Gå til innhold
Arkivverket

Toppliste

Populært Innhold

Showing content with the highest reputation on 30. mars 2013 fra alle applikasjoner

  1. Aase R Sæther - Gloppen

    Lystløgnere i familien eller bare dårlig datakvalitet i arkivet?

    Fødselsdato var på langt nær så viktig informasjon for vanleg folk i 1910 som i dag. I dag brukar vi fødselsdatoen som identitetsbevis, det gjorde dei ikkje då, og dersom det t.d. var husfaren som blei brukt som informant om ein stor barneflokk er det ikkje sikkert han ropte ut til kona på kjøkenet og spurde kva som var rett dato, og då kan ein lett forstå kvaliteten på opplysningane - - og her kjem eg med ei kollektiv orsaking til dei mennene som har god greie på fødselsdatoane i familien; etter å ha laga 13 slektsbøker med totalt 8-10 000 etterkomarar etter tip-tip-oldeforeldra mine må eg nok fortelje at de er i mindretal ;-) Men spøk til side - fødselsdatoane i 1910-tellinga fortener ikkje å bli brukte som kjelde, til det er dei jamt over for upresise.
    4 Poeng
  2. Werner Kvalem Vesterås

    Tydehjelp: Fredrikstad, Ministerialbok nr. 2 (1750-1804), Trolovede 1791

    Anno 1791 den 12de August, blev i vores over verelse feste wiet, ungkarl Hendrich Larsøn med Pigen Helena Svends datter, og at Intet er hverken i henseende til Slægtskab Svogerskab eller ægteskabs løffte til andre, som dette deres ægteskab loveligen kand hindre, der for Caverer Wi undertegnede, og holder Sogne præsten hr Feiermann i alle maade Angreløss. Datum ut Supra Hans ??? Anders Svendsen
    1 Poeng
  3. Kari Aabelvik

    Eric Lawson, fødd i Sverige 19.11.1871, utvandra til Amerika i 1891? - opphavet hans?

    Erik Larssons far, Lars Johan Olofsson f. 1839,døde 23/2 1878. Mor giftet seg igjen i 1879 med Lars Johan Äng f. 1856. Hilsen Kari
    1 Poeng
  4. Aase R Sæther - Gloppen

    Balchen-slekten. De eldste slektsledd hva vet vi om dem og opphavet til Balchen navnet?

    Vi gler oss! Men sjølv om Lisbet skal vere over 80 år i 1683 treng ho ikkje vere fødd nær 1600 - heller ikkje i desse krinsar var vel overdriven alder ukjend - ? "Over 80" kan gjerne bety "haug-gammal"..
    1 Poeng
  5. Lars Rottem Krangnes

    Balchen-slekten. De eldste slektsledd hva vet vi om dem og opphavet til Balchen navnet?

    Det slår meg at Lisbeth Balchen ser ut til å ha vore MANGE år eldre enn ektemannen. Han var (Lampe I: 165, tilgjengeleg på nb.no) fødd i Bergen i 1619, medan Lisbet altså er sagt å vere "over 80 år" i 1683. Ekteskapet med Lisbet skal ha vara i kun 17 år då ektemannen døydde (Norske Magasin 2: 623, tilgjengeleg på nb.no) i 1672, dvs. sidan 1655. Dette opnar i høgste grad for minst eitt tidlegare ekteskap for Lisbet, og spor av dette kan også avsløre spor av Lisbets foreldre. Ekteskapet mellom Lisbet og Thomas ser ut til å ha blitt inngått omtrent samtidig med at Thomas Gilbertssøn Thamson blei prest til Hospitalet i Bergen (hausten 1654, iflg. same kjelde.) Vidare ser det av dokumenta i Norske innlegg ut til at Lisbet budde i eige hus enno i 1680, og dette huset kan det vere ho som evt. tok med seg inn i ekteskapet med Lisbet. Med andre ord kan det vere spor av eigedomstransaksjonar eller skatt knytta til eigedom i arkiva. Merker meg at Lisbets svigermor er kalla Margareta Berentsdatter Eng(e)sæter (Norske Magasin 2: 623/Lampe I: 165). Mest sannsynleg er det heilt tilfeldig at namnet Ber(e)nt kjem inn også her, men Lisbet og ektemannen kan ha vore i slekt. Ta det for det som det er verdt: Eit svært spekulativt utgangspunkt for vidare undersøkingar. Elles nemner Lampe at Thomas Thamson fekk ein kraftig bot av Domkapitlet for fyll, slagsmål og for å ha sove rusen ut hos vinhandlaren, såpass seint som i 1669, året før avtalen med Bernt Janssøn - så den aldrande Lisbet hadde fleire krevjande menn i familien. Du store, mens eg skriv dette oppdaga eg tilfeldigvis noko utruleg artig på nb.no...
    1 Poeng
  6. Ann-Mary Engum

    Martin Andreassen Minsaas f. 1865. Hvor ble det av ham?

