Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for nye spennande innlegg om desse brørne. Det ser ut til at Ingebrigt Ingebrigtsen no er "komplett", bortsett ifrå at me ikkje finn noko meir om første mannen hennar Janiche, Geert Riim. Det spørs om han har vore nederlendar og berre "forsvann", like plutseleg som han dukka opp...?
Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt for dei fire brørne:
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
a. Ole Ingebrigtson, døypt i Sogndal 28.9.1790, d. som almisselem i Bergen 10.9.1846. Ole flytte som hoboist (soldat) til Bergen der han 30.8.1818 gifte seg med Anna Johanne Johannesdotter, f. i Bergen 23.11.1793. Ho d.
##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)
Ole var i mange år militærmusikar (hoboist og janitsjar), men tok kring 1830 til som dagarbeidar i Bergen der han og Anna budde levetidi ut. Dei fekk ni born i lag.
b. Einer Ingebrigtson, døypt i Sogndal 12.8.1792, d. som daglønnar i Bergen 3.2.1855. Einer flytte som musketer (soldat) til Bergen der han 22.10.1820 gifte seg Christina Marie Olsdotter, f. i Bergen 6.11.1792. Ho d.
##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1855)
Einer var i mange år glasmeisterarbeidar, men vart frå kring 1840 dagarbeidar i Bergen der han og Christina budde levetidi ut. Dei fekk sju born i lag.
c. Ingebrigt Ingebrigtson, døypt i Sogndal 19.12.1802, d. som bøkkermeister i Bergen 14.6.1868. Ingebrigt gifte seg i Bergen 23.8.1829 med Janiche Martine Mikkelsdotter Jansen, f. i Bergen 27.8.1790. Ho gifte seg første gongen i Bergen 10.2.1813 med Geert Riim, ein styrmann, som me ikkje kjenner opphavet til. Geert forsvann kring 1818, og lagnaden hans er ukjend. Ho d. i Bergen 18.9.1867. Ingebrigt var ei tid konstabel, men vart sidan bøkkermeister. Han og Janiche budde for det meste i Bergen og fekk tre born i lag, men Janiche hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.
d. Peder Nicolai Ingebrigtson, døypt i Sogndal 20.9.1807, d.
##### (dato og stad for dødsfallet hans?)
Peder flytte i 1825 til Bergen, men gifte seg i Dverberg 18.1.1839 med Nicoline Kirstine Pedersdotter Myhre, døypt i Dverberg 16.3.1806. Ho d.
##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)
Peder var ei tid innerst på Sellevold i Dverberg og sidan dagarbeidar i Bergen, men lagnaden deira etter 1842 er ukjend. Dei fekk to born i lag.
##### (born:
* Elisabeth Birgitte Edia f. Dverberg 26.7.1839
* Ludvig Martin f. Bergen 20.7.1842 – konf. i Bergen, men flytte til Lenvik i Troms!)
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Eg er alt kjempenøgd med utsjånaden på dette manuskriptet, men vil sjllvsagt gleda meg over eventuelle tilleggsopplyningar!
Med venleg helsing,
Lars E. Øyane