Lars E. Øyane Posted February 4, 2021 Share Posted February 4, 2021 Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på midten av 1980-talet, men som eg aldri greidde å finna ut av. Kan det vera enklare i dag? Gardbrukar Peder Hansson på Øvrebø i Luster (1720-1803) var gift to gongar, første kona Anna Olsdotter (1720-1744) døydde kort etter dei vart vigde, men let etter seg ei dotter: Kirsti Pedersdotter, døypt i Luster 26.6.1742 gifte seg i Luster 27.10.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/168 med Ole Olson, frå Bakka i Aurland, døypt i Aurland 18.5.1739, då mellombels busett hjå ein bror på nabogarden Bollingberg. Ole og Kirsti fekk ei dotter i Luster: * Anna Olsdotter, rimelegvis oppkalla etter mor hennar, døypt i Luster 7.9.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/71 So flytte Kirsti og Ole til Domkyrkjesokni i Bergen der endå ei dotter kom til verdi: * Ingeborg Olsdotter, døypt i Domkyrkja 5.11.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/70 Men so døydde Kirsti i Bergen og vart gravlagd frå Domkyrkja 15.11.1769, og 18.7.1770 døydde ogso dotteri Ingeborg. Kvar det sidan vart av Ole og dotteri Anna er ei kjempegåte! Er det i det heile mogeleg å finna eit svar på denne utfordringi? Kanskje gifte Ole seg att? Kanskje kalla han opp første kona si? Mor hans heitte Gro og kan òg ha vorte oppkalla? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.