    Legger lenke til emigrasjonen fra Trondheim i 1883. 39052 1883 209 11 3990 1 17.10.1883 17.10.1883 Anton Andreass. ug Arbeidsm m 20 Skogn Eau Claire Wisc Amerikan Dampsk Tasso Bill. bet. i Amerika 39053 1883 209 12 3991 17.10.1883 17.10.1883 Martin Andreass. ug Arbeidsm m 18 Skogn Eau Claire Wisc Amerikan Dampsk Tasso Bill. bet. i Amerika http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=EMITROND&gardpostnr=39053&merk=39053#ovre
    1 Poeng
  7. Karsten Damén

    Hjelp til å finne Inger Anna Andersen i Danmark?

    I Københavns Politis registerblade står følgende: Oplysninger om registerbladet Udfyldelsesdato: 1-11-1917 Personer Hovedperson Inger Anna Andersen , 14-12-1859 , Norge, Trondhjem , død 8-12-1920 Barn Herdis, 21-12-1913 Adresser 1-11-1917: Fra Aarhus til Adelgade 39 , Forhuset , 2. 1-11-1918: Husvildeafdelingen,, Sankt Hans Gade 25 1-11-1918: Oehlenschlægersgade 49 , 4. 1-5-1919: Ingerslevsgade 144 , 4. 1-11-1919: Hedebygade 9 A , stuen 1-5-1920: Ingerslevsgade 144 , 4. Herdis kan jo næppe være hendes datter? Karsten
    1 Poeng
  8. Lars Rottem Krangnes

    Balchen-slekten. De eldste slektsledd hva vet vi om dem og opphavet til Balchen navnet?

    Her får vi forklaringa på dette, Rune! :-) Kva var skyldskapen mellom Bernt Janssøn og/eller Lisbet Balchen til syskena Oluf Mogenssøn og Karen Mogensdatter i Sunnfjord, og mellom ein eller fleire av desse og Karen Cortsdatter? Når Lisbet fekk skrive testamentet (1) i 1677, var både Tomas og Bernt døde, og ettersom dend døde ey kand Arfve dend Lefvende, og ho allereie hadde skifta og delt med mannens arvingar, visste ho ingen nærare arvingar som bør at Kand Arfue mig, forutan Oluff Monßsen udj Sundfior og syster hans, Karen Sl: Hr Jacobs udj førdøe eller hendiß Børn, og Sl: Doctor Cortz datter Nemblig Karen Cortzdatter. Dei var alle mine Sødschende børn lige nær paa fæderne Siden. Dette inneber at Lisbets far hadde to sysken med etterkomarar. Karen Cortsdatter på den eine sida og Sunnfjord-syskena på den andre, dei må ha vore syskenbarn med kvarandre, slik dei var med Lisbet. Her må ein sjekke arvetalet i Kristian 4.s lov for å slå fast kva som skulle til for at Bernt som fetter på morsida tok arv før kusiner og fetter på farsida. Eg mistenkjer det er kvinneledd og kanskje sammødra halvsysken inne i biletet her, men det får andre sjekke i denne omgang. I påteikninga på testamentet (1), dagsett Bergen 19. januar 1680, vart vitna, magister Jens Hoffmann til Korskyrkja og hans medtenar herr Jens Jonassøn, bedne om å skriftleg stadfeste om dei iche self i egne Persohner hafuer hørt dend gudfrygtige Matrones Eegne ord og beKiendelße, da hun samme forbemelte sit Arfue brev udgaf. Påteikninga er underteikna Elße Jacobs daatter, på min Kiere morbroder Ole Mogensens, og mine Sødschendiß sampt min Eegen Veigne. Vi kan dermed slå fast at det i 1680 var minst to Sødschen i live i tillegg til Else. Sidan ho opererer på eigne og syskenas vegner, må vi gå ut frå at mor hennar, Karen Mogensdatter, var død på dette tidspunktet. Ytterlegare ei påteikning på testamentet (1), frå 20. januar 1680, fortel at Hoffman og Jens Jonassøn stadfestar at dei var i Lisbets eget Huuß både tilforn og den 4. august [1679?], og at ho då kalla Oluf Mogenßen og Karen Mogens datter og deriß børn sine rette arvingar. På innstillinga til Magnus Jacobssøns søknad (4, 1683) heiter det at ingen andre arvingar er att utan han og hans søsken. Dette impliserer, om det er riktig, at morbroren og hans eventuelle livsarvingar ikkje lenger var i live. Opplysinga er henta frå søknaden (5). Karen Cortsdatter var i live, eller Lisbet trudde ho var det, då testamentet vart skrive i 1677. I 1683 heiter det i Magnus Jacobssøns søknad (5) at ho siden for lengst var død. Ho hadde neppe livsarvingar. Ho kan ha vore ugift og budd i Bergen, sidan ho er kalla Sl: Doctor Cortz datter og stad ikkje er nemnt – medan syskenbarna i Sunnfjord er omtalt som Oluff Monßsen udj Sundfior og Karen Sl: Hr Jacobs udj førdøe. Lisbet Balchen (evt. saman med Oluf og Karen) kan faktisk sjølv ha arva Karen Cortsdatter, som openbart døydde før Lisbet.
    1 Poeng
Denne topplisten er satt til Oslo/GMT+01:00
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.