BB Askvoll - Loftheim:
"Ole Gregoriussen Hestad i Gaular, br. begge 1783-89, 2 p. til 96, g. 1787 enke Annikke Marie Rokling (enke e. Anders Sjurson Sande i Gaular, Gaularboki s. 274. Ole og Annikka flytta til Askvoll prestegard, husmann og daglønsarbeider i 1801 der. Fosterdotteri var ei systerdotter, dotter til Annikke Rokling. Kona hans Marie Aslaksdtr Gasmann" (Eg veit ikkje om det er eg som er for trøytt, men eg er litt usikker korleis vi skal tolke den siste setninga, men det står i alle fall slik.)
BB Askvoll om Stubseid:
"Bonde Bertel Rasmusson Størdal d. 1857 81 år, g. 1803 Marie Dorthea Aslaksdtr Gasman, oppfostra på Loftheim. (Foreldre Aslak Gasman og ? Meidel. Ho d. 1847, 63 år." Oppgitt 6 barn f. 1803 - 1822.
BB Askvoll om Askvoll prestegard:
"Ole Gregoriusson Hestad, f. i Gaular, budde på Loftheim frå 1783 husm. her 1796, d. 1815, 71 år. Kona Anikke Marie f. Rokling, d. 1804, 78 år. Ei fosterdotter tente hjå presten." Så er det oppført at fosterdottera Marie Aslaksdtr Gasman som var i teneste hos presten i 1801, var 20 år, og blei gift i 1803 med Bertel Rasmusson Størdal, som var 24 år og også hadde teneste hos presten.
Det kan då sjå ut som om svaret kan vere å finne i BB Gaular.
mvh Egil