Gå til innhold
Arkivverket

Christen Haakenson frå Hengesteg i Luster (1830-1914) - til Amerika i 1862 - utfordrande svigerborn frå Wisconsin, Balestrand, Eidfjord og Telemark? - help, please?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har plundra mykje med å få fullt oversyn over huslyden til Christen Haakenson i Dane Co., WI.  Mykje hadde eg samla alt på 1980-talet, og i dag har eg freista finna ut av fleire utfordringar, men no står eg «bom» fast!

 

Kanskje kan nokon bidra med gode tips?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Synneva Andersdtr Bale f 5.10.1855, er nok født på Bale (foreldra bur der når dtr er døypt 28 okt.

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/kb20070302610394

 eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302610394.jpg

 

Familen er på s 394 i Balestrand II, husmenn under Bale, uviss bustad.

Dei utvandra 22.4.1871.

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/kb20070302620342

  eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302620342.jpg

Nr 8 til 11 på nevnte side og 12 til 15 på neste side.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sarah Halvorson kan være denne Sigrid født 14/9 1880, døpt i Brunkeberg kirke

Telemark fylke, Kviteseid, Brunkeberg, Vrådal i Kviteseid, Ministerialbok nr. I 7 (1859-1881), Fødte og døpte 1880, Side 196
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061124340715

 

Broren Trond viet i Wisconsin 11/2 1896 med Synneva Gjestdt Bale

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314946-00229?treeid=&personid=&hintid=&queryId=a58fb0a8fba00a84187b6bfeb39a78ad&usePUB=true&_phsrc=dII461&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=7465983

 

Familien emigrerte i 1885

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000458018

 

 

 

halvor egilson.PNG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Jon og Anne for nye fine innlegg om to av svigerdøtrene i denne huslyden!

 

Med omsyn til plassen under Bale der Synneva kom ifrå, står det i FT1865 klart og tydeleg dei budde på Munken under Bale, men der er dei ikkje nemnd av Laberg i den gamle bygdeboki for Balestrand.  Men no er i alle fall utvandringsåret «på plass».  Og so vidt eg kan forstå, må faren Anders Olson vera fødd på plassen Askenes under Bale, som ikkje er nemnd i bygderboki i det heile.  Kan det vera litt «rot» i denne boki?  https://media.digitalarkivet.no/view/11569/75

 

Og eg trur at du Anne har finne rett Sarah Halverson frå Brunkenberg.  Alt synest stemma perfekt.  Men før eg tek til å leita, står det noko i bygdeboki om opphavi til foreldri?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Haagenson Hengesteg, frå Grindateigen under Fuhr, var f. 14.4.1830 og gifte seg 5.5.1852 med Bertha Sjursdotter frå Dversdalen under Prestegård, f. 14.11.1825.  Det var kring 1853 at Christen og Bertha busette seg på ein plass her under Hengesteg; i 1853 vart dei kalla husmannsfolk, men sidan vart tittelen strandsitjarar nytta.  Me trur det var på denne plassen i Bjørkestegen huslyden budde.  Her hadde dei tilhald til 1861 då plassen endeleg vart nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.

Christian og Bertha Haakenson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg ned som farmarar i Deerfield township, Dane Co., Wis. der dei budde levetidi ut.  Bertha d. i Dane Co., Wis. 7.5.1910, medan Christian Haakenson d. same staden 28.4.1914.  Dei fekk seks born i lag:

a. Haagen, kjend som Haaken C. Haakenson, f. i Luster 9.12.1853, utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og d. i Stoughton, Wis. 8.9.1846.  Haaken gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 23.1.1880 med Ingeborg K. Nelson.  Ho var f. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (date of her birth? – 1855? – par. Kittel Nilsson and Ingeborg Østensdotter – marriage record: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLJ-K99

 

     men d. i Dane Co., Wis. alt kring 1885. 

 

     ##### (exact date of death?)

 

     Haaken gifte seg so att i Dane Co., Wis. 15.5.1886 med Synneva Andersdotter frå Bale i Balestrand, i Amerika kjend som Susan Bailey.  Ho var dotter av husmann Anders Olson på Munken under under Bale, opphavleg frå Askenes under Bale, og kona Siri Johannesdotter frå Kvena under Torsnes og f. i Balestrand 5.10.1855.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871, men d. i Dane Co., Wis. 16.11.1907, og Haaken gifte seg tredje gongen i Dane Co., Wis. 23.11.1913 med enkja Guro, kjend som Julia, f. Tweeten.  Ho var f. i Dane Co., Wis. 8.12.1851 og hadde før vore gift med John H. Donstad (1848-1901).  Ho d. i Deerfield, Wis. 6.6.1926.  Haaken Haakenson farma lenge i Windsor township, Dane Co., Wis., men då han gifte seg tredje gongen, flytte han til Deerfield, Dane Co., Wis.  Etter tredje kona fall ifrå i 1926, flytte Haaken so til McFarland, Dane Co., Wis.  Han fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet og fem frå det andre, medan tredje kona Julia hadde ni born frå første ekteskapet sitt.

