Gå til innhold
Arkivverket

Synneva Pedersdotter Weberg - fødd i Hafslo i 1775 - levde i 1821 og 1827, men kvar vart det av ho?? - kan henda Sogndal eller Gulen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år vore på leiting etter denne jenta frå Hafslo.  Kanskje det no er på tide å finna ho att?

 

Synneva Pedersdotter Weberg, dotter husmann Peder Pederson Weberg (1738-1804) og kona Mari Olsdotter f. Haugen (1735-1810), vart døypt i Hafslo 23.7.1775.  I 1801 var ho tenestejente på Valaker i Hafslo, men ho var òg i live både i 1821 og 1827 utan at nokon bustad er oppgjeven.

 

Synneva hadde m.a. to søsken:

 

* Britha Pedersdotter (1772-1808) - gifte seg til Sogndal og budde der!

 

* Ole Pederson (1778-1809), var gift og budde på Veberg som innerst, men dei einaste to borni hans kom i ung alder til Gulen og voks opp der!  Kan henda hjå mosteri?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit utfordrande innlegg!

 

Synneva Pedersdotter Stueflaaten var fødd på Øvrebø i Hafslo og døypt 27.8.1775.  So ho er diverre ein annan person...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.