Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Britha Marie «Mary» Hanson Miller (1854) og broren Lars «Lewis» Hanson (1859) - fødde i Vernon Co., WI av utvandrarar frå Luster i Sogn - kvar vart det av desse søskeni?


Recommended Posts

(Thor) Christian Hansson (1818-1866) og kona Bertha Nilsdotter (1818-1887) var gardbrukarar på Flattun i Luster, men selde garden i 1854 og utvandra til Vernon Co., WI med fem born, som alle vart buande i Vernon Co., WI.

 

Men etter dei kom fram til Amerika, fekk dei tre born til, og to av desse voks opp:

 

* Britha Marie «Mary» C. Hanson, fødd i Dane Co., WI 2.8.1854 - skal ifølgje etterslekt av søskeni vore gift med ein «Mr.» MILLER og budde i Chicago, IL.  Dei skal ha hatt to born i lag, Ida og Birdie...

 

* Lars «Lewis» C. Hanson, fødd i Vernon Co., WI 20.10.1859, skal ifølgje slekti ha vore soldat, men miste livet i ei krigshandling - kan henda var han med i The Spanish-American War sist på 1890-talet?

 

Eg har vore på leiting etter desse søskeni i mange år, og det hadde vore so kjekt å finna ut kvar det vart av dei...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

1 hour ago, Anne Tonby said:

 

Bertha J Hellesen

 in the Cook County, Illinois, U.S., Birth Certificates Index, 1871-1922

Name:Bertha J Hellesen

Birth Date:4 Mar 1892

Birth Place:Chicago, Cook, Illinois

Ethnicity:American

Gender:Female

Race:White

Father:John Hellesen

Mother:Marie Hansen

FHL Film Number:1287737

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=FSCookILBirth&indiv=try&h=2139466

 

 

Innlegg #4:

 

Eg er skikkeleg imponert.  Hjarteleg takk til Ann for ei spennande oppdaging og til Anton for follow-up!

 

No forstår eg kvifor eg ikkje fann denne huslyden i Chicago, IL.  Det var dotteri som gifte seg med Miller...

 

Men no fryder eg meg over å ha fått opplysningane på plass.  Samstundes har eg supplert med opplysningar frå Noreg.  Nokre detaljar manglar framleis, men det meste skulle vera på plass:

 

Nytt manuskript for Britha Marie «Mary» C. Hanson:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Marie, kjend som Mary C. Hanson, f. i Dane Co., Wis. 2.8.1854, flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho 18.2.1886 gifte seg med Johan Rasmusson frå Christiania, i Amerika kjend som John R. Hellesen.  Han var son av arbeidar Rasmus Helleson i Christiania, opphavleg frå Tandberg, og første kona Johanna Christophersdotter frå

 

     ##### (kvar oppvaksi? – Rud eller Skui? – vigde 29.10.1846: https://media.digitalarkivet.no/view/7734/67

 

     og f. på Holo i Bærum 9.4.1862.   Han utvandra til Amerika i 1884

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og livnærte seg som vevar og sidan som lagerarbeidar («weaver and shipping clerk»).  Han og Mary vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Mary d. 1.6.1913.  John gifte seg 6.3.1920 att i Chicago, Ill. med Lovisa Larsdotter frå Christiania, i Amerika kjend s0m Louise Larsen.  Ho var dotter av skipstømmermann Lars Anton Larsen i Christiania, opphavleg frå

 

     ##### (kvar oppvaksi? – f. Søndeled ved Risør 1833)

 

     og kona Oline Johannesdotter frå

 

     ##### (kvar oppvaksi? – f. Nes, Hedmark 1837)

 

     og f. i Christiania 10.11.1869, men utvandra til Amerika i 1900

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     John og Louise Hellesen vart buande i Chicago, Ill. der John d. 5.10.1931.  Louise Hellesen d. same staden 30.10.1944.  John fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet med Mary.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men so er det eit spørsmål om det seg gjera finna broren Lars «Lewis» C. Hanson...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.