b. Kirsti, kjend som Christine C. Haakenson, f. i Luster 22.2.1857, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861 og d. i Deerfield, Wis. 31.8.1934.  Christine gifte seg i Dane Co., Wis. 10.7.1876 med Samson Samsonson frå Lægreid i Eidfjord, i Amerika kjend som Samson S. Legreid.  Han var son av husmann Samson Johnson på

 

     ##### (ein plass)

 

     under Lægreid, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen? – vigsli til Samson og Britha 27.5.1747 – båe frå Lægreid?: https://media.digitalarkivet.no/view/8314/165

 

     og kona Britha Asgautsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

     og f. i Eidfjord 1.2.1848.  Han utvandra til Amerika i 1866 og d. i Dane Co., Wis. 5.6.1904.  Christine og Samson Legreid farma i Deerfield township, Dane Co., Wis. og fekk ni born i lag.

c. Sjur C. Haakenson, f. i Luster 16.6.1860, utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og d. i Dane Co., Wis. 20.10.1916.  Sjur gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1880’s!?)

 

     med Martha Knutson, f. i Dane Co., Wis. 3.10.1854.  Ho d. i De Forest, Wis. 30.6.1931.  Sjur og Martha farma i Windsor township, Dane Co., Wis., men frå 1911 dreiv Sjur dessutan hotell («hotel owner and operator») i De Forest, Dane Co., Wis.  Dei fekk fire born i lag.

d. Thomas C. Haakenson, f. i Dane Co., Wis. 9.6.1863, d. kort tid etter.

 

     ##### (death date?)

 

e. Thomas C. Haakenson, f. i Dane Co., Wis. 24.7.1865, d. i Madison, Wis. 27.10.1942.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 13.4.1911 med Sigrid Halvorsdotter frå Oppgarden i Kviteseid, i Amerika kjend som Sarah Halverson.  Ho var dotter av husmann Halvor Egilson på Bekkhus under Oppgarden, opphavleg frå

 

     ##### (kva gard/plass var han fødd/oppvaksen?)

 

     og kona Kari Trondsdotter frå

 

     ##### (kva gard/plass var ho fødd/oppvaksi?)

 

     og f. i Kviteseid 14.9.1880.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1885 og d. i Stoughton, Wis. 20.5.1969.  Thomas og Sarah Haakenson farma i Deerfield township, Dane Co., Wis. og fekk fem born i lag; dessutan hadde ho ei dotter frå før.

f. Christen C. Haakenson, f. i Dane Co., Wis. 4.8.1868, d. i Dane Co., Wis. 22.8.1924.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 31.1.1894 med Martha Elise Jensdotter frå Halsøren i Selje, Nordfjord, i Amerika kjend som Martha Jenson.  Ho var dotter av gardbrukar Jens Martinus Jacobson på Halsøren og kona Synneva Christine Jacobsdotter frå Vedvik og f. i Selje 8.9.1863.  Ho utvandra til Amerika i 1892 og d. i Madison, Wis. 19.4.1937.  Christen og Martha Haakenson farma i Deerfield township, Dane Co., Wis. og fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Telemark er ikkje eit område eg vil seia kan så mykje om, snarare tvert om.

 

Men sjå på dette du:

http://www.norwayancestors.com/getperson.php?personID=I95594&tree=tree4

 

Dersom du ikkje vært fornøydd no, Lars, .... då er du krav-stor !

Her må du ha fasitten på dette innlegget etter mitt vit, det er berre å trykkja på vedlegget.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Jon for siste kommentar!

 

Eg oppdagar både titt og ofte at familiesoger har vorte lagde ut på Internett som heilt og holdent stammar frå den prenta utgåva av bygdebokserien frå Luster, og det er ikkje so vanskeleg å kjenna att oppsettet som du har sendt med dei feiltolkingane som eg gjorde på 1980-talet.  Eg har til dømes oppdaga at første kona til sonen Haaken IKKJE var fødd i Telemark, men ho skal ha vore fødd i Dane Co., WI.  Det er berre det at eg ikkje greier finna dåpen hennar!

 

Sjå FT1870 for Primrose township, Dane Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-5KJ

 

Ho skal ha vore døypt i Koshkonong (eg meiner det står ved vigsli), men der finn eg ho ikkje!

 

Kanskje nokon har betre auge enn eg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.