei manglande detaljane om Gustavus Berry manglar me òg vigsli hans med Anna Pauline, som skal ha finne stad kring 1888, rimelegvis i Nebraska.  Eldste sonen Alfred Lamont Berry må ha vore ein som Anna hadde frå før under eit opphald i Chicago, IL: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44481_11_00001-02029?treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx21643&_phstart=successSource&pId=16334677

 

Her følgjer eit oppdatert og justert manuskript for denne huslyden som erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Einerson {Hagenæs}, f. {i Luster} 8.12.1828,

Anders E. Hagenæs flytte i 1850-åri som driftehandlar til Vågå og gifte seg der 10.6.1858 med Anna Olsdotter frå Haugøy i Vågå.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Tjøstelson på Haugøy og kona Gunnhild Paulsdotter frå Svee i Vågå og f. der 10.12.1836.  Men Anna d. i Vågå alt 9.9.1860.  Anders vart likevel buande nokre år på Moen i Vågå til han i 1873 utvandra til Amerika.  Under namnet Andrew Hagness busette han seg på ein farm i Timber Creek precinct nær Belgrade, Nance Co., Neb.  Han var heime på vitjing både i 1882 og i 1902.  Siste gongen vart det sagt at han var gift, men det kan ikkje vera rett.  I 1900 hadde han nemleg berre ein hushaldar hjå seg, og han var framleis enkjemann då han d. i Nance Co., Neb. 17.12.1907.  Han og Anna fekk ei dotter i lag:

a. Anna Pauline Anderson, f. i Vågå 8.11.1857, utvandra til Amerika med far sin i 1873 og gifte seg

 

 

     ##### (date and place of her marriage? – NE about 1888)

 

 

     med Gustavus H.

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     kjend som Gus H. Berry, f. i Ste. Genevieve Co., Mo.

 

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

 

     .1.1861.  Gus og Anna farma ei tid i Cedar precinct, Boone Co., Neb. og visstnok òg nær Chambers, Holt Co., Neb., men flytte kring 1908 som pensjonistar til Belgrade, Nance Co., Neb.  I 1916 flytte Anna frå mann sin til Lincoln, Lancaster Co., Neb. der fleire av borni då budde, og dei vart visstnok endeleg skilde kort etter 1930.  Anna d. i Lincoln, Neb. 5.4.1937, medan Gus skal ha flytt til Mountain Home, Baxter Co., Ark. der han d.

 

 

     ##### (date and place of his death?)

 

 

     Gus og Anna fekk seks born i lag, men Anna hadde òg ein son frå før.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt spennande innlegg!

 

Det ser ut til å liggja føre eit godt utval av city directories for Lincoln, NE, som eg no har sett litt meir på:

 

Siste gongen eg finn Gustavus Berry nemnd er i 1927:

 

Aug (Anna) Berry, farmer h1425 U

 

Han er òg nemnd i 1925.

 

Etter 1927 er Mrs. Anna konsekvent åleine, men først frå 1934 er ho kalla «wid Gus»

 

I 1924 finn me Mrs. Anna Berry som farmar.  Ho er oppført frå og med 1917 i lag med borni Alfred, Lillian og Myrtle.  I 1916 er borni der åleine!

 

Eg tolkar dette slik:

 

Anna er flytt frå mann sin alt i 1916 for å bu med borni sine i Lincoln, NE.  Midt på 1920-talet er Gus flytt etter, kanskje for å freista «redda» ekteskapet.  Men frå 1928 er han borte for godt, og sidan Anna, i motsetnad til andre enkjer i Lincoln, ikkje vert nemnd som enkje før i 1934, trur eg dei vart skilde kort etter 1930.  Likevel er det underleg at Gus er nemnd i FT1930!

 

Eg vil «byggja inn» denne endringi i manuskriptet i innlegg #6 over.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.