Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Margretha Knutsdotter Norra under Hæreid i Årdal - døydde 1777 - ervingane hennar og lagnadane deira?


Recommended Posts

Det vart 18.10.1777 halde eit skifte etter husmannskona Margretha Knutsdotter på plassen Norra under Hæreid i Årdal.  Ho var fødd på Fodnes i Lærdal som yngste dotter av husmann Knut Olson (Bagge) og kona Martha Andersdotter og vart døypt i Lærdal 8.12.1736.  Skiftet finn me på høgre sida her: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/168

 

Det levde att tre søsken etter Margretha:

 

* Anders Knutson (1724-1799), bror, var busett i Lærdal

 

* Anna Knutsdotter (døypt i Lærdal 14.10.1719) - 55 år, busett i Bergen med formyndar broren Anders Knutson

 

* Martha Knutsdotter (døypt i Lærdal 11.7.1734) - 43 år, formyndar John Jørgenson på Øyri i Årdal

 

Lagnadane til dei to søstrene er ei kjempeutfordring!

 

Det vart 21.4.1745 halde skifte etter faren Knut Olson på Fodnes i Lærdal (venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/24137/172

 

Mellom borni som er opprekna, finn me:

 

* Anna Knutsdotter, gift med Johannes ..............? - kva farsnamn står det her?

 

Einaste alternativ eg finn i Lærdal er denne vigsli: Anna Knutsdotter med Johannes Johnson vigde 6.11.1744: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-J9F

https://media.digitalarkivet.no/view/11593/100

 

* Martha Knutsdotter, umyndig

 

* Margretha Knutsdotter, umyndig

 

Martha Knutsdotter finn me i ekstraskatten for Årdal frå 1762 som tenestejente på Hæreid, tydeleg ugift, og truleg vart ho aldri gift, men noko dødsfall har eg ikkje greidd å finna for ho!

 

Og kva med lagnaden til Anna?  Ho var tydeleg enkje i 1777, og i kyrkjebøkene for Bergen finn eg fleire «kandidatar»:

 

** Anna Knutsdotter, 25.2.1782, 61 år, enkje frå 11-116

 

** Anna Knutsdotter, 5.6.1788, 78 år, enkje

 

** Anna Knutsdotter, 15.5.1786, 69 år, frå enkjehuset i Bergen

 

Er det ei av desse??

 

Eit anna spørsmål: Dersom bror hennar var formyndar i 1777, tyder ikkje dette på at ho ikkje hadde born etter seg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Anna og Martha!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.