Gå til innhold
Arkivverket

Søskeni Anders Olson (1833), Johanna (1837) og Johannes (1848) Johnson - frå Luster - utvandra til Buffalo Co., WI - utvandringsår for Anders og Johannes samt kvar vart det av Johannes?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Desse tre søskeni har skapt vanskar for meg, særleg broren Johannes og halvbroren Anders Olson:  Eg greidde ikkje løysa gåta for 40 år sidan, men kanskje er det mogeleg i dag?

 

Foreldri var Johannes Sølfestson (1802-1849) og Anna Olsdotter (1806-1869), plassfolk på Jervateigen under garden Bolstad i Luster!  Anders var ein son som Anna hadde «frå før»

 

Mellom borni deira var fleire som utvandra til Buffalo Co., WI:

 

* Sølfest «Sylvester» Johnson (1839-1901) - utvandra i 1866 og farma for det meste i Modena township, Buffalo Co., WI

 

* Endre «Andrew» Johnson (1839-1903) - utvandra i 1866 og farma i Nelson township, Buffalo Co., WI

 

Desse tvillingane har eg bra oversyn over, men so var det dei hine søskeni:

 

* Anders Olson, fødd i Luster 28.11.1833, utvandra til Amerika - årstal ukjend, men truleg kring 1870!? - gifte seg i Buffalo Co., WI 7.4.1875 med enkja Martha Christensdotteer (Ottum), men dei skilde lag etter kort tid og i 1880 farma Andrew Olson åleine i Modena township, Buffalo Co., WI der han d. 19.2.1912

FT1880 i Modena township «widowed»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-HV7

FT1910 i Modena township «widowed, emigrated 1864»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-S7M7

 

* Johanna Johnson, fødd i Luster 20.1.1837, utvandra til Amerika i 1873 og skal ha vore hushaldar ulike stadar i Buffalo Co., WI og d. ugift i Modena township 31.5.1917:

Find-a-grave: https://www.findagrave.com/memorial/150069785/johanne-eide

FT1900 i Modena township med sonen John Eide (1881-1931): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68D7-M35

FT1910 i Modena township med eldste sonen Christ og ættenamnet Eide: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-S7M7

 

* Johannes Johnson, fødd i Luster 15.5.1848, utvandra til Amerika - årstal ukjend, men truleg kring 1870!? - skal ha butt i lag med søsteri Johanna i Modena township, Buffalo Co., WI og d. truleg ugift kring 1915.

FT1880 i Modena township (alder 10 år feil!) med hin sonen til søsteri Johanna, Christen Eide (1858-1943): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-HPJ

 

Utfordringane mine her er følgjande:

 

** Utvandringsåret til Anders Olson?

 

** Utvandringsåret til Johannes Johannesson?

 

** Lagnaden og dødsfallet til Johannes Johannesson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anders Olson, fødd i Luster 28.11.1833, utvandra til Amerika - årstal ukjend, men truleg kring 1870!?

I 1900 er han ført sammen med søsteren Johanna og hennes sønn John. Immigrasjonsår er her oppgitt til 1868

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68D7-M35?i=15&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMMK9-7X3

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Johannes Johnson, fødd i Luster 15.5.1848, utvandra til Amerika - årstal ukjend, men truleg kring 1870!? - skal ha butt i lag med søsteri Johanna i Modena township, Buffalo Co., WI og d. truleg ugift kring 1915.

FT1880 i Modena township (alder 10 år feil!) med hin sonen til søsteri Johanna, Christen Eide (1858-1943): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-HPJ

Hvor er kilden til at Johannes emigrerte? Jeg spør fordi jeg finner en Johannes Johannessen Bolstad, født 1848 i Luster, gift 1.10.1878 i Herøy i Nordland,  med Elen Maria Larsdtr. Far: Johannes Sølfestsen. Konfirmert i Luster 5.7.1863. https://media.digitalarkivet.no/view/6672/270

Denne Johannes døde i Herøy 5.5.1920 https://media.digitalarkivet.no/view/2842/187

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

3 timer siden, Lars Johannessen skrev:

Hvor er kilden til at Johannes emigrerte? Jeg spør fordi jeg finner en Johannes Johannessen Bolstad, født 1848 i Luster, gift 1.10.1878 i Herøy i Nordland,  med Elen Maria Larsdtr. Far: Johannes Sølfestsen. Konfirmert i Luster 5.7.1863. https://media.digitalarkivet.no/view/6672/270

Denne Johannes døde i Herøy 5.5.1920 https://media.digitalarkivet.no/view/2842/187

 

Her er samme Johannes i FT1910 med fødselsdato 15.3.1848:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036903001993

Elen Marie i FT1920:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074245001178

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Lars Waaltorp skrev:

Her er samme Johannes i FT1910 med fødselsdato 15.3.1848:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036903001993

Elen Marie i FT1920:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074245001178

Og her er konfirmasjonen hans 5.7.1863, fødselsdato 15.5.1848 https://media.digitalarkivet.no/view/8402/113

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Eg er skikkeleg imponert over kva du, Lars J., har finne ut om denne huslyden!  Hjarteleg takk til både deg og Lars W. for spennande innlegg!  Det er ingen tvil at dette var den Johannes Johannesson Bolstad som busette seg i Herøy i Nordland, og eg har i kveld undersøkt denne huslyden nærare for å få dei inn i manuskriptet mitt!  Eg har lagt ut eit eige tema om saki!

 

Eg jobba ein del med denne huslyden, då eg vitja Amerika i 1979 eller 1982, og det var etterslekt etter anten Endre eller Sølfest som fortalte meg at søsteri Johanna budde i lag med bror sin i Modena township, Buffalo Co., WI, men at broren døydde før ho!  Eg har heile tidi gått ut ifrå det måtte vera yngste broren Johannes det var snakk om, sidan eg ikkje hadde finne nokon lagnad for han.  No syner det seg altso at det var hin broren, halvbroren Anders Olson, som budde i lag med Johanna i Modena township, Buffalo Co., WI, og han døydde nokre år før søsteri!

 

Eg er svært takksam for oppklaringi av denne gåta, so det som no står att å finna ut av, er:

 

** Utvandringsåret til Anders Olson?

 

I 1900 står det altso 1868, medan det i 1910 vert oppgjeve 1864!

 

Kan det kanskje vera denne karen som utvandra i 1867, alderen høver godt, og han skreiv seg Eide: https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000342013

 

Kanskje kan sjølve passasjerlista avsløra om dette er han me leiter etter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 hours ago, Lars E. Øyane said:

Kan det kanskje vera denne karen som utvandra i 1867, alderen høver godt, og han skreiv seg Eide: https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000342013

 

 

Anders Olsen Eide

 in the Canada, Arriving Passengers Lists, 1865-1935

Name:Anders Olsen Eide

Gender:Male

Arrival Age:33

Birth Year:abt 1834

Arrival Date:Jun 1867

Arrival Port:Canada

Vessel:Norden

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=Erb5&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=1263&gsfn=anders&gsfn_x=1&gsln_x=1&_F10CBFD6=norden&_F10CBFD6_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&gss=angs-d&pcat=40&fh=18&h=7207107&recoff=&ml_rpos=19&queryId=24d77517c54615d1e501f820a1cf2152

 

ScreenShot20210709at.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Anton for dei siste spennande innleggi!

 

Anders Olson er langt ifrå noko uvanleg namn i Luster, men eg har studert desse personane nærare, og eg er komen til; det MÅ vera «vår» Anders det her er snakk om, so med dette er denne utfordringi heilt løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.