19 .... Matr. No gl 22/nyt 20 LNo 72 i Indvigens Thing
dette er i 1869, altså mellom 1838 og 1886, då det kom nye matriklar.
"Nytt" Mnr. og løpenr var altså etter 1838-matrikkelen, "gammalt" Mnr. var frå før 1838.
I 1838 var det sju bruk under Myklebostad, med løpenr. frå 67 til 72.
https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste1838.aspx?knr=1447&nmnr=020
I 1886 vart matrikkelnr. erstatta av gardsnr. (og Myklebost vart gnr. 22), og løpenr vart erstatta av bruksnr. (Lnr 72b var til bnr. 7)
https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1447&gnr=22
Nummersystemet frå 1886 er framleis i bruk - bortsett frå at endra kommunegrenser har ført til forskyving i gardsnr.
Det gjer at Myklebost i dag har gnr.102
I 1838 hadde Melkevoll Løpenr. 66 og låg under Sundal, (nytt) mnr.19, gammalt mnr.18
https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste1838.aspx?knr=1447&nmnr=019
I 1886 hadde det tydelegvis sjedd nokre endringar ved at
Melkevoll hadde Lnr.66 (frå Sundal Mnr. 19) og 72a (frå Myklebost Mnr.20) - altså ei deling av Lnr.72 og samanslåing.
Bruket fekk eige gardsnr. 21 (i dag 101)
https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1447&gnr=21
Dette med nr.76 trur eg det er du som må forklare - for det står ikkje her. Kan det vere feil skøyte du har funne?